Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Skalkestriden paa Stjordalshalsen.

Simulacre, Skinfikting.

222Med Krøning var no kurt, og kolnat etter Kveiken.
Det kvike Lag var sturt, og langsamt etter Leiken:
men Folket endaa foor so fjaagtsjaag, glad. i denne Tid,
for alle byrge Ord um Bastetak i Strid,
som skulde standa paa den stive Stjordalshalsen,
og syna Folk ifraa, at no vardt annan Valsen,
enn den som nyleg dreiv i Gjestebod som Jol,
der Guten kringum sveiv med Møy som Morgonsol.
Det spaadde liten Fred, den Kamp kom til at knella,
for Kongen sjølv steig ned og skulde Striden stella,
og daa no Kongen sjølv var med som modig Mann,
so maatte dovne Døl vel vera vig som han,
og visa Mannamod i Leik for Landsens Lagnad,
og vaaga Liv og Blod med Fortiss fristke Fagnad,
for haage Hermenn var der ogso Hopar af,
som hogg og skaut og skar og Styrkjemønster gav.
Og Ingen lengtar heim og klen for Kampen klagar,
for Kongen hadde deim født vel i desse Dagar;
so finna Faaren var ein Leik til Lyst paa Flaten
til Løn af kver ein Karl for dyre Drykk og Maten.
Dei Drengir derfor stod no strammad’ upp til Strid,
og stivt var Alles Mod i denne Slagets Tid.
Der Folk foor att’ og fram fraa «Hals» til By med Bivdet, som jagar inn Rædsla.
og baud og tok sin Dram og drak paa dyre Liv.
Den drustemajestætiske, højtidelige. Kongen han saag snaudt si Tid til sova;
han styrde som ein Mann; Fa’r sjølv det var i Stova.
Naar Striden stundar til, er Kvile knapt at faa:
kver færdug vera vil og svirprast. til svint at slaa.
223So foor det Fyrispil, so tøygde Tid at lida,
so laut det lagast til paa gamal Grunn at strida,
der gjæve Heltar foor til Strid med Hugen heit,
hogg Kjæmpur ned til Jord og sjølv i Bakken beit.
Det brusar kring deg her med Magt fraa Minnets Grav,
som midt paa aude Skjer du høyrer hole Hav.

So kom den druste Dag, daa Striden skulde standa,
so kom det store Slag, daa Sjømenn skulde landa,
for Floten som der flaut, vardt førd til «Halsen»uttalast der nord Hælsn. nord,
han fyrad’ paa og skaut og siglde Stjordalsfjord.
Det bles ein Aflandsvind, men endaa foor det fram,
for Mod var drukkit inn, vist mest af drjuge Dram.
Det Visi vanleg er fyrr Slaget sterkt at supa,
daa svider mindre Sverd, og Mann med Mod kan stupa.
Naar Drammar drukne er, og du verdt bankad blaa,
det biter mindre der, som Banking baskast paa.
Ja Floten flaut mot Land, men laagt der var at landa
paa lange grunde Sand, der Skip og Baatar stranda.
Men Folk dei endaa flaug med Foss i Sjøen ut,
og fekk seg vaate Laug. So væd’vader; vod, vadede. den norske Gut.
Der vankad vesaltlitit, armt. daa af Vankelmod og Sut,
dei vodo vige paa mot Knellingikki Kulur. og mot Krut.
For inn paa Landet laag af Hermenn lange Linur,
som løp og skaut og saag til Springing ut som Minur,
men meire dei paa Flog saag ut som Sildestim.
som Kvalen jagar, og som raakar rett til Rim.
Og sume i ein Skog ved Strond af Stjordals-Aa
paa SkrovetUnderlivet, Skroget. fram seg drog og skaut og puffad paa.
224Men desse maatte snart or Skog tilbake vika
med Sprang og spræke Fart – Eg høyrde Ingen skrika –
for mange Menn var bak, ein Manngard mykit stygg,
for han var sett til Tak i desses arme Rygg.
Det yver Brui bar med desse burt i Bakken,
og bak dei andre var som Øks paa Naut i Nakken.
Daa rauk det og det small i litle laage Lid
og lydt var Krigens Knall; det Nutar svarad i.
I Lidi myldrad paa den Myrjemengd der budde,
som Maur i Tuva daa det urde og det krudde.
Men straks det bles til Fred; det flaug det Farkehat,
og Folket slo seg ned og fekk seg Drykk og Mat.
Daa diskad’ vardt der Bord for Heltehermenn haage,
og haagt mot Himlen foor Champagnekorkar fjaage.
Af Vin og Krut du datt, og arm du inkje orkar,
og Kulur mindre spratt i denne Kamp enn Korkar.
Dei baade drap sin Mann, det mange mæla kann,
men Korken, Korken, han, drap fleire, fleire, han.
Paa «Halsen» Blod ‘ki flaut: best, betre, kanske verre.
Ein Hermann Foten braut: for det vardt Kammerhrrre.feil for Kammerherre

Det var mykit annat fagert, som hekk ihop med denne Skalkestriden; men det er berre store djupe Tankar, som bør koma i Poesi eller paa Rim. Det er Heltediktet, som er det eldste alt fraa Fader Homer og Moder Edda og ned til os; og det verdt vel ogso det siste for den kunstfulle Rimslenging. Her kjem altso Prosaen um Skalkestriden, eller

det Rimlause.

Folk var gridug uppe i Throndheim denne Stridens Dag. Det er ikki fyrste Morgonen denne Byen 225er vekt af Stridslarm, tenkte eg, daa eg sprang ned paa Tollbudbryggja til Eimbaaten. Det sveiv og dreiv nedigjenom Nidaraa millom Varpestolpar. Det bar nordigjenom mot Vinden. Me framande Folk saago inn paa Hladehamaren og Hlade med alle dei andre store staute Gardarne i Strindi langs nord med Fjorden uppigjenom Bakkarne og so sud til Byen mot Byneset, og so fudvest Fjordgapet, og so vest mot Leksvikstrondi, og so nord mot Tautra og Frosta og Aasenfjord eg Steinviksholm og so nordaust mot Stjordalen. Der stod eg og las i denne gamle Heltesoga rund ikring meg, las bak Ord og millom Radir, liksom naar du seer ned i det svarte Djupet skimtande i Tanken alle dei Ubeist og Havfruvur og leikande Gullfiskar ned mot Afgrunnen. Du kastar deg tilbake i Baaten for at sjaa upp mot Himilen, der Soli lyser ifraa.

Dette gjorde eg og her, og eg saag – Drosi.

«Nei, er du og her», tenkte eg, «vil du og i Striden? Aa, ja, Aphrodite var glad i Ares, sagde dei gamle Grekarar, som so yndigt drøymde um det, kver søker etter og som er vaar djupaste Lengtan. Det Fagre vil eiga det Sterke og det Sterke det Fagre. Den eine Livsmagt leitar etter den andre liksom paa den «chemiske Spendingsrekkja» Ilt og Kali. Dei koka og fyssa naar dei koma ihop».

Men det var ogso ein annan djup Tanke i dette sama græske Folkedikt (Mythe), og det var den, at Aphrodite var gift med Hephaistos, den Styggingen, venteleg for at visa, at Kvinna er klokare enn Mannen i det, at ho ikki som han løyper og henger seg upp etter det Flikkrefine, men ser meir paa det, som duger. 226Og so viser det likeins den Sanning, at det Fagre hever liksom nok i sit eiget Fegre, og mest liksom for Gaman og i dristugt Dramb søger Styggleiken; medan beint derimot den Stygge søker den Fagre med Graade (Graadighed). Desse tvo trengja til ein annan som Utfylling af sjølve seg. Det maa vera Jamvigt i Livet. Du skal derfor altid sjaa, at den ljote Mannen er mest ravgalen etter den væne Gjenta, medan dei Javne mest søkja og faa kverandre. So er det Jamvigt atter.

Eg søgte Drosi, og so kann no kver etter desse Tankarne tenkja seg Tanken min um meg sjølv.

Men slike Fuglar ero vande at faa fatt paa, og sjølv um du fær deim i Samtal, so er du mest like nær, for det er med deim som med Svevnen: du siter og seer paa og torer ikki vekkja.

Ho tyktest vera liksom aaleine i denne myrjande Mengd, der den Eine trengde den Andre; eg fann Ingen af henar Selskap, som eg kunde koma til Tals med og soleides koma nærare inn til. Det var vel eit Lag af Herrar og Damer, som eg trudde høyrde med til Selskabet, og som eg vardt dregin inn i. Som ein tenende Herre tok ogso eg i ein Umgang med Portvin, og Kake; men no saag eg forseint, at Drosi ikki høyrde med til Selskabet. Der stod Stuten paa Steinen. Men so fekk eg sjaa Ein, eg kjende fara figglande ikring hena bjodande Kake, Vin og Apelsinur. Men han saag so forelskad ut, at eg ikki hadde Hjartelag til at blanda meg i Laget, og so var han so ljot og til Aars, al Galskapen kvekte meg. «Galen verdt klok af endaa galnare» tenkte eg, og gjekk fram i Baatsrumet til dei mange Songarar, som saato der kvedande i Kapp med 227Motvinden. Der var Gap og Gaman. Tru dei Gamle hadde det so godt, tenkte eg altid paa desse Stadarne, anten eg var siglande, gangande eller køyrande. Eg vardt vel van ved det, veit eg, men skal eg døma etter mi Kjenning her nord, so kom eg til at ganga som i Svevnen paa dei store Kyrkjegardarne Italia og Grekarland.

Ein Dal Profeten Esekiel saag,
og der millom Berg af Bein han stod.
Dei drog seg ihop, som i Livet dei laag,
og alle fekk Sinar og Kjøt og Blod.
Og Andarpusten kom med ein Sus
tilbake fraa den, som Livet gav,
Og daa skalv det og dundeImp. af dynja = bevæge sig tungt med dump Lyd. som Fossebrus,
og det valt i Vaagir som villan Hav.

Men her paa «Halsen» var somange glade sundagsklædde Folk, at eg eit Bil ikki fekk Tid til at vekkja upp deim, som kvilte i alle desse Gravhaugarne. Naar Livet er stort og manntykt og livande paa Jordi, gløyma me til all Lykke det, som er under Jordi. Men snart verda me ogso trøytte af dette og sukke med Xerxes for alt dette skal vera sveipt burt om ein Mannsalder. Han gret endaa han for dette, stender der; men det kann eg aldri tru han gjorde; kanskje han ikki eigong drog somykit som ein Sukk, den Mannslagaren.

Daa Heren etter Slaget kvilte der upp i Lidi, var ogso vaar elskelege Dronning med der. Det vardt endaa sagt – for eg saa ikki dette so grannt – at ho sat der i Skuggen og aat Ber, som væne Gjentur hadde 228plukkat og bont fram til Landsens Moder. «Hoffrøkenerne» sveiv ikringum som Fivreld (Sommerfugle) med dei droplutte Vengirne sine og Baand i Hatten og Silke sko uppaa den grøne Torva millom Smaabuskar og Bergknattar. Det glimade i Soli, og det fauk Smaafuglar ikring. Og kven skulde eg sjaa bak eit Holt annan enn Drosi blinkande som Blomen paa dette Eventyret?

At sjaa ein Konge med sine hægste Herførarer er stort eg staut, so det berre er ei Tilgjerd (Affectation) at smila aat eit slikt Syn. Naar daa fullvæpnade Ridarar sprengja att’ og fram, so det skrangler med Sabel og Greidur og Hattedusken skvetter upp og ned, og Folkehavet bylgjar till Sida som Sjøen for Skipskjølen; og naar daa Trumma gjenger, og Elden fraa Kanonurne blenkjer gjenom dei rullande Røyksky, daa maa du kjenna paa deg, at so stor ei Magt er ikring deg, at du sjølv kruppnar ihop til ingenting. Vore det no i eit rett Slag, der du ogsaa høyrde Skrik og Musik og søgje Blodsollen ikring deg, so vilde du inkje Under finna i det, at Folk ganga paa som rasande galne i ein slik Domedagsdans og elska denne ville Leiken. Sjølv eg, sem er ein livrædd Mann, fær liksom Draapstankar, um eg berre seer paa ein Skalkestrid, ja endaa um eg berre høyrer Musik og Kanouskjoting paa ein Kongeleg Fødselsdag. Det sprakar liksom Gneistar tvert igjenom deg, og Blodet rullar i deg som Eldkulur. Du er sjuk. Du er galen. Og so vil du hevna deg, og fær Blod paa Tonn.

Og so seer du som vaare gamle Forfeder Valkyrjur og Odin rida susande gjenom Lufti for det forvil229lade Auga, og du trur, og du beder. Det er Ølkveisa (delirium), det gamle Hamreme (Berserkgang).


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.