Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 65 Riddar feller far til møya


Innleiing

Av denne balladen finst det berre eit brotstykke på tre strofer. Av desse strofene kan ein danne seg eit visst inntrykk av kva balladen i grove trekk har handla om: Eit kjærastpar snakkar saman, og far til jenta høyrer kva dei seier utan at dei to er klar over det. Når faren trugande gjev seg til kjenne, spør guten om han skal slåst mot han. Jenta svarar at det skal han gjere. Han skal bruke sverdet sitt, men spare farens liv om han kan. Etter striden rir dei unge sorgtunge frå staden, truleg fordi far til jenta er drepen.

Den eine songaren som kunne «Riddar feller far til møya» på 1800-talet, var Torbjørn Targjeisson Kvæven (1804–1886) frå Vrådal i Telemark. Han høyrde til ei ætt som hadde stor sans for balladesong, og både søster og bror hans song balladar for Sophus Bugge. Særleg broren, Targjei Targjeisson (f. 1809, emigr. 1861) var ein storsongar og kunne meir enn førti balladar. Torbjørn Targjeisson kunne på si side åtte balladar, som han song for Sophus Bugge. Bugge skreiv opp visene etter Torbjørn Targjeisson i 1857 (Jonsson & Solberg 2011: 355–362). «Riddar feller far til møya» er berre registrert på norsk.

Brotstykket er bygd opp av velkjende ballademotiv, eit kjærastpar som legg planar, ein far som overhøyrer samtalen, flukta på hesteryggen, slåsskampen, jenta som ber guten spare faren – sorga over at faren likevel blir drepen. I Danmarks gamle Folkeviser kommenterer Axel Olrik riddarballaden «Karl Høvding» og viser til Bugges oppskrift, som svarar til nokre strofer i A- og B- oppskriftene av denne visa, jf. følgjande strofer:

Thager y nu eders suerd y haannd,
y forskoner minn fader, om y kanndt.

[…]

Stoltt Inngeborrig fick stuor møde,
hunn saa hinndis fader bløde
(DgF VII: 35).

Ein variant av motivet har vi i den naturmytiske balladen «Rikeball og Gudbjørg» (TSB A 41). Her er samanhengen den at Rikeball og Gudbjørg har rømt og blir forfølgde av slektningane hennar. Rikeball ber Gudbjørg om ikkje å nemne han ved namn i striden som følgjer. Men når han drep far hennar, kan ho ikkje halde seg, og dermed får Rikeball dødssår med det same.

Utsyn 118




Oppskrift A

TSB D 65: Riddar feller far til møya

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Torbjørn Targjeisson Kvæven, Vrådal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 237 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Dei visste ‘kje anna hell de var ene to,
just sto vår fader å havde dei or
— Kvore sko’ me rie, hell me sko’ mandeleg strie —

2. Teke du dette svære i hånd,
du skonar min fader, um du kann.

3. Dei rei seg gjenom den tykke skog,
han gjore ‘kje anten leikte hell lo

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Teksten er trykt i Utsyn s. 59, utan markering av strofer eller omkved.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.