Nordlandsliv

av Jon Klæbo

Eit minneblad

Av Olav Lofthus

Ein mann som både målsaka og mykje anna godt og sant i livet venta seg hjelp av, er i haust gått til kvile. Denne mannen heitte Jon Klæbo.

Dei som har lese «Frå by og bygd» vil hugse ein diktring kalla «Den draumen min» som ein gong sto her i tidsskriftet, likeins «Til jul, ei lita tavle frå Nordland» og «Ho Dun-Sesel», to forteljingar om livet nord i landet. Desse stykka som har bore ymse merke, er skrivne av Jon Klæbo, ved sida av mykje anna som han har skrive på andre stader. Eit av dei største skrivne arbeida hans er «Nogle Ord til Minde om A. O. Vinje» som han skreiv for «Bergens Tidende». Han var ein av dei som kjente Vinje best, og han hadde tatt på seg å bere fram eit heilt stort livsbilete av den avlidne diktaren; men hans eige liv rakk ikkje til – nummer 12 av stykka om dette emnet skreiv han dei siste fjorten dagane han levde. Framhaldet lyt ein annan ta i arv etter han.

Jon Klæbo var fødd på garden Glein i Nesna i Nordland. I første ungdomsåra sine rodde han lofotfisket; men trongen dreiv han til å lære meir enn han kunne få greie på frå båten eller i fiskarhytta. Så kom han på seminaret i Troms og vart seinare lærar på ein guteskule i Kristiania. Samstundes las han til examen artium, og etter at han hadde fått artium og tatt andre-eksamen, tok han til å studere teologi. I denne tida var han mykje med i det litterære livet og var kjent som ein av dei beste pennane på den frilynte, nasjonale sida. Men kroppen var ikkje så sterk som ånda. Ein brystsjukdom tok til å tære på han, og så reiste han til Hardanger og vona i det vêrlaget der inne på Utne å vinne att helsa si. Sjølv hadde han aldri trua på at han ville kome seg, og den 29. august flytte han til ein rolegare heim, kring 35 år gamal, sakna av alle dei som hadde lært å kjenne denne fine, reine sjel med det frie syn på livet og vilkåra hos folket vårt, og ikkje minst i målmannsflokken – der vert hans stad vond å fylle. Gje vi hadde mange slike!

Mann som han vart sjeldan funnen,
hjartevarm og god til grunnen.
Vart han ikkje vigd til prest,
var han då i livet fest
mellom dei som lyset kveika,
mellom dei som varmast preika.

Å, han ville gjerne frelse
sjuke folket heim til helse;
sårt det i hans bringe brann,
at han ikkje lenger vann –
ville gjerne lenger skride
fram for lys og liv å stride.

Tungt er å slike miste,
menn som kunne runer riste
djupt i Noregs minnestein.
Få dei er, og ein for ein
ser ein alt i striden falle,
medan andre tar til halle.

Slokna er eit lys or landet –
blankt det skein, men no brast bandet.
Stutt var glansen – på hans grav
blømer då ein Arons-stav:
Det han gjorde, vil ei gløymast,
men som arv av slekta gøymast.

Frå By og Bygd, 1874.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Nordlandsliv

Utgiveren av denne boken, professor Hans H. Skei, har hatt som mål å samle de tekstene Klæbo skrev fra eller om Nordland. Jon Klæbo er i dag en nokså glemt forfatter, men han skrev en god del dikt og fortellinger, for det meste skildringer fra Nordland.

I denne utgaven trykkes ti dikt, fem fortellinger og tre brev. I tillegg inneholder utgaven en biografisk skisse om Jon Klæbos liv og dikting. Utgiveren har også tatt med tre tekster om Klæbo og en samlet oversikt over Klæbos produksjon.

Se faksimiler av Songar og sogor, 1898 (NB digital).

Se faksimiler av Ove Bakkens samling med Klæbo-dikt fra 1934 (NB digital).

Les mer..

Om Jon Klæbo

Salmedikteren Elias Blix kalte Jon Klæbo «den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntes gjekk so altfor tidleg burt fraa oss». Jon Klæbo er i dag en nesten glemt skikkelse i norsk litteratur- og kulturhistorie, men i sin samtid var han en anerkjent ung forfatter og målstrever.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.