Nordlandsliv

av Jon Klæbo

Noko om Glein – fødestaden til Jon Klæbo

Av Hans B. Klæboe

På Jon Klæbo-kvelden som Håløyglaget i Oslo skipa til 6. mai i år, heldt sokneprest h.v. Hans B. Klæboe – ein brorson til diktaren – eit kåseri om Glein, heimbygda til Jon Klæbo, og livet der i midten av førre hundreåret. – Seinare skreiv soknepresten velvillig ned kåseriet etter minnet så eg [Ove Bakken] kunne få nytta det i arbeidet med Jon Klæbo. – Her følgjer nokre av dei mest opplysande bolkane i kåseriet.

Glein ligg på nordaustsida av den store, fagre Dønna rett ut for munningen av den lange Ranafjord. Glein er fleire smågardar på ei slette som hallar jamt ned mot sjøen. Ved arv og kjøp kom noko av den sentrale garden og det som no er oppdyrka av Gleinsmoen i Klæbo-ætta si eige alt i frå 1698 og har sidan høyrt til ætta.

Framom Glein ligg Skipfjorden som den gongen var den vanlege leia. Her drog alle båtane og fartya sørfrå nord til Lofoten og Finnmark i januar og attende same vegen heimetter i april, og elles alle tider på året, med fast hamn i Gleinsvågen som skjer seg inn på sørsida av Glein.

Her voks Jon Klæbo opp. Eg er berre 14 år yngre enn farbror min Jon Klæbo, så min eigen barndom og ungdom fell mest saman med hans.

Eit folkeferd så strevsamt og trottig, så vake som her på Dønna, er vanskeleg å finne. Her er ikkje velstand, her er stadig slit og strid for brødet og for livet. Småbruk og sjøbruk er det stadige yrket for alle. Frå tidlegaste morgon, «i otta føre dag», som dei sa, til seine kvelden var Jon Klæbo og dei to brørne og fire søstrene hans opptatt med arbeid. Men trur du no at dette arbeidslivet var ei keisam tredemølle, så tek du i miss. Her var humør, her var sprakande liv og lått midt i alvors slit.

Her fanst ingen landhandlar. All handel gjekk sørover og kom sørfrå: Bergen var den mektige handelsplassen heilt frå mellomalderen og hanseat-tida. Vår og haust gjekk dei vidgjetne stemnene til Bergen. Kvar vår eller forsumar kom vårstemna. Dei storvakre nordlandsjektene med det veldige storseglet og toppseglet drog sørover med tørrfiskladning til midt oppå masta, i strykande fart mellom fembøringar og mindre båtar. Storseglet hadde svarte rånokkar, for dei sørgde over «han hr. Petter», dvs. Petter Dass. I farmen hadde dei òg sildetønner, lever og trantønner – – – Alle skulle dei til Bergen.

Når dei så kom heim att, var dei lasta med alle slag saker: Ei mengd snøkvite tomtønner med krusty og steinty, med tyvarer og mykje rart: Bergenskringler, rugkavringar, spekulasje og godt – og ikkje å gløyme «bernsblom» – ei ekstra lita gåve til ho mor eller til kjærasten.

Til hauststemna var dei same tønnene fulle av sild og tran og fartyet elles lasta med kleppfisk og tørrkveitesekker, dunballar og meir dylikt.

Utom desse to straumane gjennom Skipfjorden vår og haust kom Bjørnsmarknaden i juli. Han var litt sør for Glein på Dønna. Her var den årlege lokalhandelstemna for Helgeland. Då kom Vefsnværingar, Ranværingar, Sjonværingar ut til Bjørn med storbåtane sine lasta med småbåtar oppe i rommet både framom og attom masta, så dei såg ut som små babelstårn. Her kom all slag trevirke, bøtter, stampar, river og innbu som det trelause Dønna ikkje kan skaffe seg sjølv. Men ute frå Rølvåg, ute frå øyane: Juløya, Træna, Åsvær, Havsteinen, kom dun og fjær, egg i mengd, moltetønner, tørrkveite og annan fysemat, smør, kjøtt, ost – – – Mest ei heil veke stod marknaden på, eit Eldorado for ungdomen, for dei som skulle selje, og dei som skulle kjøpe. Her fann dei unge gutane utifrå «bruretømmer», dei giftande jentene kåra her titt den guten dei trudde på og tykte best om.

No finst korkje Bergensstemnene, nordlandsjektene eller Bjørnsmarknaden meir. Men alt dette fostra ein gong eit rikt og spennande folkeliv som skapte vokster og utlengt hos dei unge. No er alt som ein draum.

Men den store sentrale alvorssamlinga lever enno: Julehøgtida då dei bad farvel med lofotfolket som drog nordover i januar. – Jula var og er den høgheilage festen. Då gjekk ingen lut til nokon granne juledagen. Var det gudsteneste, tala dei knapt med kvarandre på kyrkjevegen. Samrøde og helsingar då vitna om mindre god folkeskikk. – Då kom òg det gode huslivet best fram, då åt husbondfolket saman med tenestefolket.

Det rådde ein stor vørdnad for far og mor. Jon Klæbo sa aldri du til foreldra sine, og mor mi og far min heller ikkje til sine foreldre. Med søskena mine kom skiftet. Vi vart lærte til å seie du. Mor mi fortalte at før konfirmasjonen måtte ho alltid stå attmed middagsbordet, og det var vanskeleg for henne, for ho var høgvaksen.

Dei visste nøye om kvarandre og vog dei ymse ættene nøye.

Glein hadde ein «vardhaug» oppfor Gleinsvågen, ein samlingsplass frå dei eldste tidene. Særleg samlast ungdomen her jonsokkvelden med bål og leik. Her har det vore ein kjempehaug med mange segner. Tenk på segna om Hestmannen og Lekamøya.

Ja, her er eit vake og gåverikt folkeferd – med ettertanke og judicium – – –

Frå Håløygminne, hefte 4, 1933.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Nordlandsliv

Utgiveren av denne boken, professor Hans H. Skei, har hatt som mål å samle de tekstene Klæbo skrev fra eller om Nordland. Jon Klæbo er i dag en nokså glemt forfatter, men han skrev en god del dikt og fortellinger, for det meste skildringer fra Nordland.

I denne utgaven trykkes ti dikt, fem fortellinger og tre brev. I tillegg inneholder utgaven en biografisk skisse om Jon Klæbos liv og dikting. Utgiveren har også tatt med tre tekster om Klæbo og en samlet oversikt over Klæbos produksjon.

Se faksimiler av Songar og sogor, 1898 (NB digital).

Se faksimiler av Ove Bakkens samling med Klæbo-dikt fra 1934 (NB digital).

Les mer..

Om Jon Klæbo

Salmedikteren Elias Blix kalte Jon Klæbo «den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntes gjekk so altfor tidleg burt fraa oss». Jon Klæbo er i dag en nesten glemt skikkelse i norsk litteratur- og kulturhistorie, men i sin samtid var han en anerkjent ung forfatter og målstrever.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.