Byfolk og slike som inkje kjenna nokot til Gardsbruk, tru tidt, at det er ei slik Sæla og so sjølvstandande og fritt at vera Landmann. Dette kjem no mest af Faakunna til Landlivet, og so kjem det no ogso af den gamle Hyttepoesien, som rødde um ei Hytte og eit Hjarta, og trudde at Livet var so fagert og reint og uskuldigt burt i Hytturne. Ja sjølve Wergeland hekk so i denne Villa og kjende solitit til Livet, at han ynskte seg ein Halmhatt og ei Graakufte og ei Hytte inn med ei Aa.
Og so er det ei onnor likso stor Villa blandt desse Folk, og det er den, at der skal mindre Vit og Dug til at vera Landmann enn til mangt annat. Javist kann Ein vera ein god Landmann utan stor Boklærdom; men Umtanke og Ettertanke og Framtanke maa somenn Landmannen hava vel somykit af som nokon annan Mann, um han skal koma vel fram. Og so maa han kunna det, som me lika verst: han maa kunna gjera nokot, for um han enn er so rik, at liksom berre styrer og ser etter, so er ikki det altid lettaste Verket, naar Drift og Gard er stor.
51Per hadde ingen Hug til Handelen eller Studering, elder kvat det no var, han hadde farit med. Nei han vilde vera Landmann; og daa han aatte tie tusind Daler, so lagde han nie i ein Gard, han gav femten for; det eine Tusindet tok han til Buskap og Husbunad (Møblement); men daa dette ikki naadde fram for ein Mann, som vilde hava det gildt, so sette han seg i Gjæld for Resten. So bar det laust med at riva upp ny Jord utan Von um at kunna hevda og veitegrava, ettersom han braut upp etter. Det var liksom Jordi skulde bera, berre ho vardt snudd paa. Ja det var nokot Mosahy paa dei store Viddirne, som laago uppskorne. So reiv han ned gamle Hus, som hadde vorit høvelege til Garden endaa, og bygde upp store ny, nett som det skulde hava vorit til ein Herregard.
No var det ogso Tid til at gifta seg for Landmannen og anten det no var som vanlegt, at han lengi hadde gjengit og slengt trulovad, elder han baud seg fram som ein Landmann, nok, det var ei fin Jomfru han fekk seg fatt i til Husfrøya paa Landeigendomen sin. Ho stakkar hadde vist ogso Hovudet fullt af Hyttepoesi og al den Fridomen og Sjølvstøda, som det er at vera Landmann. Og det gjekk vist søtt og godt det fyrste Aaret, endaa han alt daa tidt maatte til Byen for at «gjøre Forretninger,» som det kallast at byta um Vekselbrev og gjeva femten til tjuge Dalar i Uppgjeld paa eit hundrad, og selja eit Gjeldsbrev paa sjau hundrad for fem. Per gjorde mange slike «Forretninger,» og han var paa sine Maanadsdagar so viss i Byen som Sporven i Jolebandet, og daa han reiste denne lange Vegen og livde i Byen som ein slik Landmann, 52so maatte han ogso gjera «Forretninger» for at alle desse Utgiftir.
Det gjekk og det gjekk eit Bil med Faderens og Verfaderens Hjælp og Andres Aabyrgsla, som trudde paa den rike Ætt; men endeleg seig det ihop altsaman, og han vardt endaa etter tri fire Aars Landmannskap skuldig meir en han fekk for Garden.
Dette var endaa ikki so ille som af ein annan slik Landmann. Han fek for heile Garden sin somykit som eit Fjos med Løda paa hadde kostat honom.
Her er dessverre mange slike Landmenn, og det er den største Synd med all denne Galskapen, at dei skræma Grannar og Andre fraa at gjera maatelege Forbetringar paa sine Gardar med Jordbruk og Husstel, for dei sjaa, korleides det her gjekk med han Per, og han Paal med Steinfjoset sit.
Nei, der skal stor Gard og liti Gjeld og endaa sparsam Livemaate til, skal ein Landmann liva vel og hava Magt til at halda ut til Enden med maateleg Framgong i si Uppodling af Garden og Forbetring i Hus og alt Stell. Den gamle Prisen paa Jordi verdt nok den, som helder lengst ut, og den var, at Helvti af Gardens Afdraatt vardt reiknat til Drift og Skattar, og den andre Helvti gjord til Pengar etter ein Medalpris, og somange hundrad, som desse Pengar kunde forrenta til fire af hundrad, det var Gardeværdet. No daa det er fem af hundrad, verdt Gardeværdet somykit mindre og altfort ned etter, som Renta er stor til. Maa Landmannen liksom vaar Per tidt handla og vandla, so Renta verdt likso stor som Hovudstolen, so er Garden ikki værd ein Skilling, ja han er ikki 53takande, um du fekk honom tilgjevande (gratis) med slik Drift.
Ettersom der er Dyrkevon til paa Garden, kann Værdet stiga yver dette her nævnde, og naar der er stor Von til Forbetring som paa dei fleste Stader, kann ein ung og drivande Mann eiga det meste af Garden paa sine eldre Dagar, um det ikki var so stort han aatte at leggja i honom.
Men det maa ingen «Landmann» vera, som gjør «Forretninger.»
Garden til denne Landmannen stod og sturde i Sumar og kjende liksom paa seg, at han var komen i urette Hænder, og Ingen kunde heller gjeva somykit for honom som fyrr, for dei fleste Hus vaaro saa store og gilde, at dei maatte arma ut ein Mann og Jordvegen laag liksom geispande.
Landmannen bliver vist no i ein By og Verfaderen hever vist maatt tekit atter Dotter si, som altso ikki lenger er Landmannens Frue.
Lars
hadde eit annat Lag med det, han, enn Per, for hans Fader og Farfader attigjennom hadde vorit der i Bygdi, sidan Odin livde, og Sonen var likso klok som Faderen nedigjenom, nett liksom Graabeinen no er likso klok som hans Ættefeder paa Fenrisulvens Tid, endaa der altid trænger inn i Bygdarne sume nye Tankar med Presten og Lensmannen og ei og onnor Skinnbok. Og no i den siste Mannsaldren gjenger det fortare med dette, soat Folk altid faa liksom ei Andarluft, um dei lesa aldri so litit. Ein og annan ny Tanke verdt liksom 54liggjande atter i Bygdi og tekjen upp af Folki, som tidt tyda og bruka honom paa den løglegaste Maaten; men der kjem eindaa ein frist Gufs, som driver Folk utor den gamle Ringen, som dei hava svivit rund ikring i.
Lars kom soleides lenger fram paa sin Maate enn sine Forfeder. Som Framvokstring dreiv han Handel med Tobak og nokot Brennevin og ein og annan Sauden og gamle Byrsur og Felur. Dette Liv førde honom til Byen og vidt um; so raakade han paa ein og annan Mann, som han fekk ein og annan Setning af, og so fann han Skinnbøker fulle af Duft paa Hjelden i dei Gardarne han laag paa sine Ferdir. So lærde han seg til at skriva og sette altid store Bogstaver for nokot som han totte var stort sosom at «handla» og «kaupa» ogæselja,» og «stor» og «eta» og «drikka», og «snyta» sette han med ein stor utkrotat S., for daa han er eit godt Hovud paa sin Vis, so vil han altid finna ein Grunn for alt, og derfor lagde han seg ogso mest etter Retsbøker og daa af desse mest etter den gamle Logi af Christian den 5te med ei stor greivande Løve paa Titelbladet, som han tidt kunde sitja som i Draumar og sjaa paa. Han trudde paa denne Boki som paa Bibelen og vel so det, for han fann mange Ting i Bibelen, som han ingen Grunn kunde finna i, og derfor var han i betre Lote (Humeur) paa Thingstaden enn i Kyrkja, og for so vidt var der nokot gamalnorsk i honom, so han rett var i sit Es, naar han kunde bruka Logkrokar, for det han vann med Rettens Hjælp var i hans Tankar altid den største Rett, kor urimelegt det enn var for den rettvise Tanken.
55Men det, som forundrade honom mest, var, at han tidt tapade Sakir tvertimod det han las sig til i Logi, for Stykki, som vaaro aflagde hundrad Aar sidan og vel so det, trudde han endaa stodo ved Lag, og han sette tidt paa seg Brillurne og las og las uppatter og sagde: «Det maa vera mykit til Dom dette; men Hægsterett gjerer honom vel um.»
Ja Lars er ein Rettens Man, og derfor gjenger han ogso med Lomma so full af Logbøker og Rettsbrev, at det er so tykt som ein Bibel; men svart og blakt er det alt af all den Bruken, for han dreger sine Greidur upp og leser deim som Børneboki, naar han kviler i Vegbrauti, og naar han hever lagt sig um Kvelden.
Han var Skulemeistare eit Bil; men ein slik Rettens Mann maatte ogso um Vetren vera meir ute i Strid og Retstrætte, enn det er høvelegt for Skulemeistaren, og all denne Handelen hans kunde ikki fremjast med at stava for Smaaborn, for han var det, som Folk kalla ein practisk Mann.
Det var no i den Tid ikring firti Aar sidan, daa Jordi gjekk for eit ringe Værd, at han kaupte seg ein Gard, og bytte og bytte, til han vardt sitjande paa ein af dei beste i Bygdi; so kaupte han Skogteigar og førde Sakir um Grensur og Sankavegir og slikt nokot, og i den Tid, stod der større Stegg (stor Rædsla) af ein slik Rettsmann enn no, soat han tidt skræmde Folk, og gjorde det eine Tak større end det andre. Men med all denne Rettslærdomen og Rikdomen sin, var Lars ein Mann, som aldri flaug etter den nye Stasen: han gjekk som den Dag i Dag fyrst med ei Huva under og med ein Hatt uppaa, svart eg blakk og att’ paa Nakken, so 56Huva er sjaaande rund ikring Hovudet berre ikki bak. Lars klæder seg liksom med Spontak, der den eine Sponen ligger paa den andre som Fiskeskjel: soleides hever han, for at taka nedantil, Hose paa Hose upp etter Leggen, der den indre er ein god Tumme lenger upp enn den ytre, og yvir Kneet sit ein Smokk liksom ein afklyppt Kakelsovns-Røyr. Likeins er der Brok paa Brok og Vest paa Vest og uppetter, og Kjole og alt af det grøvste Ty, liksom det skulde vera vovit af Riskvistir og fullt af Mjolkedropar og Matflekkir og Grip etter Fingrarne hans, for han fylgjer den gamle Skikken og turkar Henderne ned paa Klædom, daa han med alle slike Folk kallar Turkaklut ein Ovbunad (Luxus). Naar no til denne Klædebunaden koma hans store Biksaumssko og hans Fyriskinn, som altid slankar ned til Knes, so var det inkje Under, at Folk i eldre Dagar var rædd denne Rettens Mann, naar han kom paa Thingstaden; og hans glirande Augo og Munnvikar mest att’ aat Øyro kunde nok gjeva Aalmugen den Tanken, at dette var ein Mann, som kunde meir enn mata seg.
I sit Gardsbruk og Husstell hever han liksolitit tekit etter den nyare Skikken, endaa han ikki var fullt so sermerkt der som i Klædebunaden, for den Ting at driva ein god Gard, so han knapt føder Driftsfolket, det er ikki so einstaka. Der finnst mange Folk, som gjenomføra det gamle Ord: «Sulten eter Sulten upp,» og Lars er ein af dei beste til dette. No er det vel so med Lars, at han tidt leider ei Ku til Torgs for at kunna taka ut ei Ankestevning, og soleides dreger undan Garden og til Retten; men der er med alt dette nokot fornt (antikt) ved hans Gardsdrift. Han leiger dei 57udyraste Folk, og derfor er der mest Svenske paa Garden hans; daa gjenger det paa med Graut i den eine Neven og Graabeinsild i den andre, som det verdt snubbat og bitit af som af Pylsa elder Tobak, og so daa attaat lagt i seg af tunn Velling, so Magen er slik utspanat, at dei knapt kunna rigga og ganga fraa Bordet, og ero som kver kann vita, tunge og late den halve Øykt; og der stender ein Tev af deim, som der skal lang Vane til at venjast med.
Lars er so sæl at hava fengit seg ei flink og snil og tolmodig Kone. Det er tidt, at ho maa ut paa Bakken og rota og grava etter Karvekaal og annat slikt Røte, naar Huset er altfor matlaust um Vaaren og ut paa Sumaren. Tidt er det ogso, at Aarhagen af denne gode Garden ikki naar lenger enn nokot fram paa Vetren og ikki endaa so langt den Hausten, han sleppte Buskapen ut i Kornstauren og Jordepleaakren, af di der var gjort Inførsel i Aarsgrøda. Daa han ikki lenger kunde draga Saki ut med Ankestevningar, men maatte sjaa Futen koma og taka Utlegg i Aarsvokstren, daa vardt han sinnat og dreiv Buskapen ut paa Aakren. Men, stakkars Lars, det hjelpte honom inkje, for han var god nok, so han maatte bitala si Gjeld med annat og var attaat nær ved at koma i Bøter; og Buskapen var her ikki nokot sykja Skadegjeld af. Daa riste han paa Hovudet og sagde: «det er vandt at koma til Retten sin.»
Eigong han førde ei stor Sak mot Broder sin sagde eg til honom: «Du skulde ikki føra somange Sakir Lars!» Hm! svarade han, bøygjande paa Hovudet og glirande med Augo: «hm, hadde eg ført fleire Sakir, kunde eg hava vorit ein rik Mann, men eg he58ver vorit for god i meg og trutt Folk for vel, stakkars Kroken min!»
Han teker Bibelen beint etter Ordet, at Mannen er Konas Hovud og Herre, og daa ho eigong hadde fest ei Tenestegjente, som Lars totte Huset kunde vera forutan, og Kona ikki vilde gjeva etter, so stevnde han hena for detta. Han ruggade paa Hovudet, daa han saag, at han heller ikki med dette kunde faa «Retten sin», og sagde: «det er vaalundt med den Retten, og Guds og Manns Log seer no ut til at vera ugjeldande!»
Naar han ferer burt i lenger Tid, so seter han inn Kona si til Fullmægtig og skyter til Bibelen paa denne Retten sin, og slær denne lærde Fullmagt upp paa Dyri til «Kontoret» sit. Men daa ein Rettslærd sagde honom, at der kunde finnast Mange, som endaa ikki vilde innlata seg i Storhandel med Kona hans, so sette han eigong inn til Fullmægtig ein Mann saman med hena, og sagde, at Alle i hans Fraver skulde lyda hans Kona, som han etter Moses Log og St. Pauli Ord hadde Rett til at setja i Staden sin, og saman med denne «heiderlege» Mannhan var nyst komen ut af Tugthuset. skulde ho handla med sama Magt, som han gjorde det sjølv.
Dette «Kontoret» hans er eit litit Kot upp i det andre Stokkverk paa Stova, og dit krabbar han etter ein Stige fraa Koven gjenom eit Glugg med Lem paa. Og for at spara Tid med at ganga ned til Maaltids og for at ikki eigong hans Kone skal koma inn i dette gjæve Kot og kanskje stela burt eit og annat «Document,» so hever han stelt til eit litit Glugg, som Maten 59verdt puttat inn igjenom, og likeins for at spara Tid og hava det høgt (beqvemt) hever han liksom eit litit Skap inn i Veggen med Glugg ut til Løyndarhus. Paa denne høgvinte Maaten kann han sitja all Dagen paa «Kontoret» sit millom Logbøker og Rettsbrev og Motbøker (Contra-) og Domar og Innleg til Retten. Alle hans eldre Rettsbrev og Bøker ero gule, liksom dei skulde vera duppade ned i Saltlake og turkade paa ein Stein i Soli.
Det er Guten sin Lars, som ikki armar seg ut til med staute Hus og gjæv Husbunad: der finnst snart ikki ein heil Stol i Huset og Bordbenken stender og ruggar paa tri Bein. Kona skurar nok og tver, men ho rekker det ikki alt, stakkar, med alle dei Smaaborn ho maa dragast. I Golvet er Tiljur ute imillom, so Ein ser ned i Kjellaren, og Kona man vera paa Livet for Smaaborni sine. Kjem ei Vindaugsrute til Skades, so verdt det puttat i Holet eit Stykke af eit gamalt utslitit Klædesplagg, som der finnst heile Hangar af millom Halmen i Sængi og i kver Huskraa men mest i Stabursvali inn med ein liten utsliten Slipestein.
Det var her i Vaar eigong, at der tok Eld i Ovnspipa og brende eit stort rundt Hol i Taket, fyrr det vardt sløkt; men Holet stod og gapte like rundt og svart, daa eg var der, so eg saag beint upp i blaae Himilen fraa Krakken, der eg sat fram med Gruva. Det var no Sumars Tid, so det gjorde ikki somykit, meinte Lars.
Som Husets Husbond og Herre gjenger han med alle Lyklar, so det er so det ringlar i Lommurne hans.
60Det er ikki værdt at tru nokon, meinar Lars, og Kona kunde finna paa somykit ho, naar ho fekk raada seg.
Han rister paa Hovudet og undrar seg, kvi han med sit sparsame Liv hever vorit nøydd til at selja den eine Skogteigen etter den andre og det beste Jordestykki paa Garden sin og enndaa pantsett det, som atter er, so det ikki vil ganga lenger. Men, det er fordi han hever vorit for god i seg og ikki ført Sakir nok.
«Farvel Lars,» sagde eg daa eg skildest med honom, «Farvel, du er ein af dei gamaldags Menn, som eg hever kjennt mange af berre paa ein litit annan Maate, for du veit det, Lars, at ikke eigong tvo Lauv ero like.»
«Nei det er vel so det, Guten min. Og naar du kjem hit atter, maa du vitja meg, for af deg kann eg ukaupande (gratis) læra nokot Rett imot alle dei vonde Folk, som sitja um meg paa alle Kantar. Her saag du Futekarlen gjorde Innførsel for ei Gjeld, som eg er likso uskuldig i som dette minste Barnet. Du saag, eg hadde Pengar, men der maa daa vera Rett at faa inn i Christiania.»
«Jamenn er der Rett, gode Lars.»
«Ja no reiser eg snart derinn for at taka ut Ankestevning. Det fær ikki hjælpa, um det er Slaattaanni aldri somykit; for Retten er framum Alt.»
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.
Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.
Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.
Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)
Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.
A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.