Ungersveinen og møya er ute på ei øy og spelar gullterning. Dei spelar ikkje om åker og eng, men om kven av dei som skal leve lengst. Ungersveinen byggjer seg ein båt, og ho saumar seg ein stakk. Han skuvar båten ut, men ho blir ståande igjen på stranda. Ho ropar på hjelp, men han vil ikkje hjelpe henne. Han seier at han kjenner ei vakrare jomfru enn henne. Møya legg på svøm, men stakken er våt og tung. Heldigvis kjem ho opp på eit skjær og kviler seg der. Ho sit der og ønskjer seg at det skal blåse opp. Det gjer det også. Ungersveinens båt kantrar, og no er det han som roper etter hjelp, men ho vil ikkje hjelpe. Møya kjem seg i land, men ungersveinen druknar.
Visa er ikkje kjend i Danmark, men i Östergötland i Sverige finst det ei liknande oppskrift med tekst og melodi.
Utsyn 91
SMB 144
TSB D 295: Sveinen og den vene møya
Oppskrift: 1840-åra av Magnus Brostrup Landstad etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Mo, Telemark.
Orig. ms.: NFS M.B. Landstad 6, 53.
Ingen oppgjeven tittel.
*
1. Svenden og den vene Møy
– med Skogen stende grøn –
dei tefle TaflurSamlarkommentar: (kasta Terninger) onde Øy
– Manden tek eingjo Æra ut der eingjo er –
2. Dei tefle einki anten om Aaker hel Eng
men dei tefle om ein Seglestreng.
3. Dei tefle einki anten om Huus hel Jor
men dei tefle om ei Seglingssnor
4. Ungersvend let seg Snekkja gera
Skjon J[om]fr[u] hon let sin Stakken skera
5. Ungersvend bygger seg Snekka ny
Sk[jon] J[om]fr[u] hon let sin Stakken sy by
6. Ungersvend skuvar si Snekke frá Land
Skj[on] J[om]fr[u] heelt i den framri Stafn
7. Skj[on] J[om]fr[u] rettar up si kvite Hánd
Ungersvend, Ung[er]s[vend] hjølp meg i Land.
8. Eg deg einki hjelpe kan
Eg heve ei skj[on] J[om]fr[u] pá min Faders Land.
9. Eg deg einki hjelper nu
[Eg heve ei skjon Jomfru] i min Faders Bur
10. Skjon J[om]fr[u] sám af pá et liti Skjer
Der lyster ho at kvile seg.
11. Skj[on] J[om]fr[u] slær sit Hár ivi Hærar
Christ give at eti Veir mæ atte blæse
12. S[kjon Jomfru slær sit Hár ivi] Axlir
[Christ give at] det Veiri mátte vaxe
13. Der kom Veir af Vesta
Ho kantar ikring seg den Snekkja
14. Der kom Veir og Vestavind
Ungersvend Snekkja rulla omkring
15. Ungersvend retta up si kvite Haand
Skjon J[om]fr[u] skj[on] J[om]fr[u] hjelp meg iland
16. Æg deg einkje hjelper nu
Æg hev ein Ungersvend venar, en Du
17. Skjon J[om]fr[u] sám til sin Faders Gár
Ungersvend sok pá Bylja blaa.
*
Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.
Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.
På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.