Fred

av Arne Garborg

XX.

Sundag.

Dei ligg noko lenger enn vanleg; Klokka umlag seks ris dei upp.

Enok kann kje lata vera aa sjaa burtetter Himilen; han bad so vent um Regn igaarkveld. Det er klaart og fint all Stad.

Heile den vide Himilen er berre Sol og mjuk rein Blaaning fraa Fjellgarden til Havs. I Sudvest eit Par kvite lette Strimur som Fjør uppetter Kvelven. Den vesle Tetten uti Have er inginting; berre Taake.

Den siste lette Skoddestrima stig fraa Sève i Heialandsvatne og blaanar burt i Luft. Det er morgonfriskt og svalt; men Soli tek til aa verme. Yvi Myrane tumlar Vibeflokkar kvitglimande i Soli med sine eldfulle Kvinneskrik. Lerka stig og stig til ho kjem mest burt; so heng ho der uppe og syng og svingar.

BùjeForfatternote: Bùj: Buskap. vert utslept. Like eins Smalen,Forfatternote: Smale (Kollektiv): Saueflokk. som 215Enok ikkje hev sent aat Heiî i Aar, av di dei tvo minste Gjentungane no er so store at dei kann gjæte. Hoppande, bæktande, rautande dansar Fenaden i Veg ut Aarvollvegen aat Marki. Kyr, Kalvar, Sauir og Lomb um kvarandre leikar og smaastangast, bykser og spring; Kalvane er etter Sauine og skræmer deim; unge Kvigur leikar Elskhug; Bjøllur singlar og syng; alt er Sumar og Glede.

Carolus er Gjætar um Sundagen; han fylgjer Fenaden slengjeleg og lang. Han hev ein Randlestav i Handi og hoppar og tverkastar seg liksom Kalvane. So freistar han aa syngje:

«Aa kjæra mina Kjavoar,Forfatternote: Kjavo (Fantemaal): Barn.
aa kjærarForfatternote: Kjæra: trættast; slaast. inte saa –!»

men det brest for han; han er kje færdig med Maalskiftingi.

Langt ute i Vest skin det bleike Have. Brune og kvite Segl lyser der ute i Morgonbrisen; ytst i Synsrandi ligg den svarte Røykstrima etter eit Eimskip. Carolus hoppar høgt. Kven veit; næste Sundag kann eg vera der ute!

Han hev kje anna paa seg enn ei Brok, ei blaastriput Bomullskjorte og ei lita flat Luve. Men han kunde ha Hug til aa kaste alt og hoppe nakin um millom Kalvar og Lomb liksom Adam i Paradis.

216Han driv Smalen nordum Kvernhuse og ned aat Myri. Der er Mat; og litegrand Svaling au, som kann halde Kleggen burte. Smalen held seg i Lyngbakken upp-ikring Kvernhuse; han likar kje Myrgras, han. Det kann vel hende at han tenkjer paa Aarvoll-Hagen au. Men det fær han no spyrja meg um, tenkjer Carolus.

For det fysste er her Ro. Og Carolus legg paa Myri og ser etter Vibereir. I–reh! i–reh! I–ærih! Vibur i Mengd flaksar og skrik. Lufti er full av Angar; frisk, skarp Daam av ungt Lyng, Markblom, Bærlauv, Bukkeblad og Pors blandar seg med tung søt Eim av rotnande Myr; den varme Lufti vert som so svevnsæl. Roleg driv han fraa Tuve til Tuve; andar i djupe, lange Drag; aah, so godt; aah, so godt …

Vibeskrik fra Myri og Helunpip fraa Lyngbakken blandar seg med kvarandre som Fløytelaat og Felespel. Ein stor myrk Heigre flyg baskande upp og set Stemne mot Heialandsvatne.

Rivande sinna, galnare og galnare flaksar Vibune um Hovude hans Carolus i Krok og i Ring, skrik og skrik og rundkastar seg i Lufti. Stundom hev han deim like innum Øyro paa seg; det læt i Vengine med sterke Rikte-Ljod, og han kjenner som Veift og Pust i Nakken. 217Hæ-hæ. Stundom slær dei ned frammanfor han, tverkastar seg, tek Sigte paa Augo hans og kjem farande beint imot han, men svingar av naar dei er so nære, at han ser Blinken i Augo deira. Hæ-hæ; det er løje. So ertar han deim. Kastar etter deim med Torv og Kulort og kva han finn; dess galnare vert dei.

Det vermest i Lufti, og Mye stikk; Carolus vert leid og vil slutte. Her finst ikkje Egg; Ungane er vel alt utkropne. – Jau pigejor; der var eit Reir. Fire store Egg. Aa, so vene som dei er med alle dei svarte Smaaprikkane paa den linde grøngraabrune Botnen. Men dei er vel legne. Han legg seg ned og tek deim i Luva si; Vibune skrik som dei var fraa seg. Burtaat ei Grov gjeng han; der er eit Grand Vatn, so vidt han kann symja eit Vibegg. Tenkkje. Dei er so legne at dei stend paa Smalenden. Ei Vibe er etter han og vil mest hakke ut Augo paa ‘n; stundom stig ho ned paa Marki og kjem springande imot han med flaksande breide Vengir som ho vilde jaga han. Det er vel ho som eig Eggi. Og jagu skal ho faa deim! Han slengjer deim etter henne, halvt i Sinne; Egg etter Egg; dei susar burtetter Tuvom og slær seg i Knas, so det skvett baade raudt og gult utyvi Marki. So sting han Hendane i Broki og ruslar, plistrande og fornøgd. Viba er etter han endaa ei Stund; flyg 218tilslutt fraa han med stutte, smaae Skrik og vert burte.

Skarve Smalen; der rekkjer han alt, – søretter aat Aarvollen. Carolus avstad, langbeint og lett; «hæs! hæs!» møter Smalen og driv han att-ende med Skrik og Steinkast. Nordani Aasen, ved Kvenhuse, er svalast; der kastar han seg i Bakken og kviler seg. Ligg og høyrer paa Bekkjesusen. Soli steikjer meir og meir. Ein litin lind Vestanvind stryk lett gjenom Lynge. So legg Smalen seg au, kaasande og jortande.

Kyrne dreg seg nedyvi aat Aaî. Der gjeng dei uti og stend og svingar med Rovune mot Flugo. Der er kje stort Vatn; men det stend vel endaa som ei Svaling etter Aafare.

Han legg Armane under Hovude; ligg og stirer mot Synsrandi i Sudvest med dei fine mjuke Bakkedragi og Have lengst ute. Her og der teiknar det seg ein Stein mot Himilen, eller ein Haug, fin og klaar og keglerund; der er Skattar nedgravne. Kannhende heile Kistur med Sølvpengar; men der inne sit ei Kjempe og vaktar for Skatten med sitt skarpe Sverd. Vil ein inn der, fær ein nok agte seg.

Lufti er so skir at ein kann skilja kvar Stein og Tuve so langt ein øygnar. Her og der ei siglande lett kvit Sùmarsky. Langt nede 219under Bakkane skin Myrekyrkja kvit yvi Viddom i Solglimen.

For ei Gidring i Lufti. Havkanten der ute og alle dei klaare Bakkelinune mot Himilen gidrar og didrar som ei fin, skjelvande Bylgjing.

Aah! so godt og varmt. Soli bakar hans unge Kropp, og ljuve Luftdrag lumrar um Øyro hans. Alt er stilt. Fuglane hev søkt Reire. Det blømande Lynge angar. Carolus sig av i Draum.

– – Paa slike Dagar er Fantelive søtt, naar dei ligg burtetter Heiane og lètar seg i Soli. Eit Grand paa Flaska og ein Kortstokk. TjeiaForfatternote: Tjeia (Fantemaal): Gjente. ligg i Solbakken spak og lat. – – Ja Buro vil eg kje vera lenger!

– Aa du Mor, du Mor, som tenkte at Buro-Tjeia kunde vera noko for Fanteguten! – Ho er rædd meg, ho Serina, etter den Dagen i Løo, daa eg vilde taka henne um Halsen. Ei ven Gjente vert det; mjaa og mjuk; blaae Augo; og so dei linne, fine Kinnane med sine søte Smilehol. Men henne kann eg kje vente paa.

– – Kanskje naar eg kom att og var Kaftein? og ho var fri daa? – Kven veit? Kaftein Thomassen, med h; Kaftein C. M. Thomassen …

220Det vert leidt for han Gunnar. Men eg held kje ut lenger. Han vert verre og verre, denne Heilag-Enok; hæ-hæ. Og no, daa han Far ikkje er lenger burte … Der ned fysst. Og so til Byn. Og hyre meg. Og gjeng det kje med ein Gong, so hev eg Heimen aa ty meg til no. Til Byn i Morgo tidleg, fyrr Heilag-Enok kann finne meg.

Carolus vert syvjin; ligg ei Stund og halvdormar; høyrer Verdi kringum seg som ein lett, svevnug Sus. Svimrande Ljos burtetter Bakkane. Kvit Solrøyk. Blaafjelli som Eventyr langt, langt bak. Sus, Sus … Bekkjesong og Sus. Bjølleklang …

Høgt uppi Aasen stend det ein Mann. Han svingar og svingar med lange Armar. Det er den rasande Roland. Nei; det er han Far. Han stend og veiftar og ropar. «Carolus!» Carolus ris av Svevnørska og vil upp til Far sin; tykkjest enno sjaa han ’med Steinen der uppe, og høyrer enno som ein Om etter Rope hans: «Carolus!» «Ja!» – han hastar av Stad. Med ein Gong er Far hans burte. Inginting aa sjaa. Kvorvin som ei Syn i den gidrande Solflaumen. Carolus held Handi yvi Augo og stirer; kann enno ikkje skỳna at han berre hev drøymt.

– «Ja-ja Far; eg skal koma i Nott. Tarv kje ræddast naar det bankar paa Vindaugo; 221d’er kje Moskroen,Forfatternote: Moskro: Lensmann. hæ-hæ … Sattans Smalen! Hæs! Hæs!! – Men Skit. Det er siste Dagen. Lat han ganga aat Engi so mykje han vil. I Morgo Kveld er eg i Byn; og so ut yvi Have det blaae. Hurra boy san!» –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.