Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 275 Herren Jennår


Innleiing

Herren Jennår rir ut for å besøke festarmøya si, fruva Ingebjørg. På vegen møter han Nils av Oppsal som kan fortelje at fruva Ingebjørg sit heime og blandar ein giftdrikk til festarmannen sin. Herren Jennår kjem til gards, og festarmøya ønskjer han velkomen. Men no er mistanken vekt, og han spør fru Kjersti, som er terna til fruva Ingebjørg, om det verkeleg er slik at festarmøya står han etter livet. Svaret er ja, han må ikkje drikke det fruva Ingebjørg byr han, det er «eiter i blending». Når så festarmøya skjenkjer opp for herren Jennår, trugar han henne til å drikke av giftblandinga sjølv. Ho freistar å unngå å drikke, men får ein drope på tunga, og det er nok til at lever og lunger sprekk. Herren Jennår er vel tilfreds over å ha avslørt den falske festarmøya og gifter seg i staden med terna, fru Kjersti.

Det finst berre éin fullstendig tekst av «Herren Jennår». Sophus Bugge skreiv opp denne i 1864 etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli (1781–1869) frå Fyresdal. Gunhild Sundsli er ein av dei aller viktigaste norske balladesongarane, med eit repertoar på meir enn seksti balladar (Jonsson & Solberg 2011: 569–573). Elles skriv Moltke Moe i ein artikkel om «Herren Jennår» at han har høyrt «ymse vers og restar i 80- og 90-åri i Fyresdal og Mo» (Liestøl 1926: II: 245). Moe har likevel ikkje gjort bruk av dei restane han nemner, den restituerte teksten han legg fram i artikkelen men byggjer på Gunhild Sundsli si viseform.

Moe meiner at «Herren Jennår» opphavleg har vore ei italiensk vise om ei viss Donna Lombarda, som byggjer på historiske hendingar langt attende. Moe tenkjer seg at den italienske visa på ein eller annan måte har kome til Noreg, men kan ikkje forklare korleis – «kann henda snarare er det danske eller norske sjøfolk som hev høyrt visa i midhavslandi og so ført ho med seg derifraa» (Liestøl 1926: 251). Moes resonnement er likevel altfor usikkert, truleg har det meir for seg å nøye seg med å peike på motivlikskapen mellom den italienske og den norske visa. «Herren Jennår» er nok ikkje dikta i Italia.

Balladen finst også på dansk, i oppskrifter frå renessansen og 1800-talet. Dei danske tekstane gjev festarmøya motiv for å ville svike festarmannen. Terna kan fortelje at ho vil ha ein annan mann:

Y vocter eder, her Johan,
eders iomfru vell eder suige!
hun loffuer sigh Ebe Thyge-søn,
eders unge lyff att suige
(DgF VI: 170–171).

Det kan elles seiast om teksten etter Gunhild Sundsli at han er i svært god stand reint språkleg. Den inneheld ingen lån frå skillingstrykk og visebøker, noko som tyder på at Telemarks-tradisjonen fram til tidleg på 1800-talet, som Gunhild byggjer på, har vore språkleg sikker. Etter alt å døme er dette ein gammal ballade, han gjer bl.a. bruk av ein formel – i strofe 10 – som vi finn i Herr Ivan (1303), ei av dei såkalla Eufemiavisene:

Thet matte the se ræt oppinbar [tydeleg],
huru han innan skapadher var,
hans lifuer ok lungur ok hiærta root
droogh leonith [løva] wt alt medh sin foot
(Noreen 1931: 248).

Utsyn 156
DgF 345




Oppskrift A

TSB D 275: Herren Jennår

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland i Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 134–137 (kladd).

Oppgjeven tittel:

*

1. De va herren Jennår
han ríe på høgan heii
der møter han Nils av Uppsal
han gjenge på skógjen å veiar.
– No æ hó vénaste lilja vunnæ. –

2. Høyrer de Nils av Uppsal
å kjære Stallbróderen min
koss liver frúva Ingjebjør
de æ festarmøyæ mi.

3. So liver frúva Ingjebjør
de æ festarmøyæ dí,
hó sit heime å blandar
eitr í de klare vín.

4. De va herren Jennår
han kom seg ríand í går
de va frúva I[ngjebjør]
hó úti fyri han står.

5. Vælkomen herren J[ennår]
vælkomen hít ti meg
no hev eg bryggja å blanda
den mjøen í klare vin.

6. Han tók æ lítæ frú Kjersti
han sette æ uppí sitt fang
seg meg av desse falske lístir
útí vår herres navn.

7. Når som frúva I[ngjebjør]
kjeme mæ syllkanna í høgre hende
drikki inkje herren J[ennår]
der æ kji kot eitr í blending

8. Inn kom frúva I[ngjebjør]
mæ syllkanna í hø[gre] h[ende]
drikk no herren J[ennår]
der æ væl mjø í blending.

9. De va h[erren] J[ennår]
han rister på syllbunden knív
drikk meg ti frúva I[ngjebjør]
hellå ska de koste ditt liv.

10. Hó siklka ti so grandi
ho tenkte de sille ‘kje kome på hennes tunge
Men då de kom på hennes tunge
då sprakk livr å lungur

11. Upp sprang h[erren] J[ennår]
so hågt han av hjarta ló,
å dú arme frúva I[ngjebjør]
no drap dú deg sjóv

12. Han tók æ lítæ fru K[jersti]
han sette æ uppi sitt fang
so gav han hænó gullkróna
å derti dronnigjes navn

13. Han [tók æ lítæ fru Kjersti]
[han sette æ] uppå sitt kné
[so gav han hænó gullkróna]
[å derti] festarfé

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 96–98, med overskrift: Fruen vil forgive sin Husbond, men maa drikke Giften selv. (Gunnild Sundsli. Fyresdal. 1864.)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.