Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Gjenta paa Stiklestad.

Nordigjenom til Verdalsøyri seer du langs Vegen Merke paa, at Fjorden hever siget (eller Landet havt 233seg, som some meina). Der me no kjøyra, var paa some Stadar Baatstod og Naut for dei gamle Landskip.

Eg kom til Verdalsøyri og skulde daa gjera ein Krok paa ein Fjordungsveg uppetter Dalen til Stiklestad. Det er so rik og fager ein Dal, at det vel hadde vorit værdt at farit lenger dit. Ja, Kyrkja ligger ned paa Sletti, og Stytta stender uppaa ein liten Bakke, ei Aabraut fraa gamle Dagar. Det var hugsamt at sitja og sjaa ned paa dei væne Gardarne og paa Lauvlundarne ikring seg. Hadde eg som Olaf fallit her, so vilde eg og hava vorit graven ned her og legit der alt til Domedagen, og korkje Thore Hund eller nokon annan Mann, um han so hadde vorit Prest aldri so mykit, skulde hava fengit Lov til at grava meg uppatter.

Skytsmannen lagde godt ut for meg etter gamle Segnir, kvar det hardaste Slaget stod og Kongen fall. Det var der burt i den andre Bakken, og ikki der Stytta stender, og det var eit Bakslag eller rettare Sideslag af Bondehæren der nord fraa ein Tverdal, som gjorde det. Eg saag Soli paa sama Staden, som Olaf daa han fall, men det var inkje Formyrke no som aatte hundrad og tretti Aar og aatte Dage sidan, og derfor hadde vel heller ikki Folket trutt, at eg var so heilag ein Mann, um eg hadde fallit der no, endaa det er vist, at eg er ein mykit heilagare Mann enn Olaf var, for sjølv um Tidaraldrens Raaskap og det, at han var Konge, verdt fraadreget som Rett er for Reiknestykket, so maa endaa eg vera ein sann Gudsfugl imot honom, og vist er det, at eg ikki vilde vera i sama Andarheimen som han: det vilde vera altfor daarlegt eit Selskap. Nei med han Thormod, som og fall her, skulde eg gjerne koma 234saman. Daa skulde det verda Kveding af; men so laut han leggja af mange af dei brydsame Bokstavrim og henta Likningarne sine fraa annat enn den endelause Striden med alle Draapsreidskap. Og so maatte han ikki soleides slita af Setningarne. Det var med dei gamle Tungemaal som med Slevur og Blautdyr (Blød-), at dei kunna verda afhogne og endaa liva Smaastubbarne, medan dei nyare Maal ero som Kvirvildyr, at dei døy af ein liten Styng paa saare Stadar. Dette trur eg er det, som gjerer, at ikki me kunna skriva so kunstige Vers som dei Gamle. Det maa hanga ihop for os. Naar no Thormod lagde af nokot af dette gamle Laget, som ikki me kunna faa i Hovudet vaart, so skulde eg læra mange fleire af hans gode Ord. Og so skulde det verda «Poesi» af!

Thormod var ein Fritenkjaredet er og eit Ord! liksom ikki Alle, som tenkja, skulde vera Fritenkjarar! Det er berre tankelause Folk, som ikki ero Fritenkjarar. At tenkja det er at vera fri. han, som no alle gode Diktarar hava vorit. Det var her lenger upp i Dalen han sagde til Kongens Kokk: «Er det ikki lenger imillom meg og den kvite Christ enn ein Kurvesnabb (Pylse-) so koma me vel ihop». Han var solten Thormod og vilde faa seg nokot Kjøtmat, daa Kokken sagde, at det var Synd mod den kvite Christ at eta slikt um Frædagen.

«Kven bur paa denne koselege Stiklestadgarden?» spurde eg Skytsguten. «Det er ei ung Gardegjente».

Ja daa lyt eg dit.

Kven veit, um eg ikki her paa denne forne (antike) Staden kunde finna ein GodolphinEin engelsk Lord gjekk ein Dag paa Londons Gate og saag ein utkøyrd Hest med Flettur af Knei fyri ei Ølvogn. Han var ein Kjennare og fann, at denne arme Hesten var af adeleg Skapnad og Huglynde; han kauper og nevner honom Godolphin, og han verdt Ættarfader til det beste Traavarslaget i England. tenkte eg.

235Og so tenkte eg attaat, at eg her vilde finna eit Mønster paa Bygdarstellet, daa det var ei giftande rik Gjente, som sat paa Garden, for slike Hus hever eg i alle Bygdir funnit som Mønsterhus. Her slær eg daa tvo Flugur med ein Smikk, tenkte eg, springande upp fraa mine Draumar um Thormod Skald, daa han her vist ned paa denne sama Garden, som denne Gjenta no bur, drog Pili ut med Hjarterøterne og sagde, sjaaande Feiten: «Kongen hever født os vel i Vetr».

«Du Thormod! du var ein Mønstermann paa desse sterke, kloke og urædde Nordmenn, me enno den Dag i Dag raaka til at finna, som døy med Vitløgi (Vittigheder) paa Tunga, og vitløgja aat sine eigne Hjarterøter. Du er den mest nationale Mann vaar Histori kjenner. Og her paa denne gamle Hustufti, eg no sti ger af, var det vist du laag med dei andre Særde, som ikki hadde nokon annan Saarlækjare enn den gamle Kona, som saud Gras og batt kring Saaret. – Daa du aat Lauken og det luktade Lauk atter i Livssaaret dit, daa gav denne kloke Kona «deg upp». – Daa eg kom inn paa Stiklestad, laag der ei ung Kone med sit vesle Barn i Sengi millom Skinnfeldar, svart og klædd i Totrar. Dette var den andre Systeri, som skulde hava den eine halve Gaarden. «Skal denne væne Garden bytast endaa meir sunder», sagde eg, «so verdt de berre 236Husmenn allesaman». «Aa me kann nok liva tvo paa dette», meinte Kona.

Det var ikki rart i Huset. Det hekk eit gamalt svart Lakan for Vindaugat istadenfor Gardinur, afdi Soli skein inn. Det var langt ifraa som i Øysterdalen og Gudbrandsdalen med Husbunad og Tvaatt, men der var nokot betre enn i søndre Thrøndelagen og sume Fjølldalar Sunnanfjølls. Og dei kunde faa ikring tri fire hundrad Tunnur Korn paa heile Garden, sagde Skytsguten.

«Er ikki den ugifte Systeri heime», spurde eg.

«Vil du fri kanskje».

«Kann vel henda».

«Ja, so er ho paa Uppstova».

Eg gjekk daa upp ein Stige. Det var Troppi.

Det var ei sann Dundergjente med treke«tykt» brukast berre um det, som er flatt. og svarte Armar. Det var eit sterkt Buslag, som enno budde paa denne Garden for desse Kjeæmpeminni. Og ho hadde attaat kloke brune Augo. Det var ei Lubbe af beste Slaget. Men ho visste daa somykit, at ho kunde svara paa Gaman, som eg ellers snart vardt leid af, daa eg saag det var matlaust og turt i Huset, og eg ikki eigong fekk der somykit som godt Vatn.

Eg maatte leidast af der at stava,standse.
for «Mat og Make vil Alting hava»

som det gamle Ord segjer.

Det var den Godolphin.

237Jordbruket saag ellers ut til at koma seg i denne rike breide og væne Dalen, som maa hava ei stor Framtid, naar denne Mergeljord paa mange Stadar verdt rett brukat.

Vestigjenom fraa Verdalen langs Strondi der inn i Enden paa Fjorden er fagert at fara, og dei bratte Aakrarne ero so feite, at det liksom dryper af deim. Der er Sjøskjel og Mergel. Eg sat og song:

Var Folket slikt som Land og Fjord,
du maatte tru med med meg i Kveld,
at Paradis var flutt her Nord
forutan Orm og Sverd af Ild.

Men daa eg kom fram paa Bakkarne og saag vest til Indreøyi med Sundnes ned mot Fjorden, og til høgre nordigjenom Borgenfjorden upp mot Mære, og utyvir Fjorden mot Ytreøyi og rundikring meg alle Gardarne, beint ned for meg Garden Sund med Sundet, som fysser upp i Borgenfjorden med Flod og ned med Fjøre, og mot vinstre, naar eg halv vende meg tilbake, Skaun og Livanger austanfyr Fjorden, daa song eg uppatter og uppatter dette Verset, og sagde nokot mindre poetisk: «Nei dette er best Nordanfjolls, ja kanskje i heile Landet. Det er stort, det er rikt, og det er Fjordar og Landskap i det mest yndefulle Samspil». Og daa eg kom ned til Sund, daa lavde og hekk dei raude Plomur og Ber fraa Hagen framyvir Hovudet mit. Eg hever aldri farit slik Veg. Det var no og mest eit makalaust Aar der nord, og eg var der just daa Alt var i Mogning og Vedret det beste. Eg hever ingenstad set slike Bygaakrar berre somestadar kring 238Mjøsen og ingensiad slike Havreaakrar som her i nørdre og søndre Thrøndelag. Det maa vera den lengre Sumardag og den ljosare Nott, som gjerer dette. Havreaakren stender rett etter det gamle Ord som ein Skog. Lufti er liksom so tunn og lett, Soli skiner liksom varmare og endaa lettare, og Maanen og alle Stjørnur ero mykit større og bjartare. Slike Sumardagar og slike ljose milde Nætter med Blomsterduft hever eg aldri havt som paa

Sundnes,

der eg saag Maakar etter Sildestim ned paa Fjorden, og kjende denne Sild, som braanade i Munnen som Sukker, – der eg saag fraa Trammen dette Sundet, som fysser upp til den tri Fjordungar lange Borgenfjord med Flod og ut med Fjøra med Ædfuglar i, svivande rund ikring med IdaHvirvel uttales I’a, plural. Idur; heiter ogso Bakevje, men det er rettare den Straumen, som gjenger tilbake inn med Land. og kjende fraa denne Straumen dei navngjetne Flyndrurne, fine paa Tunga som Eggeplome, – der eg gjekk i Hagen millom Springvatn og Ber og Blomar og so ned i denne Fjorden for at symja i dette skumsalte Vatn, som sat kring Livet som ei Staalbrynje, medan Flodvaagirne komo rullande inn imot meg og eg høyrde Susen upp i Sundet, – der eg daa baketter gjekk ikring den største samanhengjande Bygaakren, eg trur fannst i Landet (ikring 300 Maal), som gav Eigaren sin ikring 1190 Tunnur, og likeins ikring den kaalgrøne Jordepleaakren, som vist 239maatte gjeva millom 2 og 3000 Tunnor, og samanleides ikring fløymandeat fløyma = at vekja so tykkt og sterkt at det legger seg ned og vandt kann mogna. Kveite- og Rugaakrar til minst 100 Tunnur kver, naar alt fekk mogna, – der eg kunde gleda meg i at sjaa det beste Jordbruk, eg hever set, med dei beste Reidskap og Holveiting og Moldskuffing af Haugar og ned i Dekkar, og Kunsthevding med Beinmjøl og Fugletad og Fiskerusk (Guano), – der eg saag Hestar og Fe og Fugl af beste Slag og Hus og heile Stell lagde og inreidde paa beste Maaten, og der eg fann Drykk og dukat Bord og blide Folk og Bøker og Tidender, naar eg kom inn atter etter slike sæle Vandringar og saag mest altid nye Andlit i dette gjæstmilde Hus, som etter det gamle Ord altid stod opit for Gjæst og gangande Mann. So foor eg med HusbondenHerman Løken. Faderen er komen fraa Garben Løken inn med Øyri. Ein Løk er er eit stillt rennande Vatn (smalt) millom Grastangar. Han var paa Storthinget 1857, men Hugen hans stod, som rimelegt var, heimatter til sin koselege Gard og si store Drift. Og so var han so viis, at han tagde seg, og visste, at Landet maa hjelpast paa den Maaten, han teker det, med si Gardsdrift og ikki med «oppositionelle» Tilstellingar her, som alt er so greidt og Ingen siter med nokon Serret. Derfor stod han seg heller ikki godt i den Vegen. ikring og saag Fjoset hans til eit Par hundrad Naut – for han hever ogso Brennevins- og Bryggeverk – og paa hans Vintilverknad af Ber, og paa hans Uppskjering af desse Myrar med Leirbotn blandad med Skel; so saago me paa hans Næpeaakrar og Grønfoder til Baasfodring um Sumaren, og rødde um det engelske Jordbruk og alt det Velstand, her maatte 240koma berre der paa Indreøyi, naar Folket lærde at bruka denne gode Jordi. Og so spende han tidt fyri Vogni si og køyrde ikring dette velsignade Landet med meg og Huslyd (Familie), og var imillom i Vitjing (Besøg) til Ætt og Umgangsvenir sosom Prest og Doktare. Det var inkje Under, at eg tok meg so desse fjortan Dagarne, eg laag her, at eg kunde hava selt meg etter Vigt liksom eit annat Naut. Eg vil ikki raada Folk, som alt lengi sidan burde hava gjort dette, at koma hit.

So siglde eg ut til Yttreøyi i desse nordanfjøllske lange mjuke Baatarne, som flengja seg etter Bylgja og liksom gjeva Tøyg (elastiske), med Mast og Segl som dei gamle Langskip. So foor eg vestigjenom Indreøyi til Skardsundet, som binder isaman Throndheims- og Beitstadfjorden, millom bratte Bergstup og strøymt nord med Flod og ut med Fjøre, soat Idurne sveiva seg paa det kolblaae Djup som Grytur, og naar det blæser, fysser Straumslaget. Dei Gamle maa ogso hava funnit dette Sundet som ei Slags Holu til Hel (Inngang til Oreus) for herifraa skal vera eit Hol igjenom det fleire Mil breide Fosenlandet ut i Storhavet, og det er ikki mange Aar sidan her vardt fangad ei Kveite med eit Merke, ho Dagen i Fyrivegen hadde fengit ut i Bjørnøyr. Ho hadde siglt godt rund ikring Ørlandet det jamdøgret, for desse Holurne under Jordi ero berre gamle Eventyr, som finnst i kvert Land, og jamvel i det gamle Grekarland, der dei endaa trudde, at Aai Meander gjekk ein Løynveg under Havet og kom atter inn med Athen, og ei Kjelda fraa Nilen kom piplande uppatter i Epeiros (?). Dette er ein Tanke 241likso sams for denne store Folkeætt (den indogermaniske), som dei andre Eventyr um Oskefis og slike Karlar.

So foor eg yvir Skardsundet og vest til Vinjeeig. Vinjar; Vinje merkjer ei grøn Mark, ein koseleg Flekk. Eg kjenner her i Landet dette Vinje, Vinje i Verdalen, i Surendalen, i Suldal, paa Ringsaker og der eg fjølv er komen ifraa i Thelemork. eller Mosviki, som det mest verdt kallat, og saag denne væne store Garden med ikring seksti Husmenn, som ellers mest livde af Fisking, men hadde altid ein Jordspott ikring Husi. Det var reint og nett i dei Husver eg var inne i, og sume hadde endaa Blomar i Vindaugat og ut under Solveggen. Herifraa seer du best austyvir Verdalen Grensefjølli standande i ein bleikraud Kveldrode, som du aldri hever set sunnanfjølls. Her er so koselegt, at det ikki er gløymande.

Men paa Sundnes var endaa mest sjaalegt til Fjord og Land i ein Halvring. At sitja der paa Trammen i Blomsterdufti fraa Hagen og sjaa den sloknande Dagen, som snart kveiker seg uppatter og verdt like ung og bjart, det fyller Tanken din upp med mange Draumar.

Her ser eg fagre Fjord og Bygdir,
som mange gamle Kjæmpur bar,
med mange slike store Dygdir,
at tidt me tru det Gudar var.

Dei Ord dei til os hava skrivit,
dei glima som i Soli Dogg,
for Tanken kvast dei gjekk paa Livet
som Mannen sin med harde Hogg.

242Dei kjærleg Leik og Lengtan kjende,
og aatte denne Livsens Glod.
Dei vermde vel, men meir dei brende,
og seig som Soli ned i Blod.

I myrke Villa tidt dei ravad’
men endaa er det sanne Ord:
Dei aatte det, som du maa hava,
um eigong du skal verda stor.

Sit Blod som Vatnet burt dei øydde,
Med Leik sit Hjartesaar dei saag;
Ja endaa i den Stund dei døydde,
paa Tunga Vit og Løgi laag.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.