I ungdommen

av Olav Duun

Gravøle


I.

235Astri og Odin vart ståande side om side, da det skulde stellast til gravøl. Det vart eit tak, for det måtte gå fort no i sommarvarmen. Andrea og Otte kom utover, men dei var meir til stelp enn til hjelp. – Det hadde gått radig det her, hadde ikkje vi vore i vegen, sa Otte med Ola Håberg, han kom dit og skulde stå for og vera vert. Bedinga fall på han. Det skulde ikkje bedast mange, tykte han; det var ikkje mange att no som mintes Åsel. Men Odin sa dei skulde hit like vel, ei fjølld med folk som i gamal tid; dei skulde minnast henne enten dei vilde eller ikkje. Ola lo, men han rista på hovude. Da tok Astri frami: – Enten stort gravøl, hell så ikkje noko. Det var meininga hennar farmor, var det ikkje det, Odin? – Jau visst; og ingen tvilar på det heller. Da lo Ola att; De dreg i beite saman, de to. Søster og bror rettelig – – det var ikkje for under det gjekk som det gjorde! Dei raudna til med det same, men kom seg fort over det. Det var einaste gongen den eine merka at den andre 236kom i hug det som hadde hendt dem den morgonen nyst.

Midt i ståke slo det ned på Odin, dagen før likferda, slik stilla slår ned eit lite tak midt i rytande stormkvelden somtid: Enn du da, som må stå fram og halde tale ved båra! Han fekk ein liten klemm for bringa, han vart både redd og forundra. – Ja ja, det skal no ikkje skje da, sa han. Eg skal vel ikkje stemme blode i folk i gravøle hennar mormor? Men otten vart sittande att, slik han gjorde med han var småguten og såg ormen gjømte seg under tuva.

Sundagsmorgonen i god tid tok gjestene til å komma, innpå hundre menneskje. Dei skulde ha frukost i likferdsgaren. Dei kom i stor høgtid. Det var ikkje som det pla vera, og folk var lite vant med gjestebod no for tida. Sjølve vêre var høgtidsamt i dag. Ikkje var det sol, og ikkje var det skugge, det sov ein linn, blålig lett millom fjella, over liane og grasvollen og kor ein såg, ein skulde tru ein var i ei anna bygd. Ikkje rørte det seg eit andedrag av vind. Og rundt omkring dem var det Håberg, og det var ein stor og still gar, ein frammand gar for dem å kalle, han såg på den som kom, tala til han og tyngde på han.

Odin stod og la merke til dem. Kvar ein og ei kjente han, og kvar ny rukka i andleta deira vart han vâr. Dei var hans folk. Endelig hørte han ein som manna seg opp: Ja, no er ho Åsel borte da. – Ja-a, sanna det med. – Åja; ho var no gammal da. Og liksom ei ifrå gammaltida, 237eller kva eg skal kalle det. Det kom ikkje noko svar på det, dei hadde komme i snakk om vêre no.

Odin går ut i kammerse, der Ola Håberg vakar over forgongsfolke og maten. Han smiler:

«Har du sjett dem, du?»

«Kem da?»

«Folkje. Dem sjer mæ ut som dem skuld ha snakka ondt om a mormor nyst. Dem skjemmest tå at ho bad dem hit lel, sjer du ikkj det?»

Ola ler, djupt innvendig nokonstads, det er som bekken under snøen. Da hardnar Odin til over auga:

«Du fliri no åt alt i hop, du!»

Ola lo enda, men han var elles ålvorsam nok for det: Odin skulde ha takk for dei orda, det hadde han venta seg av han ja! Og litt etter la han til: Eg trudde jamisel du vart gåande her til du vart maken min, eg. Hm-hm! Men du har stelt deg som ein fåne, kor som er! Eller så må eg ha komme eit hundreår for tidlig til verda. Men stå ikkje her og heft meg bort, i dag har eg gudskjelov anna å tenke på.

Odin stod og såg gjenom kammersdøra, på folke inni stua. Da snudde han seg til Ola med ein grøss, og viste den vegen med hovude:

«Æ trur æ e dømt te dem dêr. Te folkje.»

«Jaha, gut!» smilte Ola. Han skjein av blanke vondskapen.

Han hadde same smilen da han kom inn i stua og skulde be til bords. Ingen vilde sette seg først, og ingen øverst, det var det gamle vise; 238men klokka var mange alt. Da ropar Ola ut over stua og sett kvekken i dem: Per Lines, her er romme ditt! Arthur og Mina, sett dykk hit! og Otte og Andrea! Og du. Iver Vennestad, her! Du Kal Lauvset, her, og har du kona di for handa, så tak a med deg!

Slik tok han dem mann for mann, så visshendt, etter alder og ætt og kva det no kunde vera, romme deira stod der, og rett var det visst. Det kom så stups på dem, dei var i sige framåt før dei fekk tenkt på det, og Ola stod med klokka i handa.

Odin sat langt nede og gledde seg over folk: dei var på Håberg denne gongen. Slik skulde det vera, men slik kunde det aldri bli meir. – Den som hadde vore til for hundre år sia! sa han med grannen sin. – Ja, seier du det? – Berre ei lita stund, berre, meinte eg. Eg trur det var annan song i lage den tida. – Hm, ja.

Elles stod frukosten stilt av seg, og stilt bar dei kista inn. Ola Håberg skulde synge ut like, for nyklokkaren var vekkreist.

Da han var ferdig med fadervåre, steig Odin fram til kista. Folk gav det ikkje større ans, og ikkje Ola heller, dei vilde i gang med salmeverse. Einkvart lite heldt dem att, og no såg dei Odin stod der, og dei visste det med det same, at han tenkte å seie noko, at han vilde tale. Han såg ut som elles, han var ikkje bleik ein gong, og auga hans fór over dem som snarast, kjente på dem 239og fór ifrå dem; det vanta han visst ikkje noko, men tale vilde han. No la han i veg!

Astri hadde vorte bleik, og tok handa til Lauris. Ho såg folk skjein i andlete, men auga var sløkt i dem, slik undrast dei og skjemtes dei på hans part. Einast Ola Håberg stod som den han pla vera.

Odin la nevane over salmeboka framfor seg, og tale høgt og ålvorsamt: Farvel, mormor! Eg seier deg takk ifrå Håberg. Du veit kva eg meiner med det. Eg fekk ikkje seie deg det med du levde. Eg seier deg takk ifrå alle her. Dei fekk heller ikkje seie deg det. Og du heldt ingen vond for det. Det er det vi vil takke deg mest for, at du heldt ingen vond. Du var eldre enn dei andre; ein mannsalder eldre var du, og enda var du yngre enn dei yngste tå oss når det stod om. Du var den siste som hadde ro i deg sjøl; du kunde sitte her og vera den du var; du tevla ikkje med nokon. Og enda var du meir full av uro for framtida enn nokon annan, du såg henne for deg støtt. Eller slik vil eg seie det: Du såg det som hadde vore, og du såg det som burde bli. Det var undring det som lyste omkring deg. Var det derfor du fekk gå ifrå oss no, at du skulde sleppe å sjå kor lite her blir? Eg trur det ikkje, vi trur det ikkje nokon tå oss, for da synda vi imot deg.

No ein augeblink såg dei at Odin hadde vorte bleik. Men andlet for andlet løyste på seg og vart som dei pla vera att. Det var ikkje ulikt ei 240pine som hadde gått over dem og hadde slept dem. Dei hørte på han no. Eit og anna andlete borti stua sanna enda med han, og nokre togg på det han sa; og her og der var det eitt som fritt og ope ønska han gjekk ifrå seg reint og hamna borti hør og heim.

Astri såg dem der ho stod. Ho syntes ho drømte dem.

Odin kjente dem berre på seg, som eit lite løft i seg. Han kremta så trygt: – Men vi står att. Vi synes vi burde seie at ditt folk skal vera mitt folk og din gud skal vera min gud. Men vi kan det ikkje; ikkje på lenge enno. Men eitt eller anna lovar vi, her vi står; eg trur ikkje mindre om nokon tå oss. Og auga dine, dei blir med oss, – mange av oss ja. Dei er milde og gode, men dei er etter oss og spør. Dei undres på kva vi vil, og dei undres at vi slær oss til ro. Du var så lita, du var så ottefull og uviss når du såg etter oss; eit menneske var du. Du visste ikkje det eingong, at bygda minka da du gjekk bort. Du sat utanfor bygda, men her blir tomt etter deg like vel.

Så unner vi deg freden som du aldri unte deg sjøl. Og oss ønsker eg den uroa som du hadde for oss. Far vel!

Odin hadde fått att hamleten sin. No slo han auga ned.

Folk vart ivrige etter å synge og ta kista. Dei song sterkt, mange. Mange var det òg som 241gret, no da dei bar henne ut. – Jøss for ein snørlur! hørte Odin bakom seg da dei var uti gangen. Men dei andre dei song. Dei vart borte så godt dei kunde i den gamle liksongstonen, såg han; og Astri med dem.

Men ute hadde godvêrsdagen stråla fullt fram. Skyene var berre kvite små fjører som seglde oppi blånaen over fjella og skjein. Lauvlia stod i sola og blunda. Dormande grønglans all vegen innetter. Så kom vinden. Tre for tre vakna til og blakra, somna inn og vektes opp att; det gjekk i lysnande bårer austover.

Odin undrast med han såg det: Er det slik, eller er det berre inni meg det bårar? Er det berre draumen det eg ser? Kvifor var dei så ursmåe alle i hop, no med han såg på dem, og så langt unna? For dei hadde da ikkje sett slik ut før her; dei hadde vore ein dyrverdig ting.

No svinga kista om stu’nova. Da snudde han seg og såg etter einkvan, etter Astri eller Ola, men dei var oppi det med å komma avstad. Der var ingen å seie det med, og det same kunde det vera, men slik var det: Ikkje husa og ikkje gåren eller nokon ting såg etter Åsel der ho fór, visste ikkje av det ein gong, det var berre sommarvinden som bladde i lauve nedi hagen, og folk som budde seg og skulde vera med til kirka.

Einast eitt andlet var der millom dei andre, som hadde ein liten draum for seg, eit unggjenteandlct; det var bleiklett og fint så det lyste imot 242han, og no kjente det han. Og han kjente det; det råkte han med ein liten styng under bringa. Det var henne, men han kom ikkje på kven det var. Og ho var det som hadde sett på han og gjort han bleik da han stod framved kista, no kom han i hug det. Det var henne han drømte om med han var liten, gong og annan, den raraste draumen av dei alle han hadde havt, og da fekk dagen etter så rar ein lett. Ja ja, men no måtte han til kirka.

Det skreid stilt i veg, bakke og sving opp til kirkegaren, ei lang, lang rad med svartklædd folk i solskine. Odin fekk ein skjelv i seg da klokka tok imot dem. Han såg seg rundt, om dei andre og merka det. Men det kunde han ikkje sjå. Som snarast syntes han at han var uti marka og eventyre att, ei veglaus lengd borte frå bygda og kristenfolke; dei hadde gått ifrå han og glømt han der, midt i solskine og rikdommen. Da såg han at ho gjekk der. Ho løfta augelokka og såg på han, og da var dei to om det.

Og elles: når han hørte på klokka litt, så var det ikkje farlig måle i henne, ein vakker tone, ein som folk trong når det skulde bli høgtid. Det kunde komma den tida og, at ein ikkje hørte henne, skikkelig, – at ein sa som han gamle hedningen dei fortalt om, ein frå Juvika: «No klinka dem på malmen i kjerka, no val æg ha mæg ein dram!» Så lodden var den karen. Og så mager 243kunde bygda gjera ein, kan hende? Og bygda den var han dømt til.

Presten tala ved grava. Han gjorde det vakkert, og folk stod trygge og Gud i vald og hørte på. Det var gildt å sjå dem når dei stod slik.

Og slik gjekk dei ifrå kirka att, og inn på Håberg. Men der løyste den eine seg snart ut ifrå den andre, det kvikna til i alle andleta, kvikna til heile stua over, til det stod i ein vertsskaps-surr omkring ein da dei sat ved borde. – Du sitt og godgjer deg du, meiner eg? sa Ola Håberg, han kom sigande framom og slo Odin på aksla. Odin såg opp: Eg gjer kanskje det? Eg kjem i hug noko som ein sa ein gong: Her er mykje og fagert folk samla. Var ikkje det vakkert? – Jau da, sei det! du skal så visst ha takk! For appetit på folk, det er just det ein må ha. Ja, og takk for talen! Du snakka halvvore som ein gjætargut utant marka, det forstår seg, men det gjorde godt der det kom.

Odin hørte ikkje etter, for nedmed nedste bordenden sat ho. Han hadde glømt henne for folk i kring seg, dei var så mange og så kjente, men no tok det han under bringa med fullt tak. I det same kjente han att henne. Det var henne frå Nordland som han kollseglde i lag med den gongen på marknasferda. Så fint måtte det andlete bli ja, det hadde han visst heile tida; slik frammand kom ho til å sjå ut ein gong. Ho hadde brune auga, 244og blanke. All verda spegla seg i dem, og da vart ho ny.

Han såg ikkje nedover meir dit ho sat, han såg henne like godt utan, og dertil kom det for han det var ulovlig imot henne, det var eit rov å kalle.

Da hørte han det sa på andre sida til seg: Kva er det for slag du ser borti veggen, Odin?

Det var Astri; han hadde glømt han hadde henne til bordkammerat på den handa. – Kva eg ser for noko? sa han. Eg ser Havfrua mi, vil du endelig vita det. – Borti veggen? – Nei der! han viste med hovude nedover til bordenden. Eg visste da ho kom ein gong, la han til. Men eg heldt på og glømte det lel, somtid. – Ja ha; ho er vakker, ho der.

Han merka at Astri såg vel på henne, og at ho fór over han med det same. Han snudde seg og såg henne i auga. Dei såg på einannan til dei smilte, og enda ei stund, to godforlikte ungar. Han syntes det lettna ei sky frå andlete til Astri. – Ja ha, sa han; no har da vi to snakkast ved og gjort opp oss imillom, ikkje sant? Ho nikka, og let auga gå nedover til bordenden att. – Lat meg sjå det! sa ho. At det blir ålvor tå eingong. – Ja, men ikkje i dag. Det hastar aldri med meg, i nokon ting. Folk elles, dei ligg i det, ser eg, kvar på sitt vis, og rettno får eg det visst eg òg, men hastar gjer det ikkje.

245Han merka at Astri ikkje hørte på han. Ho snakka med Lauris.

Lauris bad med seg Odin opp på eit av lofta da dei var ferdig ved borde, han vilde skjenke han ein dram, for slikt var der ikkje i gjestebode. Det vart elles to, og dei var dryge. Da ser Odin på Lauris og ler: Du går og skapar deg til som ein uven, du. Men eg trur ikkje på det. – Nei, du tykkjer du er såpass til kar?

Han har ormeauga, tenkte Odin, men han såg inn i dem utan å blunke. Dei satt ei stund enda, men dei kom ikkje i snakk. – Nei, eg vil ned og snakke med folke eg, sa Odin. Ei veikje var der og, eg skulde ha helsa på, – ei stas-skute, skal eg fortele deg, med silkesegl og sæle stunder, som det står.

Lauris leita opp Astri. – Har du snakka med han no? spurte ho. – Nei, det vart ikkje noko tå, det trur eg heller du må gjera. Snakkar du som du skal til han, så går det. For kva vil han med den garparten her? Og utan den gjer vi lite med dei to andre, det veit du, det vart ikkje Håberg det, – du får gjera deg tynn!

Astri beit seg i leppa og tagde. – Kan eg ikkje sleppe da? bad ho, litt hadde vore. For eg er så lite hjarta på det. – Du er no den lel, som veit kva Håberg er verdt? Eg, eg er berre ein jektlyr og ein rekafant. for han, det merkar du vel?

Først fór der ein gråna over andlete hennar, 246og munnen drog seg til for ein vond smak. Så ser ho forundra på Lauris: For han, seier du? Han som berre går og apar etter deg? Ja ja; eg skal gjera det. Når du bed meg. Håberg – – må eg vel kunne skaffe deg, mumlar ho.

I millomtida gjekk Odin frå flokk til flokk og snakka med folk. Dei visste ikkje kva dei skulde seie, men det visste han, for han fekk det til givings etter kvart, syntes han. Berre ein to-tre ord for spøk, og ein liten lått, så var han tett inn i millom dem: Eg skulde ha snakka om vêre, eg òg, men eg veit ikkje kva eg skal seie om det? Blir det for tørt, eller blir det for vått? – – Og no skal vi beta sund Håberg da. For det at De skal bli største garmannen i bygda heretter. Stua ho skal stå ja, men no skal ho hyse to eigarar. Den tredje garmannen? det blir eg det. Så spurte han ålvorlig og vart svara ålvorlig: Gav eg for mykje for parten min? – Nei, var det likt. Dei var ein tre fire som vilde gi han meir visst han selde.

Da er det ein som seier: Men gjorde ho ikkje gale, ho mormor di, at ho beta sund gåren slik? Og dei andre tok i med: Det var gale. Ho var for gammal. Det var ei bakvendt åtferd, ja.

Odin avlettast i kinna da han hørte det. Så ser han opp, og rundt på kvar ein av dem, og da er han blenkande lys i auga, han er glad:

«Nei, det va rett, va det! Det va rett som ho gjord det, obetinget! At æ ikkj såg det før!

247Ho va så ålein’ da a død’ – – æ skuld ha sagt a eit ord!»

Han vart vâr at det tagde i kring han, og da gav han seg til og såg etter henne. Ho sat nedmed døra, kom det for han, for der var det ein kjole som var ansles svart enn dei andre, det reint lyste av han. Men namne hennar var borte for han, og hjarte dulpa i veg som når han freista Vårherre med ulaglig segling eller anna gapverk. Han såg nedover og lo: Nei men sjå den fine dama der da! Berre silke og alabaster! ho der må eg avstad og helse på. – Ja, kva var det der for ei silkedokke? – Det må han vita som har skapt henne!

Og no gjekk han.

Ho forandrast i andlete da han kom, utan ho såg opp, og reiste seg. Ho såg på han som all snarast og helsa. – Og takk for sist! la ho til.

Det var no ein våtvoren gong, sist! lo han, og ein vev med lystige ord stod for han, men han sa dem ikkje. I staden såg han på henne, for no kunde han ikkje la det vera. Mina var der, han merka det så vidt, og folk omkring dem var som ein skog som gjorde det stilt og godt.

«Jaså, du kom sørover like vel da?» sa han.

Han gjekk ut. Han måtte under berr himmel Det var mange som hadde leita ut. Vêre var ikkje til å vera inne i, tykte dei, det var mest for mykje til godvêr. Lufta smaka søtt av blom og 248lauv, og nedi hagen og alt enge bortgjenom var det i ein humlesong. Store skyer stod over fjella i sør, blågråe i botnen og lyse som solgylt snø i kantane. Bygda vart sovande still nedunder dem. Det var ein utleita fin dag.

Men Odin snudde; han vilde inn og få henne med ut. I det same kom Astri. Han såg straks ho vilde han einkvart, og gav seg tida. – Skal du slå deg for her no da? seier ho. – Ja, det kjem an på, san. – Det skal du ikkje, Odin!

Ho raudna med det same ho hadde sagt det, og auga vilde ikkje stå imot hans, ho blunka kringt nokre gonger, tok seg så på tak att og smilte: ja eg skal seie det beint ut som det er, at Håberg – – vil eg ha! Og Håberg, det er heile garen det. Men det er sant lel, Odin, at du skal ikkje gro fast her. Skal du bli det du er tenkt til, så må du ut. – Over de høie fjelde da, eller –? – Du veit det der sjøl òg, Odin! – Ja ja. Men kva er eg tenkt til da, når vi skal seie det beint ut?

Ho såg både forundra og hånlig på han: Snakk ikkje tøv no! Du som er diktar; for det er det du er, og det veit du. – Det veit eg vel. Men det er så rart: Eg er meir enn det. – Meir? – Ja, eg sa det. Eg vil dikte henne om; – bygda her, skjønner du. Eg vil dikte bygda. Eg vil bite meg fast her og gå laus på henne, eg vil ha henne ansles. Eg har gått og dikta på henne all min dag. Dikte, slik du meiner det, det er ikkje anna enn å drøyme, det, eg vil heller leva – ja ti 249still og høyr på meg no! Einkvan må da i hop med henne, med folke og all ting, – har du sett så mykje bra folk for deg nokonstads? og ingen veg kjem dei. Eg vil snu dem hit eller dit. Og så vil eg leva, som sagt; det andre, det seier eg ifrå meg!

«E du gælin da, Odin?»

«Ja, no e æ besætt. No kasta æ lodde, no går æ over bekkjen, i denne dag!» Og da ho berre stod still og såg på han, la han til, ålvorsamt midt i fliren: «Æ e dømt.»

«Jaså ja. Det dér e du. Du bli minder og minder du. Minder og minder.»

Odin ser på henne med galningsrukker millom brunene. Kåte tankar fer i sol og skugge over andlete på han. Så seier han: Har du glømt den natta, du, da vi gjekk her bortetter vegane toeina, –da ho mor var død? Kor nær oss døden var den gongen, hm? Berre ein liten vegstubb dit. Da vilde du leva. For meg var det mindre om å gjera. Men no vil eg til; no er det live som er her, høyrer du ikkje folke? og sommaren og alt i hop? Det var litegrand bågt for meg, her eit tak, å finne fotfeste eller kva eg skal kalle det, for slekta vår hadde mista det. Du var vissare på vegen, der du fór, det har eg sett all tida.

Same drage veks fram i andlete hoss henne med, det tira eit ungt mot i auga, og den mjuke nakken han rettar seg, – slik hadde han kjent 250det ein gong før òg, at han vart glad så det båra gjenom han, for det ho var til. Men Astri kjem tvert framgjenom det, står og ser på han, utan blunk. – Skal vi rive sund gåren her no da? – Vi får vel til med det. – Du er ikkje slik ei sål, Odin? At du hører etter ei som var for gammal, som berre rasa i feigda? Du kunde no sele oss din part lel?

Han kunde ikkje ta auga ifrå henne, ho var så storveges til skapning der ho stod. – Eg ser det no, Astri, kor mykje det er om å gjera for deg. Og for deg kunde eg ha gjort det. Kunde eg ha gjort mangt ja. Men ho mormor forbyd oss det. – Ho som er borte! – Ho er ikkje borte. Ho er her. Inni meg og deg og kor du vil.

Ho rista på hovude, det var som ho hørte på eit barn. Ho står ei stund og ser ned. Så raudnar ho:

«Har du ikkj vøri så pass gla ti mæ da – – at det bli ondt å vera her?»

«Jau, men. Jau, det ska Vår herre vetta. Det kund æ dikt om ja. Har gjort det ò; mang ein vakker stubb. Men det e ikkj nok; æ må tål det.»

«Jaså, det ska vera krig da?» – ho gjekk ifrå han.

Ein smal rygg, ein eiande mjuk og yndig skapna, men ho såg ut for ein fiende der ho gjekk; han kunde ha stryke henne nedetter nakken eller ryggen. – Så sitt da ikkje ho og drøymer, sa han. Eg er glad i dem som ikkje drøymer. Ja visst, 251ei sat der og drømte, og det straks innom døra her, men ho drømte om han, og gjorde ho det ikkje, så skulde det bli no snart, – han strauk seg hastig gjenom håre, for han var berrhua. Eg skal inn og få tak i henne, skal eg!

På trammen og i gangen møtte han heile straumen, dei hadde drukke kaffeen og kom og skulde ut for ålvor. Han dulta dem i magen eller braut seg fram millom dem med makt, han syntes han var sjølve gleda som braut seg inn på nedtyngd folk. – Jaså, du er ein motstandar du, Ola Engdalen? Akt deg for det, far, for det her er eg! – At De skulde vera så mett! lo han til mannen frå Vika, – mette folk er berre i vegen. – Veit De kva eit gamlehjem er, Petter Ramset? Ikkje det nei, men De skal hjelpe meg å ha opp eit. –No i kveld? Nei! – Ja, nei seier De støtt, så vi skal alltid bli einige. – Ja du følger straumen du, sa han til ein jamnaldring, det ser ut som det er din natur.

Slik var han borti dem heile vegen, og høvelig hardhendt ofte, men aldri så det gjorde noko, han var dem så ung og lystig ein galning: snakk ikkje om han Odin! For han meinte ikkje noko med det, syntes somme. Og så er det liksom han meiner einkvart, var det andre som syntes. – Berre han veks rette vegen, sa gamle Helmer Hagan. – Kva veg er no det? er det din eller hans? lo ein tå Pålneskarane.

Det var ikkje mange i stua da han kom inn. 252Kvinnfolka hadde skokka seg åt Øysterstu’n, for det meste. Odin stod bakved borde og drakk kaffeen sin. Oppvartningsgjentene sveiv inn og ut, med raude kinn og kvite forklæ, det lukta sveitte av dem. Henne såg han ikkje noko til, men Ingri var det visst ho heitte. Da kom Ola framom han på rundturen sin. – Du står og tenker du, trur eg; du står gjerne og kjem på noko slag?

Odin ser forundra opp: Ja, eg stod og kom på noko, det er sant det. Men eg må heilt attende til Kjelvikmarka og den tida, skal eg få farten i meg til å sette i veg med det. Han skjemmest ved det, blir raud og vil vekk. Så ler han: Nei, eg hører berre solskine og fuglen, og så ‘n Bendek, – men da er eg ikkje å lite på lenger!

Han var på og vilde gå sin veg, men Ola var i vegen: Du våsar så fælt. For du er ikkje tå gammalkarane, det veit eg da vel. Dei vart attliggande nokonstads, dei. Den blinde farten, ser du, den blinde farten: du har ikkje noko tå den. Hm? Du ser heile bygda du, og mann for mann. – Ja? det er just det! – Ja. Men du kjenner det skuvar på lel. Du skal, heiter det no; det er eit nytt ord. Men drikk no, gutladd, det var derfor eg kom. Eg, hører du vel, eg er alt i gjestebod eg. Så ja! Portvin. Vinne over deg sjøl, heiter det no, – trur du han far hadde vore mann for det? Nauvt nok, for det var ikkje til den tida. Men, men, san – – Ola la handa på aksla hans på full manns vis – – når du lystrar skuve i deg, 253når du er Odin sjøl for blåe ålvore, da brukar du makta hans, no veit du det. Da gjer du det han ikkje visste om – du må lye vel etter den tingen, gut! Du må – – du må pinede – –

«Amen!» song Odin, slik klokkaren syng det. Ola drakk seg eit glas til, og tørka sveitten. – Det var synd, var det, at ikkje eg vart prest like vel. Eg skulde ha fingra fint på hjarte åt folk, slik! han spella med fingrane på flaska han stod mel. Men han Lauris, han blir deg ein fuling å dragast med. Der bur mangt i den kroppen; han er eit anna prinsip han enn du. Og ein skarv der til. Ei heil bygd å kalle. Ja!

Odin vaknar og ser blankt som gutungen på Ola, det blenkar blått under dei mørke brunene: For resten er det noko godt i han òg; eg kjenner det på meg. Eg likar han. Han og eg, vi skal vel – –

Ola rista på hovude: Du blir meg for dryg no. Blir det emissær eller tingmann tå deg tru? Eller skal vi tru, i ei festlig stund, at du veks tå deg ei vorte om senn?

Odin fortalte kva Åsel hadde sagt om ein heim for gammalt fattigfolk i bygda. Det var det han hadde komme på, her i kveld, at garparten hans skulde vera til det, til ein fattig-gar, om dei så vilde kaile det. Han tenkte å få det i gang med all som først, og bad Ola hjelpe seg, her var så mange ting han ikkje hadde greie på.

Ola lest ikkje som han hørte orde av det, men 254Odin visste han var med. – Vi kan no snakkast ved i morgo om den saka, knurra han og vilde gå. – Nei, i denne kveld vil eg snakke med folk om det, dei skal ha det å tygge på no straks, – eg vilde helst at du skulde føre orde, det tok seg likare ut.

Men Ola rista på hovude og såg grått fram for seg. – Ja ja, så gjer eg det sjøl, det er ikkje meir med det! Odin vart brennande raudlett. – Mi tru om det, sa Ola. At du gjer oppstyr og brøvel enda ein gong i gravøle etter mormor di. Og det var no så, la han til med seg sjøl; men eg tenkte no her var anna å greie opp med, eg. Han såg ålvorsamt på Odin: Det vart ikkje noko tå, sa vi! – Så visst som eg her står! sa Odin og gjekk, og han merka Ola smilte etter han, liksom han alt hadde føyd han. Og no var det henne da! Han vart sjuk, skulde han vente lenger.

Ola gjekk og vavra gjenom stuene til han fann Astri. Han lest ikkje som han vilde snakke med henne, han venta berre til ho sugde seg på han. – Ja kjære, eg veit det, sa han, eg veit det, ban, og fer vi vakkert fram, så snur vi han. Gåren skal vi alltid lime i hop att, – slik har det vøri! seier kjerringane om ein sundslegen kopp. Vi har både a mor di og ‘n Otte med oss, det blir dei som får snakke vett i han. Syt ikkje du, gulldokka mi, du skal bli husmor på Håberg så fint at! Nemner han det der om gammalheim eller 255kva det er, så så slepper vi mannhusingen laus på ‘n. Seie imot han, det er jamgodt med å kvesse han. Vi skal døype han i flir; så svanar han sakt ned. Jøss da!

Så vidt det var sagt, kom Odin den vegen, for i øystre stua hadde han ikkje funne henne, og no skulde han gjenom kjøkene og ut. Han fekk ei minning om at dei to der var imot han, dei tagde slik, men han glømte det like fort, for der, i kjøkengangen, stod ho og såg ut. Berre eitt og anna menneske kom ut eller inn den vegen. Da han kom, snudde ho seg som ho hadde venta han. Ho heldt handa på hofta, med så fint eit lag.

«Kjem du og går ein sving no da?» sa han og tok borti henne i det han gjekk framom. Han var andpusten så det fall tungt å snakke.

Det bar austover med dem, med folkeauga i ryggen og sola på skrå frammed venstre kinne. Dei tok av etter Vennestad-vegen, og der framom og over myrane nord på Langbrekka.

Himmelen vida seg og vida seg framfor dem med dei gjekk, himmel og himmel og ikkje noko land, botnlause blånaen all veg nordover. – Å nei! sa ho. Det er det raraste eg har sett!

Der endelig var lande, på nordsida Folla, langslute og gråblått, med øyar og nes og sund, og der fjorden milevis innetter og utetter, til ein såg øyane ytterst ute hildra opp frå havflata, langt, langt utafor det ein trudde var til. Og der endelig, nedafor dem, var stranda. Ei underlig avglømt strand, 256ei heil lita verd for seg sjøl. Steinviker og skjelsand frammed sjøen, snauklipte småvollar og runde byskje ovafor, det var så rart å sjå dem her. Måsen lokka over seitaren; stormåsen lokka for sild lenger utpå; kvar lyden song seg inn til mergen i ein. Og kveldsola skjein på det som ho ikkje hadde anna i tanken enn det lande her. Sjøen spegla berge, det fanns ikkje større lukke til.

«Som æ har venta på dæ!» sa Odin.

Ho svara ikkje. Dei sette seg på ein småvoll millom store runde einkavar.Forfatternote: Einkavar ɔ: briskebuskar. Han fortalte at her hadde han budd med han var småguten, uti ville strandmarka. Ein liten smil rann over andlete hennar, Odin syntes det var einkvart stolt i han som var frammandt og uventa. – Eg veit det, sa ho. – Hadde ikkje du villa budd her da? – Jau! – Ja, det veit eg. Men det blir ikkje. På ein måte. Du skal bli i lag med meg du, og eg må bu frami bygda, – ja, det skal eg fortele deg meir om sia. Det er for resten like rart der; når ein først blir vâr det.

Ho såg på han. Det var mange dypter i auga hennar, og uventande mangt som småbevra og hytta til oppi brunene hennar, han var ikkje stort meir enn gutladden som sat her og skrytte. Men han såg henne fast inn i auga, til ho måtte ein annan veg med dem. No drog ho til munnvikene att, det var ein tung og allvitande smil. Men visst eg no ikkje vilde? Og måle hennar song på eit nytt vis for han.

257Da kom han seg straks: Det skal vi bli to om! Eg har venta lenge nok på deg.

Han syntes det svara og sanna med, frå all marka i kring dem og langt ut frå blikkande sjøen. – Nei, du er mi du, det er ikkje ansles med den tingen – – enn visst eg gjer slik, meiner du?

Han tok etter henne og bøyde henne inn til seg. Han såg angsten som skymta i auga hennar, raudnaen og det stolte mote, det brast og gav etter, alt i hop, det var berre marka og dei to, og han var Odin. – Så, så havfrua mi! Nei, eg skal ikkje gjera deg noko; eg er farlig, men eg skal ikkje røre deg, nei! Men lenge – ventar eg ikkje.

Det bar ikkje i gråten med henne, ho hadde berre vorte eit grand bleik. Ho såg vekk, ut over strendene. Det var ikkje til å tru at han sat her, så nær henne. – Ingri! sa han. Men ho svara ikkje. Ho rista på hovude. Auga hennar flytta seg att og fram. – Det er så rart her, sa ho. Eg synes eg har budd her eg òg. – Ja? Men til hausten, da blir det oss to, og da, – ja, vi kjem til å bu millom dei andre, men du trur ikkje du heller at det blir med oss som med anna folk, at det blir kvardagen berre og gråe bygda? – Nei, men. Det blir ikkje oss to. – Jau, obetinget!

Ho rista på hovude att, og Odin syntes han hadde aldri sett nokon gjera det før. – Umulig! sa ho. – Javel, men det bryd ikkje eg meg om, det var umulig at eg skulde finne att deg òg, 258men for det så. Du gjer ikkje å fortele meg det ein gong, kor umulig det er, – om du hadde vore ei finn-førkje så hadde eg teke deg lell. Eg skulde ikkje ha jaga deg for det nei, om all bygda snudde horna imot meg!

Han kvakk til, da han såg kor dei orda tok henne. – Ja, ja Ingri, eg er ein mon for hardhendt, for deg, eg veit det; eg skal bli likare sia. Og no skal eg så mykje som heim til gravølsfolke og ta dem for meg, det blir eit bask, Ingri. Det er første gongen eg skal i hop med dem. Men dei skal til, du gjer ikkje vera forfæld. Dei skal hjelpe meg å gjera det mormor vilde. Men det er sant: no skal du gi meg ein kyss, og så går vi; du og eg. – Den tok du i sta. – Nei, du skal komma og gi meg han, eg sitt her still og ventar, og så kjem du sjøl, – i det skal eg vera sanndrømt lell.

Ho tveka ei stund; så gjorde ho det. Men ho kom, syntes han, liksom ho gjekk ulukka i møte. Munnen hennar kjentes forunderlig liten og mjuk. – Det raraste eg har kjent! sa han. Og no går vi heim, du og eg. Eg skal ta dem fint i kveld, skal du få høre. Når du er der. I dag med kirka, da du stod der: Gudsfrykta og dei ting – – vart inga skam lenger. Slik er du.

Ingri såg ut over fjorden enda ein gong før dei gjekk. – Ja ha, sa Odin, ho er blank no, Folla: berre helgedagen. Men du skal få sjå henne ein dag når ho snakkar ålvor. Da er ho eit vaksemenneske.

259Sola stod langt uti nordvesten alt, men høgt på himmelen, ho tenkte ikkje å kvelde så snart.

– – – I millomtida gjekk Ola Håberg og snakka med folk. Først og mest med Lauris, og sia med nokon kvar av garmenner og gode grannar. Rund og full var han, og godslig så det skjein i andlete: Den gutdevelen, den gutdevelen! – Ja, dei måtte seie som sant, at den talen han heldt –? – Ja, den òg ja; den òg. Enda: den hadde de godt tå. Men no vil han syne oss spilder nytt. Han tek garparten her og gjer han om til –, ja til ein anstalt. Der skal bygda hyse fattiglemmene; vi skal sette opp eit slott for dem. Ja! Gu’ er det ålvore hans ja! Og du og eg og vi andre, vi skal danse når han bles, – Ola dulta til dem i magen. Ja ja ja! Vi får lystre, vi får lystre! vi er gamle og ikkje anna til, etter hans hovud. Pengane får vi lova han, hm? – Kan aldri tru det, murra ein. – Det vart ikkje, sa vi, smilte ein annan. – Han vinn på oss så det gyv etter, sukka Ola, han tassa sin veg frå ven til granne.

Men til Andrea snakka han beint ut. – Vi kan ikkje la han rive sund Håberg, vi må komma i hug henne vi bar ut her i dag. Han er galen! – Ja men var det ikkje viljen hennar –? – Var det likt! Han har susa henne frå vette, sistpå; du må snakke med far hans, du som kan.

Dei gjekk og undrast og smått såg etter han. Dei venta sterkt på han, på sluten.

260Og der endelig kom han, kom utor skogen med ei gjente og beint til gars!

Mina hadde òg gått og sett etter dem da dei kom att. Ho såg ikkje større fornøgd ut.

Ingri gjekk inn. – Vi var berre bort og forlova oss, sa Odin. Det tek ingen sveis med slikt her kring husa, – er det ikkje Ingri ho heiter? Mina vart ålvorlig bratt. – Du skulde ikkje fara og fjase med slikt, Odin, og slett ikkje i kveld! – Så? – Han kom vel i hug kva kveld det var? – Sundagskvelden ja? og gjestebud og godvêr? Å, det er ho mormor du tenker på! Ho var visst med oss all vegen, ho; eg trur enda ho lo med seg sjøl. Du veit, ho vilde så grovelig gjerne at folk kom seg i hop. – Og desutan, Odin: ho Ingri er ikkje noko for deg. Ho er eit fint lite ting, og berre stasen, om eg så sjøl skal seie det. – Stas er eg glad i; eg har vore glad i deg mang ein gong for den skyld. Det flara til i auga på Mina med det same, ho var ikkje tjuge år der ho stod. Men da han vilde gå, heldt ho han att og kom tett innåt han. – Og det skal du vita, kviskra ho, for sjøl forteler ho det knapt, stakar, at far hennar er berre skarven, han sitt fast! Han har spella oppForfatternote: spella opp ɔ: gått konkurs. og har skrive falskt, no veit du det!

«Det e ikkj finn ti a da?» Odin såg langlett ut. «Ja ja, men han ska vi allti få laus igjen!»

Mina gjekk ifrå han. Det snørp i skjørta hennar, så hjartans harm, det var visst reinhekla 261silke all vegen der san! – Ho kunde gjerne ha vore både finn og slave, eg skulde ha planta henne imillom dem slikt slag eg! la han til. Det kjenner eg meg helse for. Og går det vel her i kveld – – – visst eg vinn her i kveld – – –

Da dei var utkomne etter kveldsmaten og stod og røykte og kjente på godvêre, steig Odin fram på troppa. Dei såg han alle saman, og dei visste at no kom han. Men ikkje så mykje som ei mumling gjekk det over mannshopen; dei røykte berre litt meir, og prata om sitt; dei gløtta bort på han, om han ikkje snart gjekk laus. Han såg da ikkje ut som han gruva seg for det? Så, no var han i gang.

Han brukte ikkje mange orda. Det var Åsel sin vilje at her skulde settast opp ein heim for gammalt og fattig folk, slik dei hadde gjort i mange andre bygder. Lenger kom ikkje ho med det, og no hadde han tenkt det slik og slik. Garparten hans her høvde godt til det bruke, og den hadde Åsel òg havt i tankane. Prisen trudde han dei alt hadde hørt, for det var det same som han sjøl gav. Kostnaen elles fekk dei rekne ut. Fattigrøkta skulde ikkje bli dyrare enn ho no var; han nemnte både tal og ting; og at ho vart bedre kunde vel ingen nekte. Han vilde dei skulde slå seg i hop og snakkast ved om det no i kveld, og skrive seg for det dei vilde gi, for utan hjartelag og hjelp kom ein ingen veg med det. Pengar hadde somme, og tømmer hadde fleir, og litt arbeidsmakt 262var det ingen som vanta. Sia skulde han ha tak i ungdommen.

Han hørtes lett og glad ut, det var lite om å gjera at det ikkje smitta bortgjenom folkehopen.

Da dytta Ola Håberg i sida på Petter Ramset, og Petter kremta seg opp og tok seg ei skrå. Folk la merke til det, for Petter var lausreipa kar i munnen. – Er det din garpart da, den du snakkar om? sa han. – Ja, det var da det. Ola blistra litt, utan tone, og Petter såg ut i vêre. – Kor mykje gav du for han da? – 3000 kr. jamt, og det let eg han gå for. Men Odin raudna med det same: Du har rett i det, eg har ikkje betalt han enno, eg har ikkje havt stunda til å områ meg, men min er han like godt for det. Og prisen – – de veit sjøl at det er ein pris millom slekt og venner. Så gåren den har vi.

Ola Håberg hadde komme litt meir fram. Han stod med tommelsfingrane i armstaupa på vesten, slik Odin stod. – Det skal de gjera, godtfolk! lo han, de skal sele den garen de ikkje eig. Framstig, ikkje sant? – Det der kan vi snakkast om sia, sa Odin rolig, men i kveld er det fattigfolke og dei ting vi har for oss. Dei har det ikkje for fyst, mange av dem, det veit ein og kvar. Eg er for ung til å gå føre med det, eg veit det og meir til, men eg meinte eg fekk bera det fram frå a mormor, så tok de det sjøl og gjekk til endes med det. – Fattigfolk det er vi alle i hop! lo Ola Engdalen, og dei lo mann for mann.

263Odin såg at både den og den hadde vorte breilett av seg; dei stod og godgjorde seg. Det rente ein vond rykk over andlete hans. Han stod litt og såg på dem. Gjekk så ned imillom dem, og snakka seg inn på dem ein for ein. Dei gav han rett, eit stykke på veg, men når han vilde lenger, hadde han flokken der og ikkje mannen: dei kunde aldri tru det gjekk! Det sat fast i ein seig flir, at no som tida var, og no i kveld her, kunde dei heller snakke om einkvart anna. Ola Engdalen lo breit og grovt opp i andlete på han, så alle hørte det:

«Ka det e for slag du fer og vorra med, din gutvott? Gå in og legg dæ og bli tør attom øyran! »

Odin såg Ingri i lag med nokre andre kvinnfolk bortved nova. Ho såg ikkje for glad ut når dei lo. Han snudde seg om og såg far sin. Han gjekk borttil han. – Kva du seier du da, far? – Eg? Eg har ikkje noko med det. Men garparten her skulde du ikkje bry deg om. – Når ho mormor vilde det? – Ja ja men. Du skulde gi deg på det. Du får han ikkje ein gong. Og så er det pengane. – Eg tenkte eg skulde be deg om hjelp, eg?

Otte Setran rista på hovude. Han såg ned i vollen. – Ikkje til den her garen nei. Odin såg på han. – Det er lite att av han no! sukka han og gjekk sin veg. Og der står han Lauris, smilte han. – Jaså, du står her du? Bakom heile stelle. 264Ja du held no med meg, ikkje sant? – I kva for noko da?

Odin slong av ifrå han. Ein og annan hadde gitt seg til å snakke om andre ting, dei hefta seg ikkje bort med barneprat; dei snakka høgt. Andre levna til da Odin kom i nærheita, dei smått flirte og smått spurte: Korles gjekk det? Og kva var det han Ola Engdalen sa? Jaså, han skulde låne peng og bygge seg hus her no da, visst han ikkje fekk seld i kveld? Jaså ja.

Han visste ikkje av før sinne hadde teke råda tå han, han hørte måle sitt bert og hardt millom husa og over hopen:

«Finns det verken mot hell mannskap ti dokk da, folk?

«Hysjt da, gut!» sa Ola Håberg. «Her finns i allfall ikkje ein som høyri på dæ.»

«Ja, vent no urlite,» sa det bakom dem. Det var Iver Vennestad som stod der, og no kom han litt fram, så vêrsliten han var. – Eg held no med ‘n Odin eg da. Vi skulde tenke på det. Og treng du ei hands hjelp til å kjøpe gåren her, så skal vi sjå på det. Og resten skal vi sjå på sia.

Han var lei seg at han hadde snakka så høgt millom alt det folk og fekk alle dei auga på seg, men no var det gjort, han manna seg likså godt opp og la til, med skjelv i måle: Eg veit ho Åsel meinte det slik. Det veit du òg, Ola Håberg, du skulde skjemmast der du står!

265Det var så uventa fra den kanten, at dei tagde tvert still. Så snudde dei ryggen til og hadde ikkje hørt det.

Odin stod og såg tomt på Iver. – Ja ja, eg seier takk, sa han. Eg får no kjenne på det. Eg har tapt for i kveld, kor som er. Men at han far – Så lo han: Eg tapte så det kvein etter, gut!

Det same sa han til Ingri. Ho svara ikkje, men det var synbert det hadde gjort henne vondt. – Eg trudde mest eg hadde mista deg med det samme, sa han. – Det kjem vel den dagen òg. – Ja, kjem ja, det snakkar vi ikkje om! Det som er austafor enno, det – –

Ho såg opp og måtte smile, han såg henne så uvettig ut. No stod han og gjekk over folkehopane med auga, han kom seg meir og meir. – Slik er det dei er! smålo han. Der går ‘n morbror Ola; ein pose med sukkergodt og eiter; han ser skitskræmt ut. Der segler ho Mina, ho eig ikkje barlast på kjøl. Torde dei, dei andre, så smurte dei til på same vise. Astri ho er ikkje å sjå; ho er søkk bortkommi; eg vil kalle henne eit instinkt. Der ser eg han far og gulle hans. Berre eit ektepar, seier eg deg. Å nei, eg tenkte det, eg: den som ikkje står på retten sin, han står ikkje; det blir ektemann tå han. Du ser på meg ja. Ja, Ingri, men du får våge spelle like vel, i blinda, no midt i ungdommen, det finns ikkje anna råd; aldri, du kan tru meg på det! Eg trur no det skal bli stas 266lel med oss. Men slik er dei ja, han viste med hovude. Kor fint dei tek det, hm? Unner seg ikkje ein råflir ein gong. Berre eg hadde vore tjuge år eldre!

Han stod still, slik han gjorde somtid, og let tida levne opp framfor seg, det som hadde vore eller det som skulde bli, etter som det helst vilde syne seg. Og dette kjente han att som live sitt: Lys og skugge skifta over lande, djupt men stilt. Dagen opna seg og let seg att i kring han. Det var visdommen som smilte til dåren.

Han snudde seg til Ingrid, ho stod og såg utover liksom han. – Somtid så tagnar det så rart inni meg, når eg ser det her, tagnar og lyer: for langt unna nokonstads har det kalla på meg, inni skuggen og stilla. Eg kunde stå fram og svara: «Herre tal, din tjener hører!» Straks etter er lyse der på nytt, og ting for ting kjem fram og smiler til ein, andlet ved andlet. Da har eg hørt som eit gammalt, tørt mål, her eller der ifrå: «Jeg kaldte ikke på dig, gå og læg dig igjen!»

Odin stod og smilte, ut mot doggblå myra og solgylte berga, han var høgt over det: «Det har no kalla på mæ lell. Og visst ikkj, så ska det bli nøydd te det!»

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I ungdommen

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

I ungdommen er femte bind i serien. Også denne romanen handler om Odin som nå er blitt en ung mann. Men den handler også om et av de andre barnebarna til Åsel, sønnedatteren Astri.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.