Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Til Sæters.

Det beste ved det øysterdalske Stell er Sæterstellet, for i dette er her endaa best i det heile Land; det kann hugheilt verda sagt. Det kann vel henda, at sume af dei beste Sætrarne i Vaage i Gudbrandsdalen koma nær det øysterdalske Sæterstell, men dei, som eg saag i Gudbrandsdalen, ero langtifraa slike, endaa Gudbrandsdalen ogso i dette Stykke kjem nærast etter Øysterdalen, liksom Gudbrandsdalen af alle norske Dalar i huslegt Stell heime stender hægst nest Øysterdalen. Næst etter Gudbrandsdalen fann eg det best til Sæters sumestadar i Innherad der burt paa Fosenlandet, som eg var eit 78Stykke inn paa. I Valders og sumestadar i Bergens Stift hever eg ikki vorit til Sæters; men ettersom Folk segja maa der vera sama gamalldagse Stell som i Thelemork og det andre Vestlandsk- og Sunnanfjøllske. Paa sjølve dei heidemorkske Sætrar, som grensade til det øysterdalske var det som at koma inn i eit annat Land. Derfor er Smør og Ost og all Fedraatt so god i Øysterdalen, endaa Beitet der imindsto sunnanfor Tønset ikki er so godt, som Jøtunfjølli til Gudbrandsdalen og Valders og vestigjenom Hardangsfjølli nedyvir til Telemork og Sætersdalen.

Paa dei gode øysterdalske Sætrar var Sæterbudi afdeild i tri Hovudrum, og det var ei Gong i Midten som Arbeidsrum for Kjerning og slikt nokot og so liksom til Forstova; og so var Mjølkebudi med Radir for Mjolketrog og Kollur og Smør og Ost, alt drivande kvitt og med Jordgolv elder flate Steinar for at halda det kaldt; og so var det Daglegstova med Skorstein og Sængir; der var Golvet skurat reint som i ei Prestestova og strøytt med Bar; og so var der ein Kove til Sængerum for Husbond elder Gjestir med reine Lakan og Stell som eit gjævt Gjesterum heime. Og so var der Stabur for Kjøt og slikt, som kunde gjeva Afsmak af seg. Der var Fjos og slikt nokot, alt liksom paa ein full Gard heime berre alt var mindre. Gryte og Kjetil og Kopp og Kjerald alt Slag var skurat og paa sin rette Stad, og Sætertunet var endaa tidt straatt (brulagt) med flate Hellur for ikki at siga ned i den djupa Saur og Søyle, som der altid er utanfor Sæterdyrni, der Buskapen trokkar. Vegir vaaro endaa sumestader gravne inn igjenom Fjøllet, so Ein kunde 79kjøyra til Sæters med Kjerre, og allestadar var der gravit, so Vegen ikki var slik ei Steinklommer, som vanlegt er til Sæters.

I Vestfjølli var imindsto fem Aar sidan vanlegt berre eit Sel (Sæterbud) paa Stødlen (Sæteren), der Mjolki var og Folk laago, og tidt var der ingen Skorstein heller, so Mjolk og Smør vardt fullt af all den Røyken og Lukten, som til var; ikki var der Golv men blaute og saurutte Tufti, so det er ikki betre so at segja, enn at det var eit Grisehus. Litit betre var det paa dei heidemorkske Sætrarne. Det er inkje Under, at der er daarlegt Smør og Afdraatt med det beste Beite.

Høysel elder Høyløda er der no paa alle Sætrar, naar der er Slaattevollar, som det vanlegt er; men ogso denne Høyløda var best paa dei øysterdalske Sætrarne. Derimot hadde dei her likso litit Vit som Andre paa at velja den rette Sætervollen, men lagde si Hevd paa Steinbakkar og kaldsur Jord. At grava mange og djupe Veitur synest vera det siste, Folk læra baadi heime paa Garden og burte paa Sæteren. Detta hava me og andre Folk maatt lært af Engelskmannen, for vaare gamle beste Veitur vaaro baadi for faae og for grunne.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.