Tri Mil gjekk eg ein Sundags-Ettermiddag upp igjenom dei bratte Furulidar og vest nordetter dei lange Fjøllmyrar og Flottir (Flaair, Fjøllslettir) kvite af Reinsmose med knapt eit grønt Straa. Der var so audt og daut, at eg berre høyrde Andardraget mit. Kvelden 80drog inn paa, og Lufti tok til at tykkna, so Fjøllpiggarne stodo med blaagraae Hættur paa Hovudet, som Soli af og til skein ikring og fargade Fjøll og Flott med sin himilske Eld. Eg sette meg paa ein Stein og skaut Pusten, turkande Sveiten af Panna mi.
No ser eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag;
og sama Vind den heite Panna svalar;
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer’ meg tankefull, men endaa fjaag.fjaag, glad.
Med Ungdomsminni er den Tala blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.
Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjøll eg saag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld af Sol ein Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim mot Notti vil meg lysa.
Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat,
so Dagsens Ljos meg synest meire bjart.
Og det, som beit og skar meg, so det saarat,
det gjerer sjølve Skuggen mindre svart;
81sjølv det, som til at synda tidt meg daarad,
sjølv det gjer’ harde Fjøllet mindre hardt.
Forsonad’ koma atter gamle Tankar:
det sama Hjarta er, som eldre bankar.
Og kver ein Stein eg som ein Kjenning finner,
for slik var den, eg flaug ikring som Gut.
Som det var Kjæmpur spyrr eg, kven som vinner
af den og denne andre haage Nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til Soli ned i Snjoen sloknar ut.
Og inn i siste Svevn meg eigong huggar
dei gamle Minni og dei gamle Skuggar.
Det vardt myrkare og myrkare; eg gjekk og sprang desse endelause Flottir med Stein i Stein og Rindar og Rantar og Afdalar som storknade Bylgjur. Fraa Bylgjerygg til Bylgjerygg er eit heilt Augneleite; og naar du kjem fram paa det næraste, so er der eit likeins atter, og so framigjenom. Men so var der Uppkomur i Myrsev med so kaldt og reint Vatn, at der var Helsebot i det. At liggja paa den mjuke Mosen og sjaa Sveitedroparne paa Panna ned paa Botnen af dette Staalvatnet, og taka Gløyp etter Gløyp, og so rulla seg paa denne Silkemosen, ah, denne Vellyst er ikki forteljande, for det er mest liksom til at daana af. Naar det kann smaka slikt her til Fjølls, so var det inkje Under at Mahomed i eit varmt Land lagde Himilriket inn med slike Kjeldur, og at ogso Bibelen talar um eit Livsens Vatn, og um Hjorten, som skriker etter slikt Vatn, endaa eg kann aldri tru, at der var 82so godt Vatn i Arabia og Jødeland som her til Fjølls. Byfolk skulde fara til Fots derupp og smaka paa det.
So kom eg fram paa ein Bakke og saag det lyste ned i Dalen fraa den opne Sæterdyrn; og so høyrde eg Bjøllur og Lokking. Det veit Ingen, kvat Folk og Hus er, fyrr han hever gjengit so i Fjøllet, og det kveldar. Eg meir dansade enn sprang og gjekk ned igjenom den vesle Lid, so trøytt og tyrst og solten som eg var. Daa eg kom ned paa Sæteren, satt Gjenturne og mjolkade. Eg gjekk inn i Selet (Sæterbudi), tok af meg Skræppa og sette meg inn med kvite Skorsteinen, som det lyste og brann so godt paa. Rett som det var, kom der inn ei ung Gjente med ein uppbunden striputte Kjole af fint Ty og med ein drivande kvit ein under, kantad med Knipplingar, som eg trur, for ho kom fraa Fjoset med Mjolkeringa, so det var best at vera kvitklædd for at gaa vel (blive opmærksom paa) alle Saurflekkir; ung og sterk og raudleit og fager var ho, so eg vardt sitjande som klumsad eit Bil og einstirde paa hena. Eg spratt daa endeleg upp og tok hena i Handi og baud god Kveld og sagde kven eg var, og kvar eg vilde etter.
«Aa er det du,» sagde ho med sit mjuke Mæle, likt det lindaste Samljod fraa Strengen; «ja, eg hever høyrt gjetit deg; sett deg ned! du maa vera trøytt etter slik ein Veg.» – Eg hever aldri vorit meir stolt og glad yvir at vera kjend; men eg var rædd, for eg trudde, at det ikki kunde ganga rett til dette; men at eg maatte vera bergtekjen, for Hus og Gjente og altsaman var liksom eit Eventyr. Og so minntest eg etter han Kjetil 83Bjørnson, den Kvelden han kom til Subsabudi: han fekk Mat og alt det beste som til var af ei Gjente, blaaøygd som Dagsrandi og so makalaus væn, at han sat liksom forgjord heile Kvelden og lagde den eine Einerkrøkla paa Elden etter den andre for at sjaa vel paa dette Synet; men daa dei skulde leggja seg, saag han, at det var Roveguro, for Halen drog seg so lang som so. Han seig i Uvit (Besvimelse) med det sama, og daa han vaknade uppatter, saag han ingenting annat enn svarte Myrkret i Selskraai, der han laag paa Lyng og Mose frosen og solten og so trøytt, at han verkte i kver Led.
Daa eg var komen under med, at det var Folk, eg var komen inn til, so drakk eg søt Mjolk af ei drivande kvit Skaal; og so gjekk eg med ned i Fjoset og synte, at ikki eg heller var klenare Karlen, enn at ogso eg kunde mjolka; og so fortalde eg um det vestlandske Sæterstell og um den Sumaren eg laag i Fjøllet og gjætte Drift, og svav under Steinhellerar og Einerbuskar og inne i murade Smaahyttur tekte med Torv, som Gjeitarne skrapade af, so me saago beint upp i Himilen fraa Mosasængi vaar. Gjenturne logo, og eg med; og so bar eg inn med det store Mjolkespannet og silade upp Mjolki med og sette Trog og Kollur upp-aa Hjellen, so den eine Gjenta sagde, at eg gjerne kunde vera Busvein med for den Skuld. So rørde eg med Sleiv i Brimkjetilen paa Skorsteinen, for at det ikki skulde brenna ned i, og so var eg liksom Pus etter Gjenturne, naar dei gingo ut i Mjolkebudi, for eg vitste, at der vankade Rjome (Fløde) og søt Mjolk. Anne –so vil eg kalla Husets Dotter – Huldra, var eg liksom endaa 84rædd, for eg totte, at ho stelte seg so fint og adelegt, at det ikki kunde ganga rett til. Men korleides det gjekk elder ikki gjekk, so kann kver vita, korleides det maatte ganga ein stakkars Ungkarl, naar han so kom inn i det. Han kann vera ulykkeleg med det, som mindre er, den arme Kroken.
Det leid og skreid fram imot Midnott; so vardt eg af Anne boden ut i Koven. Der stod Bordet med rein Duk og Rettir af mange Slag, liksom det skulde hava vorit midt i Byen, med Dram til Maten og alt det beste, som til var. Eg saag det i Spegilen paa Veggen altsaman. Den kvite vesle Skorsteinen ut i Koven, som der stod Lauv i, vardt rudd og kveikt Eld paa, so det lyste baade af Skorstein og Ljos. Anne sat med tilbords, daa eg bad um det; men daa eg hadde rivit af meg den verste Sulten, vardt eg so underleg, at det bar imot og sette seg liksom for Bringa mi. «Den, som eg skal taka meg til Mann,» sagde ei Gjente, «maa vera so forelskad, at han orkar ikki eta.»
«Drikk,» sagde Anne, «eg veit du tyrster; sjaa til at faa deg Mat; eg veit du trenger til det.»
Bordet vardt afdukat og ein Kopp med søt Mjolk og ei Pipe vardt sett inn paa Bordet. Tvaattevats-Stol og reint Handklæde vardt stelt til. Eg baud god Nott og saag liksom igjenom Veggen etter hena Anne, som sveiv utigjenom Dyrni liksom ei Sky i Kveldsol mot Notti.
Men den, som ikki fekk sova i denne gjæve Gjesteseng, det var eg, for eg laag og tenkte paa det, som den eine af Gjenturne sagde meg um Kvelden, medan me saato aaleine inn med Skorsteinen:
85– – «Ja du rosar hena Anne, du; det er sannt, at ho er baadi ei fager og snil Gjente; men ho er som inkje mot den eldre Syster Ragnhild; du skulde hava seet hena!» «Hm! Herregud! Veit du ikki det daa? Ho var trulovad lengi med ein rik Gut heim i Bygdi, og det gjekk godt. Daa skulde du hava seet hena Ragnhild; det var so det liksom draup og lyste af hena; ho kvittrade som Fuglen, og der liksom grodde Gras der ho gjekk og stod; men so saag Guten Taket sit med ei rikare Gjente, elder kvat det no kunde vera; vist var det, ut han gjekk burt og trulovade seg med ei onnor, som han ogso no er gift med. Det var stor Synd med hena Ragnhild dette. Er det ikki det styggaste, som til er, at ikki Gutarne skulle lata Gjenturne vera, naar dei ikki meina nokot med det?»
«Jau det er sannt,» svarade eg, «men korleides gjekk det med hena Ragnhild?»
«Aa, ho bar det, som ei klok Gjente, naar det ikki kann vera anderleides; ho vardt no meir stillfarande af seg, og sat stundom og sturde og stirde og saag framfyre seg, liksom ho skulde sjaa nokot; men so lest ho som aldri var. Men alt som det drog frametter Aari, so vardt ho bleikare og bleikare; ho, som hadde vorit so raudleitt! So var det ein Thorsdag her til Sæters, at ho fekk so brennande vondt i Hovudet. Ho lagde seg endaa der burt i denna Sængi; det verstnade og det verstnade med hena, og so fingo me ikki Bod til Foreldri og Doktaren, fyrr um Sundagen, daa ho døydde, fyrr dei komo fram. Det var just paa denne Aarstid og ein Dag som idag. Er det ikki underleg med det? Herregud! me vita ‘ki langt fram!»
86Denne Forteljing sveiv for meg, daa eg hadde lagt meg og sløkt Ljoset. Her i denne Sæng hadde Ragnhild døytt; eg snudde meg mot Veggen for inkje at sjaa, og so høyrde eg, at Klokka paa Veggen pikkade, og at det singlade og song i ei Glasrute. Eg dytte meg ned i Klædom; men so høyrde eg eit Smell i Veggen. Tilslut fekk eg daa Magt yvir denne Rædsla, som enno siter i meg fraa slike gamle Forteljingar um Draugar og Trollskap i min Barndom. Eg tok til Vitet og sagde: «Kom, kom reine sæle Aand; du kann inkje annat vilja enn godt. «Eg bar i liksom at sovna, og i Draumen totte eg, at eg song:
Kom Ragnhild kom, eg vil deg vel;
Du er so rein, du er so sæl.
Eg Guten din er ikki lik:
her skal du ikki finna Svik.
No er du løyst fraa alle Baand,
og det eg søker, er ei Aand.
Det, som du leid, eg veit med meg,
so eg, so eg kann hugga deg.
Her skal du finna Hjarta varmt.
Ajei, at Livet er so armt:
Det Mønster, som me tenkte paa,
det faa, det faa me aldri sjaa;
og derfor Draumen, Draumen daa,
er det som leikar til og fraa.
87Den gjæve Aand som du seg svingar
fraa denne Verdsens Glam og Gny
som Skodd fraa Fjøll i runde Ringar
til Himils upp i Toresky.
Der kann den reine Luft me kjenna
og njota alle store Syn,
og ned paa arme Livet senda
til Lutring desse Glimt af Lyn.
Fraa denne Hægd der kann me rynja
og knusa Myrkrets Jøtunher,
og Sigersongi stolte syngja
til Alt, som Lygn i Livet er.
Kom reine Aand! ah! vil du bera
med meg eit Liv? gjev meg di Haand!
Naar me er eit, daa skal me vera
tilsaman fyrst den gode Aand.
Eg høyrde liksom god Morgon! – Det var Anne med Kaffen, meir straalande enn um Kvelden. – Draum og Dikt og Kunst ero bleike og blodlause mot det fyrste Augnekast af Livet i si Sanning, naar me sjaa det i rette Laget.
Det var Regn den Dagen, og glad var eg, at eg med dette kunde hava nokot at skulda paa, for eg ikki tok ut paa mi Fjøllvandring um Morgonen. Eg var med i Fjoset, som um Kvelden og løyste Buskapen og var Drivargut med uppigjenom Lidarne. Eg laut minna meg paa Bjøllur og altsaman.
88Desse tjuge Aar, som laago imillom, fraa eg sjølv dreiv Buskapen slikt, dei vaaro burte. Daa Buskapen var komen til Beites, gjekk eg nedigjenom atter og saag meg tilbake, der Kyrni gingo som kvite og dropplutte Snjoflekkir upp i Toka. So hogg eg Ved for Gjenturne, endaa der var so mykit god gamal Ved i Lad (Stabeler), at eg berre gjorde det for at syna, at eg var Karl. So var eg med at ysta og kjerna og sjoda Brim. Men so tok det ulykkelegvis til at letna i Vedret ut paa Ettermiddagen, og eg hadde liksom gjort meg gild med det, at mi Tid var kort, eg maatte daa tala um at koma dit og dit til Kvelds.
Eg vankad’ um paa Sætrar vidt,
men Armod mest eg fann.
Um Sæterliv eg drøymde tidt,
men her er Draumen sann.
Eg Sætergjentur paa min Veg
saag fagre Aust og Vest.
Men sidst eg raakad’ her paa deg,
og du og du er best.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.
Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.
Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.
Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)
Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.
A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.