Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 124 Møya og den djerve friaren


Innleiing

Det er dans ute ved elva, og liti Kjersti dansar fremst i ringen. Alle riddarane vil ha henne, men ingen vågar å tale til henne, bortsett frå ein unggut. Han seier at han gjerne vil liggje med liti Kjersti, «under dei silkelakjen»:

Va’ eg unde laken mæ deg
så sill’ ikkje du kome møy ifrå meg.

Ho svarar at om han prøver seg, vil han ikkje kome levande frå det. Då gjev han henne ein gullring og andre kostelege festargåver, og ho seier ja til å bli festarmøya hans.

«Møya og den djerve friaren» finst berre på norsk, i tre variantar. Formelen «ute med å» er rett nok ein typisk dansk balladeformel, og dei første par strofene er truleg lånte frå dansk eller svensk (Utsyn: 78). I 1857 gjorde Sophus Bugge ei oppskrift etter Elen Jensdotter Rolleivstad (1793–1876) frå Skafså. Elen Jensdotter kunne heile 27 balladar. I 1913 skreiv Rikard Berge opp den same balladen etter Jorunn Bendiksdotter Storelid (f. 1833), dotter til Elen. Vidare skreiv Sophus Bugge i 1859 opp «Møya og den djerve friaren» etter Aslaug Pålsdotter Midbø (1792–1873) (Jonsson & Solberg 2011: 544–547, 598–599). Dei tre variantane er svært like.

Både i balladar og anna folkedikting er det ofte slik at den yngste og tilsynelatande nederlagsdømte går av med sigeren. Ein skulle tru at kjemper og riddarar ville ha best sjanse til å vinne liti Kjerstis kjærleik, men det blir likevel den unge guten – ein parallell til Askeladden – som kjem under laken med henne. Han kan by henne ein festarring av gull, men meir avgjerande er det at han har eit hjarta av stål.

Balladen er såpass rett på sak i framstillinga av tilhøvet mellom liti Kjersti og den unge guten at ein kjem til å tenkje på nokre av skjemteballadane, jf. elles omkvedet etter Elen Jensdotter: «Han tóre væl skjemte um ei jomfrú» – variert hos dei to andre songarane. «Møya og den djerve friaren» er eit illustrerande døme på koplinga mellom dans og erotikk i balladediktinga.

Utsyn 166




Oppskrift A

TSB D 124: Møya og den djerve friaren

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Elen Jensdotter Rolleivstad, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 129–131 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Der stende ein dans (derut) ne mæ å,
der dansar dei kjempunn i brynja blå
– Han tóre væl skjemte um ei jomfrú. –

2. Der dansar vist fíre, um ikkje fem,
lill Kjersti trør dansen for alle dem.

3. Der d[ansar vist] åtte, um ikkje ní
[lill Kjersti trør dansen for alle] dí.

4. Alle ville den jomfrú hava,
men ingjen tóre ti hennar tala.

5. Ein líten gúte på golvi går,
han heve eitt hjarta, d’ æ’ hart som stål.

6. Krist give vi var to nákjen
alt únder dei silkjelakjen

7. Va’Alternativ lesemåte: Låg eg unde laken mæ deg
måskje du sill noko gjera meg

8. [Va’ eg unde laken mæ deg]
så sill’ ikkje du kome møy ifrå meg.

9. Sill’ ikkje eg [kome møy ifrå] degmeg
så sill’ ikkje dú koma livans frå meg.

10. Kjære min jomfrúAlternativ lesemåte: Skjøn jomfrú du snakkar ikkeAlternativ lesemåte: ‘kje så,
léttare kann eg dí æra få

11. Så gav han hennar ein rødegullAlternativ lesemåte: sylvarring
slík hev alli komi på jomfrús fing

12. [Så gav han hennar] eitt [rødegull]band
Slikt [hev alli komi] i [jomfrús] fang.

13. [Så gav han hennar] eitt nytt par skó,
så gav hó ‘en atte bå ære å tro.

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 262–263




Oppskrift B

TSB D 124: Møya og den djerve friaren

Oppskrift: 1859 av Sophus Bugge etter Aslaug Pålsdotter Midbø, Moland, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge h, 239–240 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Der stend ein dans der neAlternativ lesemåte: ut mæ å,
der dansar kjempunne i brynja blå.
– Dei tóre væl skjemte um ei jomfrú –

2. Der dansar fire um ikkje fem,
liti Kjersti trør dansen for alle dem

3. [Der dansar fire um ikkje fem,]
ingjen so ville ho hava av dem

4. [Der dansar] åtte [um ikkje]ní
[ingjen so ville ho hava av] dí.

5. En líten gút på golvé går
han hev eit hjarta so hartAlternativ lesemåte: d’æ kalt som stål.

6. Alle ville den jomfrúve hava
men ingjen tóre ti hennar tala

7. Krist give me va’ to nakenAlternativ lesemåte: ne
unde de silkelaken.

8. Ja um eg låg unde laken mæ deg,
mon trú du sille noko gjera meg

9. VaAlternativ lesemåte: Låg du unde mæ laken me meg,
so sille ‘kje dú koma møy frå meg.

10. Sille ‘kje eg koma møy frå deg,
so sille ‘kje dú koma livands frå meg.

11. Skjøn jomfrú, Skj[øn] j[omfrú] snakk inkje so,
lettare kann eg din vilje få

12. So gavAlternativ lesemåte: tok han Alternativ lesemåte: upphennar en rødegullring,
Slikt hev alli komi på jomfrúvas fing.

13. [So] gav [han hennar] eit rødegullband
[Slikt hev alli komi på jomfrúvas] fang.

14. [So gav han hennar] et nýt par skó,
so gav ho en atte bå ære å tro.

Strofene er unummererte i manuskriptet.




Oppskrift C

TSB D 124: Møya og den djerve friaren

Oppskrift: 1913 av Rikard Berge etter Jorunn Bendiksdotter Storelid, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXLIX, 35–37

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Der stend ein dans ut-mæ aa,
der dansa dei kjempur i brønja blaa.
– Han tore vel skjemt’ om ei jaamfru. –

2. Der dansa fire, om ikkji fem,
Liti Kjærsti trør dansen fòr alle dem.

3. Der dansa visst aatte om ikkje ni,
L[iti] K[jærsti] trør dansen fòr alle di.

4. Adde ville den jaamfruva have,
men ingjen tore ti henne tale.

5. Ein liten gut’e paa tili gaar,
han hev’e hjarta d’æ hardt som staal.

6. Krist gjev me va’ tvo nakjen
alt onde de laken.

7. Va’ eg onde laken mæ deg,
maaskje du sill noko gjere meg.

8. Va’ eg onde laken mæ deg,
du sill’ kji kaame møy ifraa meg.

9. Sill’ eg kji kaame møy ifraa deg,
sò sill’ du kji kaame livans fraa meg.

10. Skjøn jaamfru du talar ikkji saa,
lettare skò eg di ære faa.

11. Sò gav ‘n hena ein rødegullrìng,
slikt hev alli kaami paa jaamfruvas fìng

12. Sò gav [‘n hena] eit rødegullband,
slikt hev kji k kaami paa jaamfruvashennes fang.

13. Sò gav [‘n hena] eit nytt par sko
sò gav ‘o han atte ære aa tro.

Under oppskrifta står det: (etter mori). Jorunn Storelid var dotter av Elen Rolleivstad.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.