Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 168 Stolt Margjit og Iven Erningsson

Det står ein strid mellom kampglade riddarar under Hallings øy. Stridseplet er stolt Margjit. Herre-Per forsvarer henne lenge, men til slutt orkar han ikkje meir og kastar sverdet: no må du, Margjit, verje deg sjølv! Det gjer Margjit. Ho kler seg i rustning, og med sverdet høgg ho ned den fremste motstandaren, Iven Erningsson, så kroppen hans fell i to stykke. Kongen sender bod på henne og ber henne velje om ho vil bli frilla hans eller lide ein brå død. Då trugar Margjit han med sverdet, og kongen gjev etter og tek henne til dronning.

Det finst mange tekstvariantar av denne balladen, frå Telemark og Setesdal. Av melodioppskrifter har vi fem. Landstad var tidlegast ute med å feste «Stolt Margjit og Iven Erningsson» til papiret, men har dessverre ikkje notert etter kven han gjorde dei to oppskriftene sine, og når han gjorde det. Begge formene står i Norske Folkeviser. Landstad prøvde ikkje i dette tilfellet å setje dei saman til éin tekst (Landstad [1853] 1968: 247–255). Elles gjorde Bugge i 1850-åra fleire oppskrifter av balladen, bl.a. etter Hæge Olsdotter Årmote (1787–1860) frå Mo. Hæge Olsdotter hadde eit stort og allsidig balladerepertoar og nytta eit alderdomleg språk med mange gamle former og ord, skriv Bugge. Hæge hadde «i sin Barndom af sin gamle Fader lært en Mængde Viser, som hun mindedes forunderlig godt» (Bugge [1858] 1971: XI, sjå elles Jonsson & Solberg 2011: 466–470).

Landstad tenkte seg at vi i denne balladen hadde «en Romance» om stormannen Alv Erlingsson, som vart fengsla og avretta i Helsingborg (1290). Men dette er rein gjetting og stemmer ikkje. Derimot har vi gjennom namnet «Iven Erningsson» ei minning om hovudpersonen i Ívens saga: Iven, son til Urian/Yrian. Ívens saga byggjer på Chrétien de Troyes’ Yvain ou le Chevalier au Lion og vart omsett frå fransk til norrønt på 1200-talet i styringstida til Håkon Håkonsson. Sagaen gav opphav både til ballade- og eventyrdikting, særleg ved at namneformer og småmotiv vart lånte inn i den munnlege tradisjonen.

«Stolt Margjit og Iven Erningsson» høyrer til ei gruppe balladar med sterke og aktive kvinner i hovudrollene. Slike kvinner svingar sverdet like godt som menn, og jamvel betre. Dei kan minne om visse sagakvinner og står i kontrast til milde og ettergjevande kvinner, som det også finst mange av i balladediktinga.

Balladen finst også på dansk og svensk, men med noko varierande handling.

Utsyn 81
DgF 189
SMB 105




Oppskrift A

TSB D 168: Stolt Margjit og Iven Erningsson

Oppskrift: udatert av Magnus Brostrup Landstad etter ukjend songar, ukjend stad.

Orig. ms.: NFS M. B. Landstad 11, s. 5.

Oppgjeven tittel: Stolt Margjit

*

1. Ut for Hallingens Øy have stai eit Stri
– fyri Sunna, –
dei strir om stolt Margjit dæ vene Viv møy
– end strir en Iven Æringjen den unge –Alternativ lesemåte: enno strir dei ivi Ærings-Sonen den Unge.

2. Aa der kom Baa fraate stolt Margjit in
aa dei sko dæj for Kongjen indgaae

3. Aa ho tok no paa sæg den Silkje-Særk
aa nie va Møiarnes’ Handeværk

4. Aa ho tok paa sæg den Stakkjen blaa
aa Gulli dæ laag etter kvor den Traa

5. [Aa ho tok paa sæg den Stakkjen] rau
[aa Gulli dæ laag etter kvor den] Saum

6. Aa ho va inkje saa beltevand
ho slængde kring sæg dæ røde Guldband

7. Aa ho sætte sæg paa Sengjestok
saa drog ho paa sæg den Silkjesok

8. Aa ho sætte sæg paa ein liten Stol
sprætte ho paa sæg dei sylvspændte Sko.

9. Stolt Margjit ho gjænge te Bekkji
sit gule Haar ho rækkjer

10. Ho vaska sit Haar uti klare Van
aa greier etter mæ Sylverkam.

11. Ho fletta sit Haar i dæ røde Guldband
deruppaa sætte ho ein liten Guldkrands.

12. Stolt Margjit in igjønnom Dynni steig
aa Kongjen viste einkje ana hel Soli skjein

13. Kongjen tukka ein liten Stol
aa kvilset stolt Margjit aa kvil din Fot!

14. Æg æ inkje saa trøyt æg kan vel staa
Sæg mæg det Æren saa vil æg gaa.

15. Hokke vil du væra Frillemøi
helle du vil for KongjenAlternativ lesemåte: Æringjen døi?

16. Dæ ingjo Skaam fe Kongjen døi
men de’ støre Skaam væra Frillemøi.

17. Aa hokke vil du for Kongen laate Liv
hell du vil væra Frille te Viv?

18. Ja d æ ingjo Skaam fe Kongjen laate Liv
men d’æ støre Skaam væra Frille Viv.

19. Stolt Margjit ho tok paa sæg Brynja blaa
aa Vaaben saa ho vil mæ Æringjen slaa.

20. Stolt Margjit ho gjæk te Stalli
mæ Beygsel aa Sale i Handi

21. Sjov sala ho sin Gangare graa
ho ha kji Svennan aa lite paa

22. Di mødtes ut for Hallingjens Øi
aa der maatte Æringssonen døi

23. Di stredde i Dagar, dei strede i Tvo
ho sto te Knes i Manneblo

24. Di stredde i Dagar di stridde i tri
aa daa let Æringssonen Liv

25. Ho strauk sit Sværi paa Silkjesærk:
aa bære mæg Gud for Kvindeværk!

26. Stolt Margjit ho kom sæg rians i Gaar
aa Kongjen ute fe hennar staar:

27. Vil du inkje væra Frille-Møi
sea du let Æringssonen døi

28. Aa inkje vil æg væra Frillemøi
saa gla vil æg for Kongjen døi

29. Han tok stolt Margjit uppaa sit Kne
han gav henar Guld aa Fæstar-Fe

30. Han tok st[olt] M[argjit] uppaa sit Fang
han gav hennar Guldkrona aa Dronnings Navn.

31. ÆgRetta frå: Jeg takkar Kungjen han halt sin Tro
MaandedagRetta frå: om [uleseleg ord] derefter lod han sit Bryllups’ bal.

32. No heve stolt Margjit forvunne sit Harm
ho søve kvor Nat paa Konungens Arm

*

Under teksten står det: «NB. Sigrid og Astrid.», i Norske Folkeviser er dette tittelen på visa som kommer etter (nr. XXII).

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.