Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Eit og annat um Throndheim.

205Naar du stender upp i Steinberget og ser ned paa Byen, so ringar Nidelvi seg paa øvre Sida og Fjorden paa nedre, so Bygrunnen ser ut som ei Pylse med Iletangen som Hals. Skulde dette Bilæte vera for stygt, kann eg segja, at Byen ser ut som eit Hjarta. Etter den gamle Maaten at føra Krig paa var denne granne Hjarterot lett at forsvara som Ingang; men no er det ikki so. Daa me komo til at tala um Banken, som ligger der i Byen, meinte eg, at eg med eit Krigsskip som St. Olaf skulde taka By og Bank og altsaman. Var der somange Hermenn, at det ikki var trygt at landsetja eit Par Kanonur ut paa Byneset eller nord paa Hladehamaren og kjøyra desse uppaa Bergkullarne ikring Byen og skjota ned paa Hovudet hans, so skulde eg ifraa Fjorden kasta Bombur inn og daa under Branden senda inn Folk forat taka Sylvet. Nidarholmen, som ligger der ut i Viki, er ingen fast Mann, endaa der er Murar og Kanonur. Men han er so liten at berre eit Fregatskip hever fleire Kanonur at stella paa ein einaste Stad. So totte eg, men daa eg ingen Herførare er, so vil eg ikki antra (disputere) um desse Ting. Daa eg gjekk ikringom Banken og saag honom so fast murat og med sterkt Jarnsprinkel i Gluggi, daa sagde eg med det gamle Ord: «Dette er Laas for Leskreppe» (Leder-). Den som Kniven hever, skjerer Hol paa og lær aat Laasen.

Ja, Nidarholmen, det var sannt det. Kunde desse Skjer tala, sagde eg, daa eg var der ute, so vilde baadi eg og du faa vita meir enn me hadde godt af. Men 206Griffenfeldts Rum er murat atter eller umgjort. Der var ein Styrismann paa Nidarholmen ikring tretti Aar sidan, som vilde faa eit koseligt Rum, og som for det gav gamle Minni ein god Dag. Aa, ja det var Minni um

ei Tid, som ikki tolde sjaa,
det lyste i den myrke Krok,
og trudde alt som Borni smaa
og drap den Mann, som var for klok.

Eit Lands Histori er tidt samlad paa ein liten Flekk. So med Nidarholmen. I den eldste Tid var der vist ville Draap og truleg sidan Rettarstad; i ei seinare Tid Fangehus for Riksfangar og i ei nyare Tid for Rikets Reikenskapsmenn (Fogder), som ikki kunde svara for seg. Alt er myrkt paa sit Vis, og det lyser ikki paa den kvitaste Prikken det at sjaa Rum, der Reikenskapsmenn saato innestengde som dei verste Illgjerningsmenn for dei kanskje ikki kunde føra det Reikenskap, som Riksstyret sjølv hadde sett deim til.

Der er synt til mange fagre Kantar fraa Nidarholmen: beint inn er Byen og uppigjenom den rike Nidardal, til Vinstre er Hlade med Gardarne ikring og der uppaa Bergkollen inn mot Byen den stakkars mest atterlagde Festningen Christianstein, og mot Høgre inn paa Bergryggen stinger Bergkollen seg upp som ein Hattekoll, den som Sverresborg laag paa. Nidaros med alle Gardar og Bylykkjur i Strinden, liggjande som ein Halvring derikring, ser baadi rik og fager ut. Men der er snaudt og fjøllslegt paa Bergkullarne ikringum og daa mest paa søndre Sida; der er Vedaløyse og 207Rape (Dvergbjørk) liksom kring ein Fjøllsæter tvo tusind Fot yvir Havet Sunnanfjølls. Der var so fjøllsnaudt, at eg fraus berre af at sjaa ikring meg. Kulden siger nærare og nærare ned mot Havet, til lengr det berer nordetter fraa Middagssoli, alt til det verdt Ishav. Og her er det øynt paa Gras- og Trevokstren ned mot Sjøen, at du er komen lengr nord med Ishætta nærare ned mot Hovudet dit.

Der er soleides ikki liksom so varmt og koselegt i Nidaros som i ein By Sunnanfjølls, endaa Soli laag tung som varmt Bly paa denne Sandøyri.

Ja denne Sandøyri – der det gamle Øyrathing stod – er ein æreværdug Plass. I den heile gamle Verd er det berre Torget i Athen og Rom (forum) som kann setjast ved Sida. Daa Folk vilde at eg i eit litit Lag skulde halda ei Tale til Throndheims Pris, sagde eg: «Eg likar ikki desse store Skrøytetalur; men stolt er eg af at vera komen sitjande paa den tridje Plass i Verdi. Athen og forum Romanum er No. ein og tvo og No. tri er Øyrathing, dersom eg hever lesit dei gamle Folks Histori rett. Men me skulle ikki syrgja, for der no stender Tollbud og andre Varehus: det er det einaste Liv, som Plassen no kann brukast til, etterat Folkets indre og ytre Liv er so umgjort til det Gode. Det er betre at stiga i Land paa Øyri no fraa Eimbaaten og sjaa so gilde Toldarar (her bukkade eg med Glaset til ein Toldare) – og sjaa staute Herrar (med eit Buk til deim) og straalande Damer (eit djupt Buk til desse); det er betre dette enn at koma trøytt og sliten af Roingi fraa eit Langskip og vera rædd alle dei mordske Folk, som larmade og bankade 208paa sine Skjold. Og eg vil heller sjaa ei slik Krøning som denne enn den unge Konge boren paa Skjoldi liksom i ein Barneleik. Her var sterkt og tidt villt daa; men her var ogso stor Gaman og vist større Rikdom enn no, so rikt som enno Throndheim er kjend for at vera (eit Buk til den rikaste i Laget), for dei gamle Vikingar tente vist meir paa sine Røvarferdir enn de no gjera paa Lofotfisket, endaa de ero vist Vikingar de og, sovidt den Slags Ferd no kann brukast. Kver Handelsmann maa vera Viking paa sit Vis, skal han tena nokot som er. De kunna vera byrge, gode Nidarosingar, for det de bu paa denne gamle adelege Vikingstaden; det er fraa Vikingtidi den gamle og derfor gode Adel skriver seg. Men her i Byen er vist ikki stort atter af den gamle Vikingætt. Det er Ættir af Krambudgutar fraa Flensborg, som er dei støste Handelshus no baade her og i dei fleste Byar. Det visar dei tyske Novn. Og Folk ifraa andre Kantar af Riket, mest sunnanfjølls fraa er dei beste jordbrukande og framtenkjande Menn her ikring Daa desse gamle Nidarosingar ikki lenger kunde vera Vikingar, seig dei ned i Svevn og Armodsdom, so det ser ut til, at dei maatte verda uppkveikte af nye Ættir, som komo fraa meir upplyste Riki. Der maatte nytt Blod inn i denne liksom utlivde Mannen, eller kanskje rettare, han maatte som ein gamal Støvel verda forføtt. Eg kjenner det gamle Skaftet atter i Skytsbøndar og Gardemenn i Bygdarne herikring. Det helder nok ut fleire Forføtingar dette Skaftet o.s.v. o.s.v.»

Throndheim kann aldri verda nokon mykit større By enn han alt er, for um Landet kjem seg aldri somykit 209so er det eit for litit Strok til Uppland. Derimot maa dei andre Smaabyar og Strandstadar kring Fjorden veksa, ettersom Landet i Dalføri derikring koma seg, og Folk læra at handla paa rette Maaten. Orkedalsøyri og Gaulosen maa koma seg. Stjordalsøyri maa ogso koma seg og Livanger og Steinkjer likeins veksa. Livanger maa no paa ein Maate verda flutt ei Mil lengr nord til Værdalsøyri, naar der eigong verdt lagd Jarnveg derifraa og innigjenom Jemteland mot Øystersjøen. Det er der Vegen maa liggja, for der er laaglendt og tykkare Bygdir med det rike og fagre Innherad som Utgang. Paa denne Vegen maa me tenkja baadi for Smaahandelens Skuld, og for i ein Fart at kunna kasta vaar Krigsmagt i Ryggen paa ein Fiende, som kunde finna paa at ganga mot Stokholm. Den sokallade Størensbanen fraa Throndheim er inkje tessamandregit af tils, og det istadenfor, til dess. til annat enn til eit Vitnemaal um det rike Storthing 1857, som bygde Vegir baadi af Jarn og Stein gjenom Øydemarkir; og so er denne Vegen eit ævelegt Vitnemaal um at Throndheim ikki spurde etter Visdom i Riksstyring og Gagn for Landet, berre det sjølv fekk ein liten Bate no under Bygnaden, sosom at faa selja litit meir Kaffe. Men det kjem ikki til at ganga Byen i Lengdi, for anten maa dei gode Thrønder sjølve halda Vegen i Stand, eller ogso verdt han lagd ned, naar han hever kostat Landet so og so mange Millioner. For yvir dei haage Fjøll og ovne (spredte) Bygdir kann han aldri komn inn i Sverike. Og sjølve Formannskapet i Røyros, som ligger i den eine Enden af Vegen, sagde, 210at det ikki kjærade seg um honom. Nei, det var Formannskapet i Throndheim, som gjorde det, daa Storthinget ikki vilde taka sine Ord atter, som det vist burde hava gjort, etterat det var betre upplyst baadi um Landsens Raad og Vegens Ugagn. Etter denna Prøva vilde det vist ikki Vera klokt at gjeva dei gode Nidarosingar større Magt i Riksstyret enn godt gjerer.

Det er ikki underlegt med det, at sjølve Kong Sverre hadde alt funnit ut, at dei gode Thrønder vaaro tilbøygde til

berre at sjaa paa seg sjølv og sit
og gløyma Landet og Folket hit.

Det er med deim, som Skalden kvad, sagde han:

Den munnfagre Inngun eg etlar aat meg
so kann Magnus og Sverre kver syta for seg.Det gamle Verset er so: Ætlak mer hina mæru munnfagra Ingunni, / hvergi er fundr med frægjum ferr Magnusi og Sverri.

Det er rike Ættir i Throndheim, og det er inkje litit Merke paa Stakkarsdomen, dei gamle Thrønder hava sigit ned til, at sume Ættir kunde slaa seg so stort upp paa ein Stad, der Handelen ikki meir kann drivast i det Store. Det var nye innkomne eller uppblandade Ættir som visste at taka Tak i Armodsdomen. Den gamle Angellske Rikdomen tyder godt den late og armodslege Tilstand i Thrøndelag og Nordland. Men no kjem mykit af denne Rikdomen til Landsens Gagn atter i Latinskulen, Vitenskapsselskapet og den store Fatikhjælp; endaa Folk sagde, at Byen berre hever Skade 211af denne, for alt det Skrap, som finnst, kjem no til Byen for at liva af desse rike Gaavurne. Men Skrapet maa ogso liva einstad.

Den Tid var der endaa rikare Gjentur i Thrond heim enn no, eg derfor kom der ogso Friarar alt uppifraa Kaupenhavn, som daa var Hovudstaden. Gamle lærde Suhm tenkte det skulde vera gjævt at faa Ervingen til den ovrike Angell, so kunde han kaupa Bøker og liva for Lærdomen. Det var nok verdt at selja seg for det, tenkte Suhm, endaa han var vel alt so til Aars og so ljot, at det var ytt som bytt med honom og Kjærasten. Han hadde Lærdom og ho Pengar, so kom kver med si Stormagt. Nokon af dei tri andre Stormagtir, stor Ætt, Vænleike og Aand hadde vist ingen af deim. Det var soleides ingen rett Slavehandel, som slike Giftarmaal tidt ero.

Suhm vardt soleides rik og kaupte Bøker eg livde for Vitenskapen. Men gamle Angell fekk det ikki altid som han vilde i Huset, Gamle rike Folk ero vandsame. Og den, som er viss paa Arven, er heller ikki altid so velviljug mot den Gamle. Nok er det, gamle Angell fekk ikki den vanlege Kveldsgrauten sin i eit Aftenselskap, og so vardt han sinnad, og tok somykit til «milde Stiftelser.» Men Suhm fekk endaa nok til Bøker, som han gav til det Vitenskapsselskapet, han grunnlagde i Samlag med Biskop GunnerusGunnar med den latinske Enden us. og Schønning. Det var liksom ein Uppkveik for Throndheim i den Tid. Og Suhm, som ogso var so rikt gift, gjorde vist gilde Selskap daa for desse Lærde.

212Der er baadi Bøker og mangt rart i dette Vitenskapsselskapet. Og det verdt no styrt af so dugelege Folk, at der verdt gjort so stort Gagn som mogelegt med dei Medelar det hever. Og det hever ikki giort so litit for Vitenskapens Uppkoma i Landet; og det er til stor Lærdom for Skuleungdomen i Throndheim at faa sjaa alle desse gamle Vaapen og Reidskap og Fuglar og Dyr og Steinslag o. s. v., liksom det ogso er ein gjæv Samlingstad til Lesnad i alle dei nye og eldre Bøker for lærde og bokkjære Folk i Byen og derikring. Selskapets Hus er i Latinskulens store Bygning, som ogso er bygd af den Angellske Rikdomen. Der hever komit mange gilde Gutar fraa den Skulen. Og der er gilde Gutar den Dag i Dag, som endaa her i Vetr og Vaar gaavo ut ei Tidende, alt til desse frimodige Gutarne talade so djervt i den «svenske Striden» og um den komande Krøning, at Politiet lagde ned Forbod. Der er altso «Censur» enno i Throndheim. Det var Synd um denne Tidende, for dei No. eg saag, vaaro gode, ja der var endaa betre Dikt enn vanleg i Hovudstadstidenderne, og Elskhugsdikt af forelskade Skulegutar. Det maatte vera ein og annan Byron, som var so tidleg mogen i den Vegen, endaa slike Gutar elska tidt varmare, enn naar dei verda vaksne, liksom dei tidt skriva betre og døma sannare. Det er med det sama Livsblomen stend i Spretting. Det skal verda vandt, um dei skriva eit so godt «Studenterblad» som denne Sku letidenden sin. Men dei beste kava seg igjenom den uklaare Mengd af somange Slags Kunskap og faa Ljos paa Slutten; dei sona seg ut med Livet, som ikki gav alt det, Skuleguten tenkte; dei faa atter Skulegutens 213Friskleike attaat Stødleiken og den reine Smaken af den vaksne Mannen, naar dei so ero ikring tretti Aar. Men det er ogso berre dei faa Utvalde dette. Stakkars flinke og livande Gutar, tenkte eg, daa eg las denne løglege Tidende, tru nokon af dikkor kjem so langt, eller skulle de koma burt i Toka? Men kanskje det er betre, at de gjera det, so kunna de snarare faa til Kone denne, som de no her hava skrivit so varmt til, endaa det er vel ute med Kjærleiken lengi fyrr den Tid, for ingen Ting er so ustødt i Elsken sin som unge Mannfolk.

Der er vist meir Vitenskap og Kunst i Throndheim enn ventande er af ein ikki større By. Det torde vel henda at Vitenskapsselskapet ikki gjerer so litit til dette, og so hever der for det meste vorit rike Ættir, som hava hjælpt yngre Menn i den Vegen. Det er ikki langt ifraa, at der er likso mykit Musik i Throndheim som i sjølve Hovudstaden, og derfor vaaro ogso dei gode Folk fortrotne for all denne Musikken, som var forskriven derupp til Krøningi. Men Hovudstadsfolk sagde og likeins mange Thrønder, at ikki Byen paa nokon Maate kunde hava komit lastelaus ifraa det einsaman. Naar eg derfor talar um Musikken i Throndheim i Likning med Hovudstaden, so tenkjer eg mest paa sume gode Mæli og Musikdiktarar. Der er ein Mann, som heiter Udby,for Utbø, Gardsnavn. Uppebø, Sudbø, Nordbø, Midbø o. s. v., Bø = ei Slett, ein Voll; By brukast ellers i det gamle Maal ogso. som hever arbeidt seg fram i Musikken med ein mest makalaus Trotte (Udholdenhed). Som gift Mann og Aalmugaskulemeistare hever han gravit seg 214frametter i sine faa Fritimar og lært baadi livande Spraak og den musikalske Spraaklære (Generalbas). Han hever legit ned i Leipzig i Musiklære eit Par Gongir paa Laan og Framhjælp af Folk der i Byen. Han hever alt skrivit mykit Musik, og Musikkjennarar segja, at der er mykit godt i mangt af all denne Mengd; og no verdt han ogso meir og meir spilad og imillom sungen. Der er soleides Von til, at han eigong fær Løn for sit utrulege Stræv. Der er ein Vilje i denne vesle Mannen, som kann grava seg gjenom Graastein, og daa eg ikki er so kunnig i Musik, at eg torer døma nokot um den, so sluttar eg meg berre til Givnaden hans af den seige Kraft og det ville Mod, for Villskap maa det mest kallast at slita so traatt paa den Ting i Staden hans, med hans store Barneflokk og vesle Inntekt og i hans Alder og med den Skulen, han kann hava der. Det kan verda sagt um honom som det verdt sagt um somangein Mann: han fortente ein betre Lagnad. Han skreiv Ingangsdansen til det straalande Ball, som Byen gjorde for Kongen, og soleides fekk ogso han nokot af Krøningsmusikken, han Bybarnet, som kunde hava ventat atat «hava» verdt utstøytt naar det so nær maa takast uppatter. fengit meir.


Det ser ut til altid at hava vorit rike Fruer i Throndheim. Soleides standa der tri store Trehus til Afminni um tri Fruer, som kappbygde. Det er nett 215som i Eventyret, og eventyrlege store Kassur ero ogso desse Hus. Den største er no Stiftsgard, der Kongen teker inn og helder sine Ball. Det er med Hage og alt so det fyller ut ein heil Firkant Gatemillom. Slikt er det paa eit Par andre Stadar ogso. Der er Rum nok i denne Byen. Han kunde minst hysa tridubbelt somange Folk for Storleikens Skuld. Det gamle Kalvskinnet paa øvre Sida upp mot Aai, som ringar seg ikring, er no Kaalhagar, og der siter vel atter nokot Hevd i Jordi enno etter alt det Blodet, som er runnit der.

Men med Torg er det laakt i Throndheim; ikki for det, at der vantar stor Plass, for den Skuld kunde der gjerna vera eit Torg paa kvert Hyrne i desse breide tome Gaturne; men der er knapt nokot merkt ut som Torg, endaa Torgefolk samlast no paa ein Stad so langt ifraa kverandre, at dei knapt kunna skrika til kverandre. So totte eg. Og ikki skulde du sjaa mange fine Kvendi paa Torget der som i Christiania. Det er Skikken der, vardt det sagt meg, at det ikki er høvelegt for ei gild Dame at ganga ut paa Torget og kaupa. Og i ein so liten og rumsam By koma no vel ogso dei fleste Matseljarar inn i Husom; og ned paa Ravnkloi saag eg sume Handelsmenn kaupte Fisk sjølve. So fingo dei ogso spyrja til Fisket ut i Fjordarne.

Det er uvanlegt for ein Sunnanfjølling at ganga paa denne Fjøra, der Baatar og endaa større Farty i Fjøretid liggja paa turt Land. Eg trur det kann vera alt til tolv Fods Skilnad paa Flod og Fjøre. Du kann ganga og ro under Varehusi langs Fjøra, ettersom det er til.

216Det ser stort ut, naar det er stilt, at sjaa Flodi koma rullande i Lognvaagir innigjenom Fjorden og veltande inn paa Fjøra kring Føterne dine med Skvitling og Sikling og Stynjingaf stynja – sukla tungt. liksom ho med Glede og Sorg vilde fortelja deg um si lange Ferd. So ligger ho still eit Bil; nei so maa ho utatter paa Langferd. Kunde ho skriva Ferdaminni, vilde me faa lesa um mangein Torsk.

Eg stod ein Kveld der ned paa Fjøra, daa Soli gladde vestyvir Fosenlandet og strøydde Gullet sit paa denne Storfjorden. Slik Eldglans seer du ikki Sunnanfjølls. Det lyste paa Byen og Landet ikring, som naar Skogelden i Skumringi lyser burt mot dei grønsvarte Lidarne, og langt burte saag eg Edfuglar symjande i denne Eldsjøen.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.