Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Rundarne

stodo i Hugen min heile Vegen; eg saag fraa Topp til Topp, og daa eg spurde um ikki det og det skulde vera Runden, so fekk eg gjerne til Svar: «Jau han er rund denna.»

«Ja det trur eg vel,» svarade eg arg yvir all den Faakunna um Landet, «det er rundt altsaman her.» Og vist er det, at eg ingenstad so greidt hever seet som her, at Fjølli ero skavne og svarvade runde af Is og Grjot og Vatn, og det er greidt, at den siste Skuringsstraum er komen fraa Nordaust. Dette er synt baadi her eg i Raumsdalsfjølli, som ero runde og afskavne paa den Kanten, medan dei mot Vest sjaa ut som ein storknad Sjø, elder rettare som dei Toppar og Tver97baarur som koma fram i ei Vatsbytte, naar du spenner paa den eine Traamm (Bred). Derimot er det ogso mangestadar rundt mot Sud, men dette seer tidt ut som ei eldre Afskaving, og soleides torde det visa seg, at denne Franskmannen hever Rett, som meinar, at Vatnet paa Jordi renner fraa den eine Jordende til den andre kvert titusind Aar. No er den største Vatsmengd ved Sudpolen, der det er kaldaste, og ettersom Isen smeltar der, og det fryser meir og meir ikring Nordpolen, so bryter det eigong laust (ikring seks tusind Aar til) og kjem som ei Sundflod nordigjenom, liksom det sist foor sudetter med Is og Steinraas. – Dette vere no som det vil! men dei fleste Jordkunnige (Geologer) tru af det, dei sjaa, at vaare Fjøll hava stadit under Vatnet og Is og ero svarvade. Sume meina, at Landet her hever seg upp, medan det siger ned paa andre Kantar, og at soleides Jordskorpa gjenger i Bylgjur som Isen paa Vatnet. Andre tru, at Vatsmengdi paa Jordi minkar, til Jordi verdt turr og døyr af Elde liksom henar Skapnadar soleides som me Menniski. Me turka alle burt, og det er det, som heiter at eldast og døy af Alder.

Baadi ved Havkanten, der me sjaa Sjøen minka og endaa meir paa slike Fjøllslettir og Fjøllpiggar med alle sine Skuringar og Nedladningar af uhorvelege Steinrøysar, liksom dei skulde vera sokkne ende ned fraa store Isflengar, allestadar tykkest eg, at me maa spyrja, kvat dette og dette kjem af. Og naar me koma til slike haage Fjøll med sine Afgrunnar, so maa me ganga endaa lenger tilbake og spyrja, korleides det og det vardt skapt. Daa sjaa me liksom den smeltade Kula storkna 98lik Is ytst, som det daa rivnade i, ettersom det vardt afkolnat, og der gjekk upp og ned med Berg og Dalar liksom naar Vind kjem inn under Isen. Men vaar Jordkunna er endaa so ung, at det meste er vel berre liksom Draumar enno. Men so kunna me ogso drøyma um all den Koking og Brusing og dei Millioner Aar, som dette maatte taka ut, for me sjaa at Lag paa Lag visar paa alt dette; og ein Naturkunnig (um eg minnest Rett, Forchammer) segjer, at eit geologisk Aar maatte vera mindst sytti tusind Gongir so langt som det historiske, fyrr Vitenskapen i Jordkunna kunde slutta so vist som Historien af eit sit Aar.

Men lat ikki meg, som veit solitit um denne Ting drøyma! Det er nok at Vitenskapsmenn i denne Grein sjølve gjera det, og derfor ikki kunna verda samtykte.

Men Jordkunna vil med alt dette verda den sanne Framtidsvitenskap.

Til lenger eg kom nordetter mot Rundarne, til hægre og digrare vardt baadi Fjøllryggen og Topparne. Daa eg rodde nordigjenom Atnesjøen og saag «Svulten» og «Illmannshø» framfyri meg, so tenkte eg: «dette maa vera Rundarne,» endaa eg totte no at desse Fjøll og Afgrunnar vaaro for smaae til at vera nokot so navngjetit stort.

«Aa nei, du skal sjaa nokot annat,» sagde Roaren, «naar du kjem nordi Atnedalen millom Straumsbu og Stavsbuøy.» Illmannsdalen er ein Dal nordigjenom denne sanne Jøtunheim, som vist hever Navnet sit fraa deim, som vaaro utlægre (fredlause) for Draap og slike Illgjerningar, og som rømde hit for at vera sikkrare 99mot Forfylgnad. Her var stygt, og dette kunde gjerne heita Illmannsdalen berre for sin Villskap. Der sat eg og solade meg etter eit Herremaaltid for seks Skilling uti Tunet paa Straumsbu og saag burt mot Illmannsdalen og liksom Herdarne til Rundarne, som laago so nær meg og stungo so haagt upp, at dei mest toko burt halve Himilen. Der var Snjofenner og Raasir af styggeleg store Urdir og Aur eg Sand eg ikki eit grønt Straa. Soli skein millom Sky i Strimur ned paa desse mot Sud og Aust kvelvade Barmar til Rundarne; og so kom der Toku-Stripur, liksom Runden skulde løyna Barmen sin med eit Kasteplagg, som med Snipparne tidt naade like til Hofte og Kne; so kunde eg glytta og sjaa gjenom Kasteplagget inn i «Langglupen» og Illmannsdalen, og so rullade der liksom Silkefrynsur nedetter Sidurne.

Der laag eg i Tunet og røykte ein Cigar og drøymde um Skapnaden af desse Kjæmpeberg. Men eg fekk ikki drøyma lengi, for eg maatte tala med tvo Gudbrandsdøler som vaaro komne austyvir Fjøllet og vilde til Øysterdalen i Slaatten, etter at dei hadde slegit af Smaaplassarne sine heime. Dei gingo med Vidjur ikring Skorne sine og Stav i Handi, raude Huvur paa Hovudet og ein Bakmeis paa Ryggen med litit Niste og Klædi paa. Der raakade eg liksom paa gamle Kjenningar, og me røykte Tobak og lo og rødde. «De ero komne lenger de, enn eg, for de ero gifte,» sagde eg.

Naar slike Folk ganga nie tie Mil fram og like so langt tilbake og slita godt fem seks Vikur, so koma dei heimatter til Huset med tie tolv Daler. Derfor logo 100dei ogso og vaaro som eg morosame, naar dei hadde fengit seg Mat og kveikt Pipa si og laago i Solbakken og turkade seg liksom Sauden etter Formiddagsregnet gjenom Illmannsdalen.

Gudbrandsdalen hever so god Raad paa Folk, at der er Arbeidskarlar og Tenestegjentur derifraa baadi i Øysterdalen og Thrøndelagen; og desse gudbrandsdalske Folk merkja seg ut ved sin væne Skapnad for det meste. Det er vist det fagraste Folkeferd i heile Landet; og um den betre gudbrandsdalske Gjenta kann verda sagt, som Michelet segjer um den franske Kvinna, at ho er ei fødd Dronning. Nedetter Mjøsbreddirne helst paa Totsida er det sama Folkeferd kjennande atter, endaa dei Fagre der ero meir sjeldfengde. Kvat kunde der ikki verda gjort med dette Folk! Eg skulde upplysa den halve Jord med det, berre det var rikt nok, og eg fekk læra det upp, som eg vilde. – Eg saag Pannur som paa Shakspeare og Kjakar og Heileskaalir som paa Napoleon. Fraa Thelemork skulde eg soleides f. Ex. forsyna den halve Verdi med Diktarar. – Han var stor og sterk og veen og klok den eine af desse gudbrandsdalske Husmenn, som laag og spøkte med meg i Tunet, og eg baud honom det, eg ikki vann eta upp af den kaupte Rjomekoppen, og so ein Cigar etterpaa. Men so rødde me ogso baketter med leikande Laatt og Løgi og skjemtande Spott, staaande Skaaki og meinande Mærri. So tagnade me imillom og saago burt i Illmannsdalen og Langglupen.

Eg lengtade etter at sjaa Hovudi paa Rundarne. Der er tri liksom paa den græske Helhunden Cerberus, og det er Store-Runden austlengst og Millom-Runden 101og Diger-Rund. Eg baud Farvel til den snille Kona paa Straumsbu og henar flinke Born, som drogo Lauv ned ifraa Buskarne og inn under Staburet, og desse gudbrandsdalske Husmenn. So tok eg Skræppa paa Ryggen og gjekk nordigjenom og saag Rund etter Rund, og tenkte: nei dette kann ikki vera den rette Runden. Med ett reiste han sit blaae Hovud haagt yvir alle andre upp mot Himilen. Der er nokot unevnelegt med det, som er stort; nokot blaatt og himilsk var ikring desse svarte Fjøllveggirne, som eg stirde ende upp til. Det tok liksom og lyfte i meg, daa eg saag Runden straks etter i Kveldsoli med ein Straalering mot den myrke Himilen som eit heilagt Hovud paa eit Maalarstykke.

So gjekk eg innom ein Husmansplas der tett inn med og raakade paa ein gamal Reinsdyrskyttare, som hadde lesit meir enn Folk flest af det Slag. Han fortalde, at han hadde vorit uppaa Runden, daa Lieutenant ****** mælte honom og ellers paa sine Skyttarferdir. Me saago paa Vedret, og han meinte, at han nok skulde fylgja meg uppaa næste Dag; men daa Vedret var so ustødt, at Toka og Vind og Sky kunde koma paa os som or ein Sekk, fyrr me vitste af det, so maatte eg gjeva upp den kjære Tanken at koma dit, og hadde ikki Tid til at bida. «Han er listig Runden,» sagde Mannen, «du kann tru, at det er Karl, naar han rett kjem; han kann vera so still og varm, at du kann sova der uppe, og med eit er det Vind og Snjo, so det er paa Livet.» «Han er liksom dei store gamle Kongarne,» sagde eg, «som smila i Dag og i Morgon taka Livet dit elder landlysa deg.» «Ja nettupp slik er han,» sagde den Gamle. So gingo me upp i Bakken 102lenger og saago gjenom Kikeren hans alle Topparne burtetter paa Millom-Runden og Diger-Rund, som liggja vestetter som Piggar imillom paa ei hakkutte Egg i eit Knivsblad. So er der Afgrunnar og liksom Sadlar og Stølir etter Jøtuner, som hava sett seg ned i Berget og liksom trykt Sæte etter seg. Og so er det store Raasir og Urdir og Snjofenner. Det var inkje Under, at vaare gamle Forfeder sette dei vonde Magtirne til at bu i slike Heimar. Men trulegt er det, at det gjekk soleides til, at desse eldre Ibuarar af Landet, dei store Jøtuner, som Thor stødt og stendugt slost med, det er trulegt, at det gjekk desse som dei seinare Illgjerningsmenn, som toko til Illmanndalen, at dei maatte røma burt i slike Afdalar og ifraa denne Jøtunheimen sin komo fram i Bygdarne imillom for at faa seg Mat og Klædi til sit arme Liv. Og naar daa Thor som den sterkaste Kjæmpekarlen kom med sine Folk burt i desse Afdalar og Afgrunnar og trillade Stein paa desse Jøtuner, so var det daa Folketrui gjorde dette til det, at han slog ned Fjøll til Urdir med Hamaren sin. Eg tykktest at sjaa han Thor burt paa Runden med denne Hamaren sin, som vist var daarleg Verja mot ei Smidusleggja no. Der kunde det taka, at rulla Stein nedetter desse vist tvo tusind Fot haage slette Fjøllveggir; endaa Thor vaagade seg vist ikki so langt fram paa Bruni som desse Engelskmenn af «Alpeklubben» no gjera. «Det er fæle Karlar til at vaaga seg desse Engelskmenn.» sagde den gamle Mannen min, «eg vilde ikki gjeva fire Skilling for Livet mit, naar eg skulde vaaga meg so langt fram paa Glupen.»

Burt under Diger-Rund er ein Dovre-Sæter, og 103det er trulegt, at det var Finnen Svase, som aatte denne, og at det altso var der Snæfrid var Sætergjente, hena, som Harald Haarfager tok til Kone og elskade so saart, at han sat yvir hena fire Aar, etter ho var daud. Hit uppaa Sæteren kom vel Harald som liten Gut, daa han vardt uppfostrad der i Bygdi; kanske han ogso var Snæfrids Fosterbroder, daa det var ein Jøtun, som fostrade honom upp. Her laago daa desse tvo Ungmenni paa Sæteren og elskade under Rundarne, so det maatte verda ein Kjærleike, som Dauden sjølv ikki kunde skilja. Og so kleiv vist Harald uppetter Runden for at visa Snæfrid, at han var Karl. Men han var ingen slik Fullgalning som Guten i «Ørnereidet,» at han kleiv so langt, at han datt ned og slog seg i Knas og Soll til Rædsla for Snæfrid og os, som skulde lesa um det. Nei Harald var klok han, og den sanne Dikting er ogso altid klok, endaa Snæfrid vist var rædd, daa Harald kom der langt upp i Bergskorturne, for han var ein vaagjen Karl som vaksen, og Modet stakk vel alt i Gutungen. At standa der tett inn under Store-Runden, som er den hægste og brattaste der paa Nordvestsida, er i Sanning fælt. At standa inn med det største Taarn som inn med Throndheims Domkyrkje er som at stella ein ørende liten Dokkemann inn med eit uppreist Knivskaft imot at standa her. Alt er audt og svart, naar der ikki er Snjofonn; og det er inkje Under, at Bondefolket derikring segja, at der er stygt. «Du segjer, at Runden er fager du,» sagde ei Kone paa Stavsbuøy til meg, «nei stygg er han som den Vonde sjølv, og naar han kjem heim med sin Snjogufs 104og Vind Haust og Vetr, so er her mest ikki verande til for Folk men Troll.»

Denne Kona likjest alle Bondefolk, som finna det flate Land fagert og store Fjøll og djupe Dalar og Afgrunnar stygge, altso beint imot den noverande Kunstsmak. Liksom Bonden tenker no, tok ogso Kunstsmaken det ikring tvo hundrad Aar sidan. Det er med Kunstsmaken som med Skuren paa Klædom, at Fjøllbonden er ikring hundrad Aar elder mindre tilbake i Tidi, og um hundrad Aar vil truleg han sitja med vaar Kunstsmak og Klædebunad, medan Byarne og dei meir Upplyste i Landet ero komne til ein annan Synsmaate af Tingen, anten det no er fram elder tilbake; frametter synest det ikki vera at finna fagrare ein Afgrunn, ein kvass Fjøllpigg med Snjofenner og aude Afdalar enn ei smilande Engslett. Det er denne ville og sunderslitne Dikting, som enno gjenger atter i Maalarstykki etterat ho er døydd ut paa Papiret. Bonden finner fagert det, som endefram er det; men gagnlegt maa det ogso vera: der maa liksom vera Mat i det attaat, for ellers er det stygt i hans Augo. Og derfor er det greidt, at Runden er stygg, for der vekser knapt eit grønt Straa. Han kann vel vera bisneleg at sjaa paa for ei Gongs Skuld; men som dagleg Granne er han ingen god Mann. Og dersom vaare Kunstkjennarar skulde bu der inn med, so vordo dei snart leide honom og sagde: «Nei for Guds Skuld, gjev meg ein Grasvoll, um han so er aldri so liten.»

Maalarar og andre Folk, som fara etter at sjaa Vænleiken i Landskapet, kunna derfor vera visse paa at finna nokot stort og fagert for seg, naar Folket derikring 105segja, at det er stygt. Rjukanfossen er soleides fælt stygg, segjer Tindølen, og han kann ikki faa i Hovudet sit, at Folk fara lang Veg for at sjaa honom. Folk i Atnedalen totte ogso, at det var rart af meg, som var so «trivleg,» at eg kunde hava Hug til at sjaa slik Styggedom som Rundarne. Drivdalen var stygg, sagde ein Mann i Uppdal, og Raumsdalen var no det styggaste, som til var, sagde Mange derifraa. Og som sagt: til styggarre Heimefolket finna det, til fagrare vilja Maalarar og slike Folk finna det. Her var ein Mann, som kann vera ein Mønstermann for Vænleikslæra: han het endaa Olaf. Han hadde bygt upp eit Stabur utanfor Vindaugat sit eg dermed skygt burt Utsynet til Vatnet og Lid og Fjøll:

«Det fagraste som til er, det er Staburet, for der er Korn og Mjøl og Kjøt og Flesk,» sagde han, daa Presten skjemde paa honom for dette.

Det maa eg segja her no reint og beint, at Rundarne, so maalande dei enn ero, og Raumsdalsfjølli og Snjohætta og det eg hever seet af Jøtunsfjølli sosom Hedalsmugen, Lomseggi og Nautgardstind ero kverdagslege og klumpne og tunge mot den lette og yndefulle Gautstod,mest kallat Gaukstod deruppe. som siter like fager og synleg fraa alle Sidur med den kvitrandutte Kjolen sin i himilblaatt og tvær Foten sin i Rjukan. Der er sama lengtande Hugnad i hena som i dei thelemorkske Folkevisur, og derfor hever ogso Tungemaalet gjort Gautstod til eit Kvendekynsord, medan Runden er Mannkyn. Det er ho Gautstod og han Runden. Og vist er det, at der ved 106Gautstod er nokot bylgjande mjukt og innsmeitjande attaat det drustelege (majestætiske), som gjerer, at Augat kviler seg voggande paa denne liksom symjande Bylgja mot Himilen.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.