var der mange af i Throndheim til Krøningi. Og naar me møttest der, so vaaro me som Landsmenn komne til eit annat Land, so at Folk, som sjeldan rødde med kverandre i Christiania, vaaro her som dei beste gamle Kjenningar. Ja, det var endaa slikt, at Herrarne talade meir fritt og kjennt til Damur, enn dei torde hava gjort i Heimbyen sin. Det er ogso langt imillom desse Byarne. Det var derfor heller inkje so stort Under, at Nordanfjølls og Sunnanfjølls i gamle Dagar var liksom kver sit Rike, og det endaa lengi etter, at det var samlat til eit.
Det varde ellers ikki lengi, fyrr me Hovudstadsfolk fann os meir heime her nord, for me raakade her og der paa Folk, som ero heime yvir den heile Jord, af di dei hava lært det meste og beste af den menneskjelege Kunskap. Og so raakade me paa Kunstnarer af mange Slag, som ogso tidt sjaa rett vidt ikring seg. Og so var det ellers Kjenningar og upplyste Folk, som me komo i Samlag med, so me snart funno os liksom heime, liksom me ogso snart livde os inn i eit og an194nat sermerkt for denne Byen, sosom at ein Dram her berre kostade tvo Skilling; for denne Skuld raadde derfor Folk, som hadde vorit her tvo tri Dagar, deim, som etter komo, at det var ringaste Kosten at liva her af Snapsar og Smørbraud. Men daa faae selde Brennevin, so var det betre at kaupa seg ei Flaske «Lysholmer» og setja inn i Forfriskingshus (Restaurationer, Caffeer) og merkja hena med eit No. So kunde han koma atter og taka Kjenningar med seg og drikka og drikka af ei Flaske, som aldri traut, og det paa Stadar, der Folket ikki maatte selja Brennevin. Men so bitalade me tvo Skilling Drammen til Skjenkegjenta for Umaken. Det var Byens Skikk dette, so der i kvert slikt Forfriskingshus og Samlagshus (Clubber) stodo Radir med slike merkte Flaskur. Soleides møta Folk Brennevinsforbod. Der var ikki somykit Storthingspunsch der som i Christiania Heilagkveldar og paa Stadar, der ingen Brennevinsret er. Det er Vinpunsch af Franskbrennevin dette, som heiter so, og som so mangein ærleg Storthingsmann drikker, afdi han segjer med Paulus, at Logi berre er til for dei Urettferduge.
Skulde eg gjera nokot Skilmark millom os fraa Hovudstaden og dei andre Byfolk, so maatte det største vera det, at me lettare sjaa kver Ting liksom med ei Dubbelsyn; me sjaa med eit Augnekast liksom Retta og Vranga paa Livsens Vev, soleides at me lettare kunna liksom graata med det eine Augat eg læ med det andre. Det er ogso denne Dubbelsyn som mange af vaare betre Fjøllfolk hava so merkjelegt af Naturen. Det er likeins denne Dubbelsyn, som gjenger igjenom Holbergs og Wessels beste Skriftir, og som gjerer desse 195tvo Menn so norske. I Hovudstaden, der Landsens største Tankemengd er i Umlaup – liksom Pengemengd – der maa ogso denne Tvisyn verda meir skjerpt sjølv i Folk, som af Naturen ikki hava stor Givnad til det. Der er mange der ogso, forstender seg, og det dei fleste, som ingenting sjaa; og so er der mange, som berre sjaa Vranga, og so er det some, som sjaa Retta.
No var det vel likeins so, at det for det meste var slinke Folk, som komo med til Krøningi, anten som Kongsraadar og Professorar og Diktarar eller som Songarar, ja endaa som Heroldar.
Eg vil taka fraa Toppen for at visa denne Tvisyn. No var det vist so, at kver Mann, som hadde med Krøningi at gjera, maatte taka dette som ei Riksgjerning og paa den Maaten leggja det sømelege Aalvor i Leiken; men den, som betre kjende desse Herrar, saag ogso, at dei gjorde alt med en fin Smil, som synte paa Baktanken. Da eg stod med Kjenningar paa Trammen yvir Inngangsporten til Domkyrkja, og Krøningsferdi kom dragande, saago me mange af desse vyrdnadsfulle Herrar i sin gloande Riksbunad og berande Kongens Merki paa ein eller annan Maate at skjegla med Augom og skjeiva med Munnen upp til os liksom dei skulde segja: «De maa ikki tru det, at me ero blinde for Komedien, for det um me ganga strunke eg stive og spila so stort med sjølve.»
Heroldarne vaaro endaa verst farne. Det var med Naud at dei kunde halda seg fraa at læ. Dei torde liksom ikki sjaa paa kjende Folk, for dei hadde speglat seg, so dei vel viste, kor afskapte dei saago ut. Dei sjølve og me Kjenningarne kallade deim «Tyrolere», af 196di dei saago ut som slike umfarande Songarar og Harpespilarar. Og Huset, dei budde i, gjekk under Navn af «Tyrolerhotellet». Kammarherrarne og slike af denne yngre Slekt smilte fint aat sin ellers fagre Klædebunad og aat den Tenesta, som det laag i deira Umbod at gjera.
Der var berre ein einaste Mann bland alle desse, som ikki hadde denne Dubbelsyn. Han tok det altsaman i Kyrkjestilen han. Han var gripen af Storleiken i si Stilling, og vilde for den Skuld, at ogso andre skulde vera gripne af det sama og sjaa Stormannen i honom. Han talade um Hatten sin og Bukselistarne liksom det skulde gjelda Land og Riki. Han svor ved Lykilen bak liksom Thor i gamle Dagar ved Hamaren sin. Arme Mannen, han vardt mest upphengd af Kjenningarne sine. Men Lykka var no den, at han ikki hadde somykit Vit, at han forstod det alt, for den som er blind paa eit Vis er det ogso paa det andre, maa vita.
Ja, det var i Sanning ei Hird, som Kongen kunde lita paa, for han var fylgd af Aandir. Det var Gutar, som ikki skulde vera ufine med Haand eller Munn mot Kongen sin. Bland deim skulde ikki Prinsarne verda tyngde paa som i svenske Tidender f. E. Det Heile var skapt um i Synskverving (Illusion). Naar nokon sagde: «so og so skulde det vera, det og det skulde vera gjort», so vardt han møtt med eit Hyss! medan ein Annan sagde: «godt nok! gamle aflagde Greidur! Folkets Lagnad henger Gud ske Lov i nokot annat og fastare no!» Eg hever aldri so klaart set, at me var eit Folk, som var mogit til at styra seg sjølv. At sjaa slike tvisynte Menn styra Rikit, og vita alle dei Upplyste 197Landet ikring med den sama Syn, dette gav meg den store stolte Tru, at eit slikt Folk kann vera so litet og armt det vera vil, ein Træl verdt det aldri, fyrr det misser dette sit eine Auga, som daa ikki likt Odins er pantat burt for Visdom.
Um Krøningspoetarne ogso hadde denne Tvisyn, skal eg ikki segja for vist, iminsto saag eg ikki nokot til det i Dikti deira. Den eine var no ogso nøydd til at taka det i Kyrkjestilen. Annat vilde hava vorit usømelegt paa den Staden, endaa han kunde hava lagt det liksom i ein annan Tone og ikki smurt so tykt paa af denne Salving, sidan ikki eigong sjølve Bispen gjorde det. Det kunde istaden hava vorit aandrikt og dikterisk gripande. Det vere ellers langt fraa meg at lasta desse Dikt; dei vaaro gode paa si Vis allesaman. Eg vilde berre her tala litt um Poetarne i denne Samanheng. Dei skulle no altid setja si Tid i Historiens Gapestokk, dei stakkar. Med alt det me lesa um Romarfolkets Afguding af sine Keisarar, faa me endaa ikki den rette Tanken um Storleiken af all denne Trældomen, fyrr me lesa Horats’s Songir til Pris for Augustus, for me tenkja: «naar Rikets største Diktare var slik ein Slave, kvat maatte daa ikki det andre arme Folk vera!» Denne sama Trældom og Afguding sjaa me ned igjenom Historia af dei nyare Rike, f. Ex. Racine under Ludvig den XIV og Dryden under Carl den 2den. Og i Danmark daa? Det er ikki so lengi sidan det vardt diktat ei «Jubelhymne i Anledning af at Hans Kongelige Høihed Arveprindsen lykkelig havde overstaaet Kokoppe-Indpodningen.» Og no hjaa os daa? Kvat er det ikki for Usans Wergeland hever diktat um Konge 198og Dronning? Og det var ein Poet her som i et Takkesong til Kong Oscar for han sette Kronprinsen til Vicekonge, sagde med den bibelske Talemaaten: «han gav os sin Søn.»
Men det hever vel vorit so i dei andre Riki som her, at dei Upplyste og Tenkjande lo aat desse Poetar, og gjorde deim til det, som dei i Grunnen altid hava vorit: til Hofnarr. Og Kongarne sjølve gjorde deim vist ikki minst til dette sama.
Dette er daa kanskje likevel ein altfor hard Dom. Poeten kann ikki lett visa denne Dubbelsyn, som her er umrødt, utan at hans Dikt verdt utlagt som spottande, naar kloke Folk lesa millom Radirne og Ordimillom. Poeten maa altso skruva seg upp til eit himilstigande Aalvor, og naar daa Versestilen kjem til dette, ser det heile ut so stort og truande og trulegt, at det er som til ein Gud, berre ein liten stakkars Barnsunge skal til Kyrkje. Goethe skulde eigong skriva ei Daapsong for det fyrstelege Barnet; men han fekk det ikki til paa den Vis han vilde; so bad han Schiller gjera det: han sat uppe heile Notti og drakk Champagne, og endaa vilde det ikki ganga for honom heller. Sanne Diktarar kunna ikki vera Hofpoetar, utan at deira Dikt meir verda fine Spottedikt enn Lovdikt. Shakspeare var sovidt eg veit heller ingen Hofpoet. «Den Spottegauken!» sagde Dronning Elisabeth, som var van til sine smaklause Afgudsdyrkarar; «men han er so lærerik og løgleg, at det er raadlaust at vera honom forutan.» – Det var Gut, som hadde Tvisyn, det.
199Med dette eg her hever skrivit, skal ellers ingen Mann tru at anten eg eller desse tvisynte Menn, eg hever talet um, hadde nokot imot Krøningi. Landsens Pengar foro vel til dette Samlag af norske og svenske og andre Menn. Det vardt mykit upplyst og mykit rettat paa ved denne staute Samkoma. Ja sjølve den Kunskab, som me Sunnanfjøllske fingo um dette Nordanfjøllske, sjølv denne var vel værd Kostnaden. Og um me ikki toko sjølve Krøningi i den gamle Barnemeining, so lagde me ei Meining i denne Fest, som varer lengr, og er meir gagnleg baadi for Konge og Folk. Det er daarlegt at føra Strid mot slike gamle Ting. Det sjaa me ogso at Engelskmannen heller aldri gjerer. Denne gamle Tilbunaden kann vera gagnleg enno frametter for dei Faakunnige og Faavise, og dei Kloke hengja all denne aflagde Klædebunad paa Kunskapen sin, og faa med dette fram ein Skapnad, som just hever denne flirande Dubbelsyn. Det er Mannen det, som veit at fara med Aalvor og Løgi til rette Tid, og blanda desse ihop, so me skjelva millom Laatten og Graaten. Det er dette, som i Kunstmaalet heiter Humor. Og denne gamaldagse ytre Tilbunaden, hengd ikring den nyare tvieggjade Aand, heiter ogsaa Anachronisme. Mi sæle Tid i Nidaros var eit Gjæstebod millom Humor og Anachronisme. Til dette Gjæstebod kunde eg hava bodit dei gamle Gudar med meg, dersom eg hadde trutt paa deim. Men eg var ihop med livslivende Aandir og det var betre, for dei Gamle, so vise dei vaaro, kjende knapt til denne Humor, korkje her eller i Grækarland og Rom, endaa det vel altid um enn mindre klaart hever vorit i den beste Mannatanken som i Ha200vet, at den eine Straumen gjenger Aust ned med Botnen og den andre Vest upp mot Dagen. Det rotnar ikke daa.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.
Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.
Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.
Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)
Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.
A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.