Nordlandsliv

av Jon Klæbo

Jon Klæbos biografi



Av godtfolk vera fødd

Klæbo blei fødd på Glein på Dønna den 15. september 1839. Foreldra var styrmann Peder Johan Klæbo og Marit Kathrine Bang. På farssida har familien etter alt å dømme røter attende til ein Peder Hanssøn som var prest i Klæbo soknekall ved Trondheim. Slekta til mor hans skal ha innvandra frå Jämtland. Jon Klæbo skal ha likna mest på henne, ei streng kvinne som var «inderlig gudfrygtig paa gammeldags Vis» (Heggtveit 1888, 5). Mest utførleg informasjon om dette får vi kanskje frå Bangs Erindringer, for det er ikkje berre slik at Anton Chr. Bang og Jon Klæbo var søskenbarn – dei to slektene er svært nært knytt til kvarandre slik at mor til Bang også var søskenbarn med Jon Klæbo. Det kan òg vere verdt å nemne at namnet Ole Edvard går att i slekta, og at diktaren med etternamnet Rølvåg er nært i slekt. Når Bang gjev så utførleg greie for slekta han kjem frå, er det ut frå ei vanleg forståing av at det er slekt eller ætt som avgjer kven du er, og at det er stor hjelp og trøyst i det som Vinje – i langt meir allmenn tyding – kalla «av godtfolk vera fødd». På Dønna ser det ut som slektene Bang og Klæbo har vore busett på Solfjell; bestefar til Jon Klæbo på morssida, Anders Bang, hadde gard der. I Klæboslekta kom tre brør til å bu i Våg; den eine av desse var Hans Karl Klæboe som busette seg på Sigerstad, og som med Margrete Mikkelsdatter Hafstein fekk tre døtrer – den eine av desse, Mariane, er mor til Anton Chr. Bang. Den andre av brørne var Peder Johan Klæbo, far til diktaren, gift med Marit Kathrine, og busett på Glein (Gleinsgarden eller det som seinare blei heitande Moen gård). Den tredje broren, Jon, er altså onkel til diktaren og busett i kårstua på Sigerstad. Han var gift, men barnlaus. Bangs ungdomsminne krinsar mykje omkring gamle Jon Klæbo som dei to gutungane, Anton og Jon, hadde stor glede av å vere saman med.

Bang skriv tidleg i sine erindringar litt om foreldra til Jon Klæbo, og det er nok vanskeleg å kome dei nærare eller få meir kunnskap om kven dei var og korleis dei levde enn det vesle vi får her. Om far til Jon Klæbo, Peder Johan, heiter det at «Gaardsbruget gav han sig ikke af med, da han om Vinteren drev Fiske i Lofoten og om sommeren var Skipper, det vil sige Fører – Kaptein og Lods – af en Nordlandsjægt, tihørende Hans Mørch på Hestad» (Bang 1909, 7). Om mor til Jon Klæbo, Marit Kathrine, stadfester Bang det Heggtveit skriv i den biografiske skissa i Digte og Fortællinger: » – en sjelden Kvinne, af et dybt og varmt Gemyt, yndig og harmonisk i al sin Færd» (Bang 1909, 8). Ho fekk mange barn, men Bang nemner så vidt ein eldre bror, Ole Edvard Klæbo, som var evnerik, men hadde hug til sjølivet og fann si grav på havet, men har heller ikkje stort meir å seie om «Digteren Jon Klæbo, min Fætter og Barndomsven», sjølv om han kallar han «denne sensible, poetiske Natur med sin fremtrædende lyriske Begavelse» og lovar at «Om ham vil der senere ofte blive Tale» (Bang 1909, 8). Det løftet held Bang vel eigentleg ikkje, anna enn når det gjeld det dei to delte av leik og skulegang medan Jon Klæbo budde hos onkelen sin, gamle Jon Klæbo, på Sigerstad gjennom vinteren etter at lofotfolka var farne nordover.

Både i kommunal og kyrkjeleg samanheng var den nordre delen av øya (det som frå 1888 blei Dønnes kommune) knytt saman med Nesna. Såleis hadde Dønnes og Nesna felles heradsstyre frå 1838 til og med 1887, og konfirmasjonen var lagt til Nesna. Men det var både kyrkje og skule på Nord-Dønna (Dønnes), og mangt i Jon Klæbos dikting er prega av orienteringa nordover og utover frå Glein. Det er heilt klårt slik at så lenge sjøen var beste og enklaste vegen å kome seg frå stad til stad, var folk på den nordlege delen av Dønna orientert nordover og innover gjennom Ranafjorden. Det organisatoriske samarbeidet med Nesna drog i same retning, men det er båtruter og handelsstader og kommunikasjonsvegar som gjer at vi ikkje må sjå det som altfor urimeleg at Dønna i lang tid var delt i to kommunar – Nordvik (eigen kommune frå 1916, skild frå Herøy) og Dønnes – og at dette varte heilt fram til 1962.


Barndom og ungdom

For Jon Klæbo er det Glein og Sigerstad og skulen i Snekkevika som er stadene på Dønna, men Glein står i ei særstilling. Han tenkte nok som ein annan diktar på denne plassen som der «mor og far sin hugnad fann / og sleit og livde vel». Kanskje bør vi legge til at eit strevsamt liv, ofte i einsemd og under fattigslege kår, kunne få sjølve Barndomslandet til å skine med ekstra glans. I dette som nesten er ein hildringsheim står Mor som det einaste faste punktet som ein kan orientere seg etter. Det gjeld for Bang som for Klæbo at mor har ein eineståande posisjon i minna deira; Bang mista faren på Vestfjorden då han var sju år gamal; Klæbos far døydde i 1859, noko som i alle fall gjorde at berre mor sat igjen heime etter at Jon drog heimafrå for alvor nett det året – for å ta lærarutdanning i Tromsø. I tunge stunder er det minnet om «den kjære smil av mor» som lyser mot mørketid og mismot.

Heimen til Klæbo har nok vore prega av det strenge og gudfryktige liv som var typisk for slike heimar den gongen, og Klæbos biograf, Heggtveit, seier mellom anna at hans «hjem havde noget vist gammeldags og troskyldigt ved sig». Frå han var seks–sju år gammal og fram til konfirmasjonsalderen budde Klæbo om vinteren på garden Sigerstad, ikkje så mange kilometrane frå Glein, hos onkelen sin som han var oppkalla etter. Her leika og las og kappast dei to evnerike gutane Anton og Jon i vinterdagar som får ein dåm av noko draumeaktig over seg slik det blir skildra både hos Heggtveit og hos Bang. Dagane på Sigerstad skal dei ha fått til å gå slik etter det Heggtveit skriv, og som vi langt på veg kan få stadfest om vi går til Bangs Erindringer:

Dagen begyndte de med, at Morgenbøn blev læst turvis af en af dem; derpaa sang de en Salme eller aandelig Sang, hvorefter de tog frem sin «Garnbinding» og bandt Fiskegarn under den Gamles Tilsyn. Efter Middagen stod de enten paa Ski, agede Kjælkebakke eller gik i «Grandestuerne» og saa paa, mens Folk arbeidede. Naar Lyset tændtes, læste de skiftevis hver sin Aften af «Tusind og en Nat», «Holger Danske» eller af «Kongebøgerne» (Sagaerne) til langt paa Kvelden (Heggtveit 1888, 6).

Sidan Heggtveit kjende Klæbo, skulle ein tru at han hadde denne informasjonen frå han, og i så fall hugsar han det same – med same detaljar og same lite morosame anekdotar – som Bang gjer tjue år seinare. Det meste tyder på at Bang er informanten, ikkje Klæbo. For vi veit eigentleg ikkje kor godt Heggtveit kjende Klæbo. Han seier sjølv at han møtte han ein «Septemberdag i 1869» (Heggtveit 1898, 117), og at han sidan var «oftare saman med honom». Likevel er det berre vel halvtanna år seint i Klæbos liv at Heggtveit har med Klæbo å gjere, for sommaren 1871 flyttar Klæbo til Hardanger. Medan Heggtveit samla og så fekk gjeve ut Klæbo-tekstar i to omgangar, er det utan tvil Bang som er fremste informanten, og difor set sitt preg på den biografiske skissa Heggtveit skriv. Det faktum at Heggtveit-arkivet mellom anna inneheld Klæbos brev til Bang, peikar i same retning – Heggtveit har fått breva frå Bang – kanskje for å vere til hjelp nettopp med livshistoria til Klæbo. Det vesle vi veit om barndom og oppvekst, og som vi ikkje kan vere for kjeldekritiske til, sjølv om vi må ta omsyn til avstanden i tid, minneforskyving og/eller det ein vil oppnå med det ein skriv, har vi frå Bang, og det vi har frå Heggtveit, har nok han frå Bang. Vi kunne ønskt oss betre, men har det ikkje. Så her er nokre detaljar frå vinterlivet på Sigerstad slik Bang skriv om det i 1909:

Jeg ser tilbake til det personlige Samvær med Jon Klæbo Vinter efter Vinter som den lyseste og lykkeligste Side ved min Ungdom. Formiddagen tumlede vi os i Sneen, gik paa Ski eller Skøiter og levede et friskt og herligt Friluftsliv. Baade Skøiter og Ski lagede vi os selv. Til en Begyndelse nyttede vi Tøndestave, som det var let at gjøre Skier af; siden gik vi så til Bord, som vi høvlede til, gav fornøden Bøining, indsmurte med tjære og Talg og forsynede med Paabinding. Jern til vore Skøiter fik vi af udbrugte Ljaaer, som vi hug til og slibede og satte ind under Træverket. Saaledes var vi selvhjulpne, og vor barnslige Idræt kostede ingenting. Om Eftermiddagene samledes vi hos gamle Jon Klæboe, naar det var blit saavidt mørkt, at Lyset maatte tændes og «Kveldsseta» kunde begynde (Bang 1909, 69).

Vi veit så godt som ingenting om korleis Klæbo hadde det gjennom oppvekståra på Glein, og det er stort sett berre allmenne utsegner og nokså fri dikting om vi freistar finne ut korleis han hadde det på skulen. Vi veit at han gjekk på skule i Snekkevika og hadde Andreas Paulsen som lærar, og vi kunne gå til Bangs Erindringer igjen for å sjå korleis han vurderte læraren og det dei lærte. Men eg er ikkje sikker på at vi kjem nærare Jon Klæbo og det som kan ha vore avgjerande faktorar i utviklinga hans. Ein kunne spekulere vidare på ei nokså merkeleg utsegn som Klæbo kjem med i eit brev til fetteren (15.12.1870). Klæbo drøftar spørsmålet om å ta i bruk meir av eigen dialekt i bruken av landsmålet og seier at han kanskje ein gong skal prøve seg på dette – «jeg har adskilligt Stof ifra Glein og det omtumlede Liv jeg havde at gjennemleve i Barneaarene». Dette «omtumlede Liv» veit vi strengt tatt ingenting om. Kva har Heggtveit å seie om oppvekståra til Klæbo ut over det vi alt har sett på?

Ingenting. Ut over det vi alt har nemnt, er Heggtveit innom skulegangen og seier det same som Bang skal skrive seinare, og som handlar om lærar Paulsen og korleis han tok seg særskild av dei to evnerike fetrane og førte dei lenger fram i kunnskap enn ein skulle vente. Skulegangen var berre fem veker om året, og Klæbo var om lag åtte år då han byrja skulegangen. Både Bang og Klæbo kom frå heimar som sette si ære i å lære ungane å lese før dei kom på skulen, i ei tid då mange meinte skulegang var bortkasta tid – mellom anna fordi skulen heldt barna borte frå arbeid som kunne vere avgjerande for om ein familie klarte seg gjennom onnearbeid, fôrknipe eller den lange vinteren med dei vaksne karfolka i Lofoten. Jon Klæbo var i og for seg heldig, sidan han var fødd i 1839, og skulen i Snekkevika blei bygd i 1836 (påbygd 1852). Han var også heldig som fekk ein kvalifisert lærar – dvs. ein med seminarutdanning – som såg evnene hans og tok ekstra omsyn til dei. Det same må ein ut frå alle vitneprov, same kor udokumenterte dei er, kunne seie om konfirmasjonssommaren hans på Nesna i 1856. Her fekk han opplæring i seks veker av sokneprest Dometius, og sommarvekene «stod for ham som en saare lykkelig Tid» (Heggtveit 1888, 7). Det er fullt mogleg at undervisninga hos Dometius var med på å stake ut livsvegen for Jon Klæbo, i alle fall om vi samstundes tar omsyn til at fetter Anton Chr. Bang, sjølv om han var året yngre, gjekk føre og gjorde dristige val som Jon Klæbo knapt ville ha våga om han ikkje hadde eit førebilete. Han meinte nok òg at han kunne klare det same som fetteren gjorde. Bang er sjølvsagt ikkje i tvil om at det var han som fekk Klæbo på tanken om å gå skulevegen: «Efter mit Raad og vistnok ogsaa ledet ved mit Exempel lod han sig optage som Elev av Seminariet [i Tromsø] i 1859. Her fik da hans ypperlige Evner Adgang til at begynde at udfolde sig» (Bang 1909, 106).

Men før Klæbo gjer slike val, gjer han det same som så mange gutar i hans alder – han blir fiskar og ror i eit par år etter konfirmasjonen lofotfisket saman med den eldre broren, Ole Edvard. Han såg ut til å velje det yrket og den levevegen som var mest nærliggande for nordlandsgutar flest den gongen. Røynslene frå Lofoten og frå livet med båt og sjø i det heile tatt har utan tvil sett merke på det meste i den skjønnlitterære forfattarskapen – sjølvsagt aller mest det som omhandlar liv og levevis i Nordland. Detaljkunnskapen om båtar og segl og havstykke og reiskap er viktig i mange tekstar, men det er likevel haldninga til materialet og den stemningsskapande evna Klæbo har, som gjer dei til meir enn høvesdikt eller heimstaddikting.


Seminarist og lærar

Klæbo kom til Tromsø seminarium i 1859, året etter Bang. Etter to år der tok Klæbo eksamen med utmerking; 1,50 i hovudkarakter og gåve for flid fekk han med seg: «et pragtfuldt indbundet Eksemplar af P. A. Munchs Nationalverk, ‘Det norske Folks Historie’, som Hs. Majestæt Kongen havde ladet tilstille Seminarierne til saadant Brug» (Heggtveit 1888, 7). Straks etter blei han huslærar hos lensmann Oxaas i Lyngen. Heggtveit og fleire (som vel har det frå Heggtveit) slår fast at han var der i to år, og frå brev veit vi at lensmannen lånte pengar til Klæbo slik at han kunne kome seg sørover og ta til med å studere. Dersom han arbeidde her to år etter eksamen i Tromsø i 1861, høver det godt med at han kom til Christiania og tok til å arbeide og lese der i 1863. Ingen har stilt spørsmål ved den enkle og tilforlatelege forteljinga om at Bang var begynt å studere i Christiania, og han var den som skaffa Klæbo eit vikariat som lærar ved Haugerud skole i 1863. Men ein skuleprotokoll frå Aars & Voss skole – der Klæbo kom til å arbeide i mange år – står det at han «1862–63 var vikarierende Lærer ved en Almueskole i vestre Aker» (Aschim, upub.). Det at Klæbo gjekk opp til artium i august 1864 og klarte seg godt, mellom anna etter privatundervisning i gresk og latin hos fetteren, høver betre med at Klæbo kom sørover i 1862 og ikkje året etter. Det må ha vore stridt nok å klare det han gjorde på to år, og nesten utenkeleg å klare det på eitt år. Det er også klårt at den han vikarierte for, tok artium i 1863, og då må året 1862 vere rett.

Same korleis vi ser det, og same kva krefter og påskundingar og tildriv vi kan finne fram til, har Jon Klæbo sett ut på ei reise som ein sikkert kan kalle «klassereise», men som òg er mangt anna og mykje meir enn ei rørsle frå periferi mot sentrum eller ei sosial rørsle oppover. Vi må også hugse at Klæbo gjorde all sin innsats på folkeleg grunn og til opplæring og oppfostring av nye slekter. Han visste kven han skulle tene. Med grunnlag i ein djup, men frilyndt kristendom og folkeopplysning som rettesnor, kom han etter kvart til å streve for eit folkeleg opplysningsarbeid og for å skape – eller reise opp – eit nytt norsk skriftspråk. Det er nesten ikkje til å tru at Tromsø alt på 1850-talet kunne fostre så mange landsmålsbrukarar – frå Blix via Bang til Klæbo for å halde oss til dei mest opplagte – og alle desse fekk tru og framtidsvoner styrkte når dei i Christiania møtte folk som Vinje og Christofer Bruun. Blix og Bang blei kalla dei to nordlysa, noko Bang ikkje let vere å nemne i sine Erindringer. I motsetning til mange andre bondestudentar frå Nordland var dei ikkje berre evnerike, men makta å fullføre lange studium ved sida av arbeidet som lærarar. Seinare nådde dei langt – Blix var både professor, statsråd og stor salmediktar; Bang var ei kort tid professor, var også statsråd, og toppa karrieren som biskop i Oslo. Vi kjenner til andre unge menn frå Nordland frå same tida som fullførte utdanninga og fekk prestekall, men vi kjenner òg til dei som gjekk seg vill på den lange vegen frå fjordbygd eller øy til byliv, fattigdom og slit for å kome seg opp og fram i Christiania på 1860– og 70-talet. Jon Klæbo var ein av dei – sjølv om vi kan hevde at han gjorde eit litt ubestemt val etter å ha laga dei første skriftstykka sine og difor ikkje gjorde ferdig universitetsutdanninga. Skrivinga kom frå då av – 1868 – heilt klårt i vegen for teologistudiet som Klæbo likevel ikkje vil gje heilt opp. Breva til fetteren syner at han lenge held fast både på arbeidet som lærar ved Aars & Voss og følgjer utvalde forelesingar i teologi og filosofi – mellom anna ei forelesingsrekke over Kierkegaard.


Haugerud og dei første åra i Christiania

Men lat oss vende attende til Haugerud og det miljøet Klæbo kom inn i då han var vikarlærar ved skulen der, og samstundes skulle lese til artium (som den gongen var inngangs-eksamen til universitetet og ikkje avgangseksamen frå gymnaset).

Alt før Klæbo kom til Haugerud, hadde fleire av nordlandsstudentane for vane å dra dit etter kyrkjetid om søndagane. Bang fortel nokså detaljert om dette, og det var nettopp Bang som fekk Klæbo til Haugerud som vikar for Johan Olsen som han kjente frå Tromsø (Bang 1909, 120). For Klæbo må dette første året som lærar og student ha vore lærerikt og inspirerande, og ein må kunne seie at han var uvanleg heldig som kom inn i krinsen kring verkseigar Brandt på Haugerud gard. Mellom dei menn Klæbo her kunne møte og bli kjent med, var m.a. Elias Blix og A. O. Vinje. Bang seier rett ut at Haugerud for Vinje var «et annet hjem», og det kom ikkje minst av at «der lyste Husets Døtre op for ham» (Bang 1909, 121). Klæbo var mykje heime hos familien Brandt og sette nok også pris på dei fire døtrene – Anne, Trine, Bertha og Jenny – «Haugerudfuglarne» som Vinje kalla dei. «Omgangen med Husets Døtre blev af ikke ringe vækkende Betydning for hans Digterliv», skriv Bang og hevdar det er alminneleg kjent at fleire av dei vakraste dikta har funne inspirasjon på Haugerud. Bang vil ikkje vere indiskret nok (!) til å gå nærare inn på dette, men det synest klårt at Klæbo har hatt eit godt auge til Bertha, som var jamaldrande med han. Det er ikkje mogleg å prove det Bang her seier om at fleire Klæbo-dikt har blitt til på Haugerud; einaste dømet måtte vere «Ei gjenta». Det er dessutan klåre indikasjonar både på forelsking og fortviling over det som ikkje blir til noko – og som kanskje aldri kunne bli til noko – i fleire av breva Klæbo skriv til fetteren i 1869 og 1870. I april 1869 fortel han at han har vore på Haugerud berre ein gong sidan før jul. «Hvor alt er forandret deroppe! Jeg agter heller ikke at fortsætte» (Brev til Bang, 29.4.1869). Det er heilt klårt at Klæbo er langt nede over noko han har opplevd på Haugerud, og no er det så visst ingen kvinner som dreg han dit: «Hos Stud. Brandt har jeg været en Søndagskveld. [ …] Heller ikke did har jeg Lyst at gaa. Ingen af Damerne der, og jeg skulde være fristet til at sige, i den vide Verden, har noget fængslende ved sig» (Brev til Bang 19.9.1869). I eit seinare brev blir det heilt tydeleg at han kjenner seg heilt åleine og einsleg, han er «saa sønderknust, som jeg knapt har vært paa lange Tider, naturligvis æsthetisk og over Stjernernes Fjernhed» (Brev til Bang, 27.11.1869). Men i same brevet blir det klårt at det står kvinner bak – «Nu maa da alle Kvinder for mig gjerne have ‘godan Dag’». I eit seinare brev fortel han at han nesten aldri er på Haugerud, og alt tyder på eit brot eller konfliktar som han ikkje kan kome over.


Målsak

Trass i dei nederlaga som Klæbo må ha opplevd i høve til Haugerud og ei av jentene der, er det liten tvil om at miljøet og menneska han først møtte der, blei avgjerande på mange måtar. Det er neppe tvil om at møtet med Vinje har vekt målsaka hos han, sjølv om han verkeleg blei heilt omvendt etter å ha høyrt Christofer Bruun tale i «Studentersamfundet som Forsvarer af Maalsagen» i 1866. Klæbo skriv om dette i «Fortrolige Breve fra en Samtidig» i første brevet i Bergens Tidende, 1873, og seier at Bruun «erobrede mig. Hans Ord havde en ganske forunderlig Magt; deres Virkning var som et Nedslag; de var uimotstaaelige. [ …] Sagen selv havde jeg før været i Berørelse med, men aldri saa levende. Bruun «erobrede» min hele Sympathi for denne store Sag» (Håløygminne 1933, 104). At Klæbo i all si brevskriving og i bokmeldingar og faglege artiklar skreiv dåtidas riksmål, slik det går fram av mange sitat ovafor, var i og for seg i tråd med kva dei fleste gjorde. Når han tok i bruk landsmålet i dikt og forteljingar, var det nesten som å gå inn i eit språk som blei til medan han skreiv. Aasen hadde lagt grunnlaget og gitt prøvar av landsmålet; Vinje hadde vidareutvikla og gjort språket rikare, og dei første salmane til Blix kom også ut om lag samstundes med at Klæbo prøvde seg i dette ukjende og nye – og eg trur vi må seie – med stort hell. Målsaka blir ein kamp på folkeleg grunn og til beste for fedrelandet og for dei høgste ideala Klæbo har, og han opplever mange vonbrot i arbeidet for landsmålet. Kanskje er det først i meldinga han skriv av dei to første hefta med Blix-salmar (omsette og eigne) at Klæbo verkeleg ser framtidsvoner i landsmålet, no som det kan kome inn i kyrkja og folket kan synge til Herrens pris på sitt eige mål.


Bondestudentar frå Nordland – eit sterkt nettverk

Vi har plassert Klæbo i eit av dei mange miljøa han kom til å høyre til eller virke innafor det knappe tiåret han var i Christiania som lærar og som student. Vi har sett at han tilhøyrde ein krins av viktige kulturberarar og kom til å bli sterk tilhengar av målsaka. Men Haugerud var berre ei opning og ei byrjing på eit liv i strevsamt arbeid der det meste av tida gjekk med til å undervise elevar i grunnskulen – 24–25 timar i veka – og dei første par åra til å skaffe seg grunnlag for å kome inn ved universitetet. Likevel var Klæbo med i mange samanhengar og tilhøyrde på sett og vis eit laust samanbunde nettverk der «bondestudentane frå Nordland» var i fleirtal. Han var ofte berre fast inventar på møte og samkomer, utan å ta ordet og utan å vere den som ivra mest for ei sak. Det kunne andre nordlandsstudentar som Carl Johan Nielsen (sjå: http://www.luroy.folkebibl.no) eller Elias Blix eller Anton Chr. Bang gjere, medan Klæbo virka i det stille og var med. Det gjeld «Den nordlandske Forening» som blei stifta i oktober 1862. Vi veit ikkje om Klæbo var med frå byrjinga, men det er rimeleg å tru at nokre av høvesdikta han skreiv som dei første litterære arbeida, nettopp er knytt til møte eller festar i denne foreininga. Han var elles med i Studentersamfunnet, og på eit bilete med portretta av dei som jamt møtte i «Det grønne Værelse», finst han med som ein av krinsens faste medlemmar – heilt sikkert som den minst kjente av alle der (Collett 2010, 77). Dei fleste andre blei professorar eller i det minste stortingsmenn! Han var med på stiftinga av «Det norske Samlag» i 1869, men valde å stå utafor styre og stell, medan både Blix og Carl Johan Nielsen – som Klæbo ei kort stund delte hybel med, og elles sto svært nær – blei sentrale menn der. Han hadde like sjølvsagt kontakt med stortingsmennene som kom frå Helgeland, og frå 1869 blei det årlege tingsamlingar som gjorde at han og kameratane oftare kunne treffe Johan Augustinussen som han kjende frå konfirmasjonsførebuinga på Nesna og Sivert Nilsen (frå Vik i Sømna) – seinare visepresident på Stortinget.

Som vi har sett, las Klæbo til examen artium medan han var lærar på Haugerud og fekk hjelp av fetteren, Anton Bang. Heggtveit skriv at Klæbo gjekk frå Haugerud kvar dag for å lese gresk og latin med fetteren, men det får vi tru ikkje var tilfelle – det er ein nokså dryg tur. I alle fall framstilte han seg til eksamen som privatist og klarte seg brukbart (haud som karakter) i august 1864. Året etter gjer han unna examen philosophicum («Anden-examen») med god karakter (laud), og frå hausten 1865 blir han tilsett som lærar på den nystarta skulen til Aars & Voss med 24 timar undervisning i veka. Han får som andre nordlandsstudentar støtte frå Schyttes legat som blir styrt frå Universitetet sentralt. Dei seks riksdalarane han får i månaden, er heilt avgjerande. Klæbo har slik støtte gjennom så mykje som seks år, før rektor nærast gir beskjed om at han ikkje bør søke meir. Noko forbitra tek Klæbo opp denne saka i eit brev til fetteren, men ingen av dei vil gjere noko som kan stille dei i eit dårleg lys ovafor dei som bestemmer ved Universitetet. Legatet kan gjerast om til reisestipend når eller om det ikkje finst anna behov for det, og menn som Blix og Bang som hadde større driv i seg til å kome opp og fram, visste at dei først måtte ut til dei kjende lærestadene i Europa. Dit kom Klæbo aldri; han studerte halvhjarta og stadig mindre etter at han tok til å skrive. Frå 1868 er nok studietida over, sjølv om vi alt har nemnt at han lengst mogleg, også etter at han blei sjuk, heldt fast på at han ville studere.

Heggtveits første møte med Klæbo fører til eit langt vennskap, og til at vi både har bøker og brev frå Klæbo tilgjengelege den dag i dag. Møtet fann stad «en vidunderlig deilig Septemberdag» i 1869, og førte dei til Klæbos hybel «oppe i Pilestrædet, Huset ovenfor Langaards Tobaksfabrik. [ …] Et lidet, lavt Tagkammer med et eneste Vindue mot Nordvest» (Heggtveit 1888, 5). Det var nok frå dette «tronge Bur» han såg ut på sjødriv og rokk, og skreiv «Burte frå heimen» (1869), og det kan godt vere at Klæbo kjende seg åleine og heilt overgitt til seg sjølv, også før tæringssjukdommen tok meir og meir på. I breva til Bang, som i denne tida er prest på Gran på Hadeland, gjer Klæbo sitt ytste for ikkje å syte eller klage, men det skin klårt gjennom kor åleine og forlaten han kjenner seg. Det er ingen grunn til å tvile på at det etter kvart blei slik, men elles var Klæbo som student og lærar i Kristiania kome såpass langt og «høgt» at han hadde mange venner og kjente i det vi må kunne kalle nokså høge lag av det norske samfunnet. Han fortel ein stad at han var på julefest, men dansa ikkje fordi han var heilt bergteken av Blix-salmane han nett hadde lese. Eit anna brev er skrive under og etter ein fottur i Valdres og over Haukelifjell – andre av kollegaene hans (ikkje minst Carl Johan Nielsen) var meir ivrige fotturistar i fjellheimen.

Klæbo held altså fram med å følgje forelesingar i teologi i åra frå 1865 og framover, men det er lite eller ingenting som tyder på at han les målretta og mot eksamen. Han var sterkt interessert også i historie og norrønt. I ein liten tekst frå 1870 siterer han frå Egilssoga på norrønt. Han deler den knappe tida han har mellom mange interesser, og han underviser trass alt 24–25 timar i veka. Det er òg heilt klårt at han les mykje som i alle fall ikkje har universitetseksamen som mål, men som etter kvart fører til eige skrivearbeid. Det ligg mykje lesing og brei kunnskap bak artikkelserien «Træk af det norske Folks Aandsliv» frå 1868, men elles er det berre få og nokså ubetydelege skrivearbeid – mest høvesdikt – som er å finne frå tidlegare år.


Eit slitsamt dobbeltliv – tilhøvet til Anton Chr. Bang

Gjennom fem–seks år lever altså Klæbo eit dobbeltliv som lærar i full stilling, og som teologisk student ved Universitetet. Han følgjer rett mange forelesingar dei første åra og gjer i brev til fetteren nokså detaljert greie for kva han set pris på og kva dei ulike professorane har å bidra med. Men det blir aldri nemnt med eit ord kor langt han har kome, eller om han i det heile tatt nærmar seg eit punkt der han kan gå opp i alle fag til avsluttande teologisk embetseksamen. Han skriv om bøker han må skaffe seg, sjølv om dei kostar meir enn han har råd til, og det er først etter fleire år at han gir uttrykk for at det står dårleg til når det gjeld studiane. I brev til Bang 19. september 1869, like etter at Klæbo har fylt 30 år, fortel han at han «naturligvis» har begynt «med Bøgerne». «Men det er fælt meget, huf. Og saa har jeg glemt saadan alle gamle Sprog, at det er en Skam at vide. [ …] Jeg skal snart tage frem Genesis, og der har jeg til det Hele med Omhu skrevet Gloser. Igaar Kveld skulde jeg prøve Tertullians «de anima», men ved du hva, det gikk sejgt, gruelig.»

Dette litt fortvila utbrotet kjem i forlenginga av ein freistnad på å leggje framtidsplanar, som kanskje er knytt til dei første teikna på alvorleg sjukdom. Det var nett utover hausten 1869 at Klæbo fekk greie på at han hadde tuberklar i halsen, og desse flytte seg etter kvart til lungane. Han fortel til fetteren at han har tenkt å seie frå seg posten på skulen til sommaren, og spør om han då kunne vere hos fetteren eit halvt år, for så å skrape saman pengar til eit siste halvår i byen. Det tyder på at han faktisk enno trur at han kan gjere ferdig studia og kome seg vidare. Men kjensla av nederlag, av å vere åleine i verda, og kanskje også av å føle seg underlegen og avhengig i høve til den eitt år yngre fetteren som no er prest på Gran med kone og barn, skin gjennom klårare og klårare. Det behøver ikkje bety noko at breva til Bang frå 1869, som er dei viktigaste og mest opplysande av alle breva eg har sett, skiftar i tiltale frå «Kjære Bang» (29.04.1869) via «Kjære Anton» (19.09.1869) til «Kjære søde Fætter» (27.11.1869), men når Klæbo i siste brevet også gir uttrykk for at han set pris på at Bang «heller ikke undlader at vedkjende Dig mig uverdige som din Slægtning her paa Østlandet», er vi i nærleiken av ein mann som på kne bed om hjelp – utan å få den hjelpa han treng.

Men Bang ser ikkje ut til å ha svara på spørsmålet om Klæbo kunne få bu hos han eit halvår. Vi veit òg at Klæbo før har spurt om innlosjering – mot betaling – hos Bang på Sjo prestegard i feriane, og vi veit at han var der sommaren 1869. Han skriv med stor takksemd om dette i eit av dei lengste breva til Bang (27.11.1869), men det har tilsynelatande ikkje vore utan konfliktar: «Jeg fandt nok og det, som kunde saare». Han seier seg i same brevet lei for at han ikkje kan kome til Gran – etter alt å dømme gjeld det dåpen av første barnet til Bang, for Klæbo spør om kva namnet skal bli. I brevet frå 19.09.1869 skriv Klæbo også at han sikkert venta «Dig og Laura [Bangs hustru] hidind under Jubilæet, se det slog fejl.» Det må vere sin eigen 30-årsdag Klæbo viser til, men han hadde venner på besøk på sjølve dagen, og dagen etter kom både Elias Blix og Carl Johan Nielsen med fleire og helsa på. Det er sjølvsagt slik at dei viktigaste breva frå Klæbo til Bang nettopp gjeld perioden medan Bang var på Gran, og som fell saman med dei vanskelegaste åra til Klæbo – år då framtida og livsvegen såg ut til vere uviss og ukjend. Det er fullt mogleg å meine at Klæbo ikkje fekk den støtte og hjelp han trengte frå Bang, men det er lett å forstå korleis det måtte bli slik, og så vidt eg kan skjøne, liten grunn til å laste Bang for å ha svikta då Klæbo mest trengte han. For å kunne gå nærare inn på forholdet mellom dei to, måtte vi ha tilgang til båe sider av brevvekslinga.

Det er likevel eit poeng til som må nemnast når det gjeld mogleg usemje mellom fetrane. Klæbo trudde fast og fullt at han kunne gjere noko for folket sitt. Heggtveit legg stor vekt på dette, og det kjem til uttrykk i fleire av breva til Bang. Anton Chr. Bang har begynt på ein karriere som skal føre han langt oppover i samfunnet, og alt no kring 1870 har han endra seg så mykje at han på det næraste kjem over på tankemåtar som høyrer til i den samfunnsklasse han vil høyre til – embetsmannsstanden. Det handlar om å ha ein elite som kan løfte massane; ikkje å tru at ein kan starte i det folkelege og arbeide seg framover og oppover. Klæbo står på det han alltid har trudd på sjølv, kall det gjerne eit «bondestandpunkt», men i alt han skriv, er det trua på folket og på opplysning til framgang som skin gjennom. Det er heilt klårt at dei to fetrane her har skilde syn, og at det til slutt er slik at Klæbo seier seg nøgd med at Bang framleis er målmann!

Det er mogleg at dette er å vurdere som eit brot mellom Klæbo og Bang, sjølv om Bang fortel at dei var venner heile livet. Men han seier også tidleg i Erindringer at fetteren kjem til å bli omtalt ofte, men det skjer ikkje. Han er siste gong nemnt som gjest i Bangs bryllup i 1868, og breva dei i mellom og det faktum at Klæbo var på vitjing på Gran, skulle gje rom for litt meir i erindringsboka. Sokneprest Hans B. Klæboe, brorson av diktaren, skal ha fortalt om brotet mellom fetrane (Håløygminne 1933, 104), utan at det blir sagt noko om kva det galdt. I bladet står det at biskop Bang skreiv «eit vakkert føreord til den fyrste samlinga av Jon Klæbo sine skrifter. Men i den tida Jon Klæbo trong han mest, var han lengst unna» (s.105).


Landsmålsdikting for Svein Urædd

Det er liten grunn til å gruble meir over tilhøvet mellom dei to, men nære venner for livet var dei knappast. Vi må følgje Klæbo vidare, frå det punktet der han er nær ved å gi opp studia ved universitetet hausten 1869. Han har kome sørgjeleg i bakleksa, og når han våren etterpå så lett let vere å protestere mot at han ikkje lenger får pengar frå Schyttes legat, er det kanskje nettopp fordi han eigentleg ikkje er student lenger. Han er ikkje frisk, og det han gjer, er først og sist å lese og å skrive. Med unnatak for lause høvesdikt og det store arbeidet «Træk af det norske Folks Aandsliv» er heile hans skribentverksemd knytt til dei fem siste leveåra – det vil seie frå 1869 til 1874. Frå 1869–70 finst tre omfangsrike bokmeldingar – to av dei på landsmål. Om vi ser bort frå dei tidlege dikta, er all Klæbos skjønnlitterære verksemd frå desse siste leveåra – bortimot tretti dikt, fem eller seks forteljingar eller noveller, og nokre brev som må vurderast som litterære essay. To omfattande artikkelseriar blei til i siste leveåret – «Fortrolige Breve fra en Samtidig» og «Nogle Ord til Minde om A. O. Vinje».

Det tok for alvor til medan han enno var i Christiania, og enno hadde bøkene sine rundt seg, underviste på formiddagen og gjekk på forelesingar på kvelden. Mykje av verksemda er knytt til det vesle studentbladet Svein Urædd, og det kan godt vere at vi ville hatt mindre frå Klæbos hand om det ikkje var for dette bladet, og det han ved å skrive der, kunne gjere for målrørsla. Både det han skriv i eit par brev til Bang om dette bladet, og det han skriv i bladet, er verdt å sjå nærare på.

I eit brev til Bang dagsett 29.04.1869 legg Klæbo ved eit nummer av Svein Urædd, og han sender i tillegg «Salmarne» frå sjølve utgjevaren (som valde å vere anonym, men det var sjølvsagt Elias Blix). Her er det to svært interessante ting å merke seg: For det første at Klæbo fortel kva han har skrive i det nummeret av Svein Urædd han sender til fetteren, slik at det for første gong let seg gjere å slå fast at Klæbo er mannen bak desse tekstane. For det andre dette at Klæbo vidareformidlar Blix-salmane på vegner av forfattaren. La oss gå litt nærare inn på båe desse momenta.

Rett før Klæbo nemner «Et nummer av Svein» har han fortalt at han ofte får brev frå Nordland, og at «Gamle Mutter har nylig sendt mig et Kvartel med Smør, Ost, Kjød, Lefser (desværre mulede) osv., en rig sending». Han fortel også at han ofte får brev frå Nordland, noko han klagar over at han ikkje gjer andre stader. Klæbo har brukt brev frå Ivar Klæbo (1848–1926), bonde og drivande lokalpolitikar gjennom mange tiår i Dønnes kommune (ordførar 1902–1907), som underlag for fleire småstykke i Svein Urædd. Kor direkte han skreiv av, veit vi ikkje, men det viktigaste med brevet til Bang er at vi no veit at Klæbo er mannen bak fleire tekstar som vi før berre kunne mistenke var av han: «Et nummer av Svein med ‘Ei Rispa fraa Nordland um meg sjølve’ sendes vedlagt. Hvorfor vil Du ej holde dette Blad? Jeg er glad i denne Rispe, der er let Sprog, synes jeg. Dessuden har jeg i Svein skrevet et Brev om Aasverfisket og et fra Lofoten efter Ivars Brever».

I åra kring 1870 – før Klæbo må seie opp stillinga si ved Aars & Voss våren 1871 og reise til Hardanger i eit forsøk på å bli frisk – skriv han det meste på landsmål nettopp for Svein Urædd. Mot slutten av 1870, i eit brev av 15.12., fortel Klæbo at han har skrive om salmane til Blix, sjølv om dette skjedde motvillig: «Jeg havde langt ifra god Hug til at skrive om Salmerne». Det er merkeleg, både ut frå kor begeistra den lange meldinga i Svein Urædd (Nr. 42, 43, 45 for 1870; også i Klæbo 1888), og frå andre vitnemål om kva salmane betydde for Klæbo, både som målmann og som personleg kristen. Blix fortel sjølv om dette i talen han heldt under eit storslått festmøte i Logens store sal i Kristiania. Biskop Bang hadde, sjølvsagt, halde hovudtalen for Elias Blix, på bokmål, medan Blix svarar på landsmål. Undervegs nemner han mange nære, bortgagne venner som gjorde at han heldt motet oppe også i vanskelege tider. Klæbo er ein av dei:

Deretter maa eg nemna min kjære Ven John Klæbo, den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntest gjekk so altfor tidleg burt fraa oss. Han var reint hugteken i desse salmarne; eg hugsar so grant ein dag, eg møtte Vinje, som kom fraa trykkjeriet, der «Dølen» kom ut; han sagde daa med lysande andlit: aa Herre Gud, no skulde du sét Klæbo; han sat ned i trykkjeriet og las paa eit ark av dine salmar og gret av gleda, so taarorne hagla. Sidan skreiv Klæbo ei lengere melding i bladet «Svein Urædd», der det gløder av eldhug og barnleg gleda (Aschim 2008, 461).

Bokmeldinga «Um ‘Nokre Salmar’» er saman med meldinga «Ei dansk Bok», båe i Svein Urædd i 1870, dei einaste sakprosatekstane vi har frå Klæbo på landsmål. Men vi kan nok rekne hit også breva frå Lofoten og Nordland, og eit par tekstar som nærast er meldingar om fisket i Lofoten, sjølv om dei har form som brev til bladet, og i ein viss grad er gitt litterær utforming. Heilt på slutten av 1870, før Svein Urædd gjekk inn eller skifta namn (til Andvake) og valde ny språkpolitisk line (skulle skrive talenært, fjerne alle stumme lydteikn), kom Klæbos første forteljing på trykk, «Tvo Dagar i Nordland». Sjølv nemner Klæbo dette i brevet til Bang 15.12.1870: «Som Du vil se av «Svein», kommer det en Skisse «Tvo Dagar i Nordland» af mig, og dermed legger jeg Pennen ned i Landsmaals-Litteraturen for lange Tider. Jeg havde nemlig Lyst til selv at se Landsmaalet brugt med en nordlandsk Farve over sig.» Han spekulerer vidare over det å nærme seg sin eigen dialekt og seier at om han skulle gjere eit større arbeid, ja, så vil han halde seg til det nordlanske så mykje som mogleg. Langt seinare skriv han i eit brev som Heggtveit viser til og siterer frå, at det for han er naturleg å søke tilbake til «de første Erindringer. Netop Barndomslandet drager mig nu med stærkere Magt end før» (Heggtveit 1888, 10). Noko større skjønnlitterært arbeid blei det aldri, men det blir eit par forteljingar og mange dikt som heilt klart byggjer på barndomsminne frå Nordland, og som heilt medvite tar sikte på å gjere Nordland og nordlandske skikkar kjent.


Sjukdom, opphaldet i Hardanger

I 1871 måtte Klæbo slutte som lærar, og etter legeråd flytta han til Utne i Hardanger for om mogleg å vinne att helsa. Opphavleg var det Ulvik han planla å reise til, men det blei forkasta ut frå klimatiske tilhøve. Utne i Ullensvang skulle vere betre, og Klæbo vona sjølvsagt å bli frisk att. Han såg fram til å kome til «det underdeilige Hardanger, hvor gammel Kummer glemmes» (Heggtveit 1888, 9). Han drog dit i midten av juli 1871 og blei altså verande til sin død i slutten av august 1874. Heggtveit fortel at han kom seg til å begynne med, han blei «tyk og fed, og det saa ud til, at der i Sygdommen indtraadte en Stansning» (Heggtveit 1888, 9). Han skreiv framleis brev til søskenbarnet Anton Chr. Bang, som i den tid Klæbo var i Hardanger, først flytte til Tromsø seinsommaren 1872 og overtok ei stilling som kateket der. Om lag samstundes som Klæbo døydde og blei gravlagd i Hardanger, kom Bang tilbake til Christiania som prest ved Gaustad Asyl (tidleg september 1874). Klæbo har framleis fetteren i tankane og trur han kan vere til hjelp. Det ser vi mellom anna av eit brev Klæbo skreiv til vennen og studiekameraten Carl Johan Nielsen. Dei to breva til Nielsen, frå 27.03.1874 og frå 05.07.1874, fortel meir om Klæbos siste dagar enn minne og rekonstruksjonar av andre kan kome i nærleiken av. Elles er det lite konkret vi har å halde oss til når det gjeld korleis Klæbo levde i Utne – det beste er så vidt eg kan skjøne, det Margreta Lutro kan fortelje, ut frå kva andre har fortalt henne (Håløygminne 1933, nr. 4, 109–111). Teksten finst bak i denne utgåva av utvalde tekstar av Klæbo – i eit tillegg som omfattar tekstar om diktaren. Ein artikkel av Halldor O. Opedal frå 1863 har nok mykje av informasjonen frå Lutro, men byggjer kanskje óg på munnleg overlevert materiale frå Utne. Ei kort skisse av korleis Klæbo levde og virka dei tre åra i Utne, ser ut til å kunne vere om lag slik:

Klæbo kom til Utne midtsommars 1871 og fekk bu på loftet over tingstova hos «Mor Utne» på den gamle gjestgjevargarden der. Han friskna litt til første tida, blei kjent med folk, og fekk endåtil høve til å halde skule som «vikarlærar». Andre fortel at han begynte å halde ei «privatskule» i Midtunsstova på garden der han budde, og at han fekk mange og takksame elevar. Han var med i fleire bryllaup, og gjekk elles opp i dagleglivet og folkelivet. Med hjelp frå skulen han arbeidde ved og nokre venner, og ved dei inntektene han skaffa seg ved eit nokså omfattande skrivearbeid, slo han seg fram dei vel tre åra han levde i Hardanger. I denne perioden blei mellom anna den første Vinje-biografien skriven – i alt 16 artiklar som blei prenta i Bergens Tidende, der han skildrar Vinjes liv fram til 1865. Vinje er sjølvsagt viktig i Klæbos liv, sjølv om han oftast er ein stad i periferien etter dei første åra då dei møttest ofte på Haugerud. Vinje er viktig når det gjeld at Klæbo gjekk inn for og begynte å bruke landsmålet, og han er for Klæbo ein sentral figur i biletet hans av «Det norske Folks Åndsliv». Kva ein skal legge i eit utbrot Klæbo kjem med i eit brev til Bang, som kjende Vinje endå betre enn Klæbo gjorde, er vanskeleg å seie: «En anden ‘Nyhed’ af første Rang er ‘Dølens’ forlovelse med Fru Enevaldsen. Han blir nu større og større Svin. Jeg har ikke brydd mig om Fyren, siden han i ‘Staale’ begyndte at bruge Lignelser fra Bibelen [ …]» (Brev til Bang 29.04.1869). Seinare får han Bang til å gje ein god del informasjon om Vinje til den artikkelserien han arbeidde med, og Vinje var uansett ein av dei verkelege heltane til Klæbo. Kan hende fall ordet «Svin» han i pennen ut frå heilt andre tankar og kjensler som nett galdt kvinner og samliv, om dei kom frå Haugerud eller andre stader.

I same avisa skreiv Klæbo i 1873–74 i alt 17 «Fortrolige Breve fra en Samtidig» som tek opp samfunns- og samtidsspørsmål. To av dei større prosa-arbeida hans, «tavler frå Nordland», er skrivne i Hardanger-perioden («Ho Dun-Sesel» og «Til Jol»).

Johannes Gjerdåker siterer noko Jacob D. Hus har fortalt om ein gammal mann som var saman med Klæbo i eit bryllaup på Lotestrondi i Kinsarvik i 1874: «Heile den ljose sumarnotti sat han saman med Klæbo og nokre andre på ein høglagd haug eit stykke frå brudlaupsgarden. – Utsynet var fagert yver den drøymande bygdi. Døkk dimma låg yver fjorden og blånande snøfjell i bakgrunnen. [ …] Klæbo var den sælaste av dei sæle. Det var som han opna den rike diktaranden sin mot livet og kjenslene som strøymde på. – Mot denne bakgrunnen må eg alltid sjå Klæbo, um eg enn inkje kan gløyma det sorglynde drag hjå den døyande skalden» (Gjerdåker 2001, 5).


Oppgjer og avskil med livet

Det er sommaren 1874 det her er snakk om, og denne sommaren har Klæbo lagt bort skrivearbeidet – som må ha vore ganske intenst til tider i Hardanger – fordi kreftene ikkje strekk til. Han prøver å ordne opp etter seg, for han veit betre enn nokon at det går mot slutten. Han har hatt besøk frå Carl Johan Nielsen sommaren 1873, og det er til denne vennen som han ein gong delte hybel med og seinare har møtt i nesten alle faglege og sosiale samanhengar Klæbo deltok i, han vender seg for å skilje seg med sitt jordiske gods og gjere opp den pengeskuld han framleis har. Det er særleg bøker som har kosta dyrt, og no ser han altfor klårt kor unyttig og fåfengt det heile var: Han innrømmer både overfor kameraten og endå meir seg sjølv, at bøkene han kjøpte (og som no bør seljast for å slette gjeld før han døyr) langt på veg var bortkasta. Dårlegare investeringar kan ein vanskeleg tenkje seg – «Disse forrenter nu meget klent de Penge, jeg har lagt i dem» (Brev til Nielsen, 27.03.1874). Det handlar nesten berre om bøker eller om andre ting som ligg att i byen, og som han bed Nielsen ordne opp i. I eit seinare brev (05.07.1874) takkar han for at «mine Effekter er i Sikkerhed paa Haugerud, Aaja, aaja, Du ved jo, det blev Bry og andet; men det er jo ikke første Gang denne gode Familie har havt Plage for min Skyld». Klæbo har gjeld han ikkje kan klare med før han døyr, men har tru på at Bang vil få stillinga på Gaustad og då lett kan hjelpe. Slutten på dette siste brevet eg kjenner frå Klæbo, er ein tungsindig aksept av det uunngåelege, det som før har vore uttrykt poetisk og biletleg i nokre av Klæbos seinare dikt.

Som du ser af disse Linjer her, har jeg ikke mange Maaneder igjen i denne Verden. Efter hin Forkjølelse i Vinter, slog Maven sig rent gal; jeg nød ikke Mad i mig, og Appetiten veg bort; Kræfterne svandt, og da fik Svindsotten overhaand; den har nu besat hele min venstre Lunge med Tuberkler, disse ere opløste, og Sygdommen vinder stadig Terreng. Jeg har da kun at bede Dig inderlig tilgive mig i alle Tilfælde, mine Særheder har stødt imod Dig. «Forlader, saa skal Eder forlades!» Og en Bøn, Broder! en Bøn om Fred i det sidste, Fred ind i Skyggernes Rige!

Klæbo levde mindre enn to månader etter dette avskjedsbrevet. Han gjekk oppe til siste dagen og døydde den 29. august 1874, ein laurdag, knapt 35 år gamal. Torsdagen etter blei han gravlagd på Kinsarvik kyrkjegard, følgd av bygdefolk og venner over fjorden. Opedal fortel at «det ligg ein stein med tri band i raude og blå og kvite fargar framfor gravi, og på denne steinen står det: «Helsing frå Glein» (Opedal 1965, 137). Gjerdåker fortel at bygdefolket reiste stein på grava, og den står der framleis, sentralt og lett å finne ved kyrkja. Lutro fortel (i 1933) at Kinsarvik ungdomslag i fleire år har samlast ved grava til Klæbo (Håløygminne, 1933, 111). Gjerdåker kan òg fortelje at mor til Klæbo kom den lange vegen til Utne og takka Torbjørg Utne for det ho hadde gjort for sonen. Ho hadde med gåver óg, heiter det hos Gjerdåker (Gjerdåker 2001), medan Opedal kan fortelje at gåvene var «ein fotskammel med utsauma pute» (Opedal 1965, 137).

På Glein blei det reist ein bauta over Klæbo i 1934, 60 år etter at han gjekk bort. Om dette skriv Ole Løkås: «Det er helgelandsungdomen som har reist denne steinen til minne om ein av bygdelaget sine største og beste søner. Det var ein stor dag i den håløygske soga då Klæbo-bautaen vart avduka. Det var høgsumar og strålande ver, og mykje folk var samla til stemne på Glein. Noregs Ungdomslag, som det året hadde årsstemna si i Narvik, var innom Glein, og formannen, sokneprest Freihow, heldt avdukingstala» (Løkås 1949, 13). På bautaen står opningslinene frå minnediktet som Olav Lofthus skreiv: «Mann som han vart sjeldan funnen / hjartevarm og god til grunnen». Bautaen er stor og forseggjort, av ein steinhoggar – Ernst Ekmann – som slo seg ned på Løkta etter å ha kome dit for å hogge ut granitt til sjukehuset i Sandnessjøen på 1920-talet. Bautaen er på 3 ½ meter i høgd og bygd i fleire seksjonar (http://loekta.net). I høve til dei minnesmerka som seinare er sett opp på Dønna av så vel Anton Chr. Bang som Ole Edvart Rølvåg, må ein verkeleg seie at Jon Klæbo er gjort skikkeleg stas på. Og det kan vere gode grunnar til dette. Bang gjorde lite eller inkje for heimbygda og fødestaden; Rølvåg blei professor og amerikansk forfattar som skreiv på norsk, om nordlendingar i Amerika og ikkje i Noreg. Klæbos dikt og forteljingar frå Nordland er alle berre eit lite steg borte frå bryggjesteinane på Glein og det kjære smilet frå mor. I eit brev frå Utne sommaren 1874 nemner Klæbo at han så smått har tenkt på å reise til Nordland for å dø der – i tankane var han aldri langt heimafrå.

Bautaen blei altså reist på Glein, ikkje langt frå skulehuset som hadde fått tomt frå garden til Ivar Klæbo, og seinare var blitt gitt til kommunen av sokneprest Hans B. Klæboe. Det kan ikkje vere tvil om at plasseringa var rett, sjølv om mangt har endra seg sidan den gong i 1934. Ein kan kanskje òg gjere seg tankar om at bautaen og all merksemda rundt avdukinga, ikkje minst det at Noregs Ungdomslag var med, kan ha vore ein medverkande faktor til at Glein skulekrins som den einaste i Dønnes kommune (og på heile Dønna), gjekk over til nynorsk i skulen nokre år seinare, om lag samstundes med innføringa av ny rettskriving frå 1938. Nynorsken var rett nok i framgang over det meste av landet, men eg trur valet av målform i Glein-krinsen må ha hatt nokre ekstra påskuv. Det var i og for seg meir naturleg at ein gjekk over til bokmål tjue år seinare – slik at han som skriv dette, akkurat kom seg ut av folkeskulen med nynorsk som opplæringsmål.

Det er mogleg at Heggtveit og Bang har eit poeng når dei hevdar at det var mismotet og nederlagskjensla med omsyn til landsmåls- og folkeopplysningssaka som knekte Klæbo. At han brukte mykje av si kraft på dette arbeidet, er heilt klårt, og det er ikkje utenkeleg at dette, saman med dei nokså vonlause framtidsutsiktene, gjorde han veikare. Men det var tuberkulose han døydde av, og han var berre ein av altfor mange unge døde den gongen, både mellom nordlandsstudentane og andre. Eg trur det har lite for seg å spekulere om det var det eine eller andre som gjorde han veik slik at han lettare blei sjuk. Det ein kan undrast på, er kva det var som gjorde at han under vilkår som han delte med mange, ikkje var i stand til å fullføre planlagt utdanning. Med andre ord – ikkje kvifor han døydde så ung, eller kva det var av motgang og mismot som sleit på helsa, men heller kva som gjorde at han ikkje nådde måla han sette seg. Det var ikkje evnene det sto på. Eg trur heller ikkje det var mangel på innsats eller energi, i alle fall ikkje før Klæbo blei sjuk. Han kunne og burde ha vore ferdig med utdanninga før han første gong merka sjukdomen. Så det meste handlar nok om at han spreidde seg for mykje, både når det galdt studium og sjølvsagt etter at han tok til å lese og skrive store og omstendelege arbeid som kravde brei lesing. Han hadde i eigentleg forstand gitt opp å bli ferdig som student, men gav uttrykk for at så ikkje var tilfelle – heilt til sjukdomen gjorde det meste umogleg, og han slapp å bortforklåre noko som helst.

Ein kunne hevde at Klæbo til sist samla all interesse og all kraft om den skrive- eller diktargjerning som vi med eit ord kan kalle folkeopplysning. Så vel valet av skriftmål som av tema og landskap og menneske i dikta og «tavlene», gjer det klårt at det er folkeleg dikting han vil. Når det gjeld det å gjere Nordland og nordlandsk levemåte kjent, er han på mange måtar ein nybrottsmann. Alt han skriv frå dette miljøet, er prega av ei inderleg tru: Ikkje berre på folket og landet, men òg i religiøs tyding. Det kristelege grunnsynet ligg under alle tankar om opplysning og fridom, og det synte seg då óg etter kvart at Klæbo aldri kunne gå på akkord med dei kristne ideala han tidleg i barndomen hadde fått lagt ned i seg. Når fleire av forkjemparane for målsaka og folkeopplysningstanken kom til å stå i eit meir eller mindre fiendtleg tilhøve til kristendomen, var det eit stort vonbrot for Klæbo. Fleire stader skin det gjennom kor redd han er for at vantrua skal vinne fram og først øydelegge opplysnings-arbeidet for folket, og seinare folket sjølv.

Om livsverket til Jon Klæbo er det å seie at det sjølvsagt blei avbrote på eit alt for tidleg tidspunkt, men også at det ikkje er mange teikn i det han har produsert som tyder på at han ville kunne skapt noko som ville blitt ståande og hugsa i større grad enn kva tilfellet no er. Den plassen som både Bang og Heggtveit gjerne ville gje han i bokheimen vår, fortener han knapt, men det er langt frå å hevde dette og til å påstå at evig gløymsle er det rette. Nettopp som folkeleg diktar, i dikta sine frå nordlandsk hav og land og i folkelivsskildringane nordfrå, er Klæbo verd å minnast.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Nordlandsliv

Utgiveren av denne boken, professor Hans H. Skei, har hatt som mål å samle de tekstene Klæbo skrev fra eller om Nordland. Jon Klæbo er i dag en nokså glemt forfatter, men han skrev en god del dikt og fortellinger, for det meste skildringer fra Nordland.

I denne utgaven trykkes ti dikt, fem fortellinger og tre brev. I tillegg inneholder utgaven en biografisk skisse om Jon Klæbos liv og dikting. Utgiveren har også tatt med tre tekster om Klæbo og en samlet oversikt over Klæbos produksjon.

Se faksimiler av Songar og sogor, 1898 (NB digital).

Se faksimiler av Ove Bakkens samling med Klæbo-dikt fra 1934 (NB digital).

Les mer..

Om Jon Klæbo

Salmedikteren Elias Blix kalte Jon Klæbo «den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntes gjekk so altfor tidleg burt fraa oss». Jon Klæbo er i dag en nesten glemt skikkelse i norsk litteratur- og kulturhistorie, men i sin samtid var han en anerkjent ung forfatter og målstrever.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.