Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Framigjenom Gudbrandsdalen.

Du skal ingenstad i Landet sjaa slike lange Rennur til Vatning af Aaker og Eng som her i nørdre Gudbrandsdalen. Her rigner so litit, at her sjeldan vøre nokot at høysta utan al denne Vatning. Det er dyrt; eg spurde mange røynde Menn og dei sagde, at kver Tunne Korn vardt ikring tri Ort dyrare og Engi etter sama Maal. I Haabalen maa alle Hender vera um dette. Fram i Fron hava dei tenkt paa at faa seg heim Vatn ikring ei god Mil, og naar dei no hava fengit seg Aaker og Eng afbrende nokre Aar til, so taka dei vel paa seg denne Kostnaden, endaa dei ero rædde at venja Jordi til denne Væta. Kunnige Folk tru, at dette Regnløyse aukar ettersom Skogen minkar til; men eg skulde tru at det liksomykit kjem af Landsens Læge, daa der i søndre Gudbrandsdalen er meir 305Regn, endaa der er no meir Skog. Regnskyerne tøma seg ut, ettersom dei koma nord etter og støyra mot Fjølli. Det var best merkjande i Sumar dette, daa alt dette Regnet minkade, ettersom du kom nord etter, so at du some Dagen kunde kjøyra fraa Regnet til klaare Himilen. Daa det reid yvir Fjøllryggen nord og vest, kom du altid i eit annat Vederlag, for liksom Regnkanten her er fraa Sud og Aust, so er han det der Vest inn fraa Havet. Det er Fjøllryggen som soleides legger seg i Vegen for Regnet fraa kvaare Kanten.

Er det soleides tidt Uaar af Turken i Gudbrandsdalen, so koma der Aar imillom so rike, at det liksom verdt jamgodt, naar dei som Joseph leggja upp Korn i dei gode Aar. Ettersom Myrar og annat Vaatlende dyrkast upp, verdt det no betre med dette; men her er ikki stort af dette Land i denne lange turre heite Dalen. Kjem det nokot Godt ut af Lesjavatnets Utgraving, so er det rødt um at tappa ut dei store Selsmyrarne, endaa eg inkje Samband kann finna millom desse tvo Ting; daa det eine kann vera godt for det um det andre er daarlegt etter Landsens Lende og Jordbotn. Det vilde vera meir god Jord enn i heile Kyrkjesoknet, um denne Selsmyri kunde turkast ut; men det seer ikki liklegt ut, for Logen, som renner der igjenom i Smaakrokar, maatte fyrst verda lagd i ei bein Renne. Der vilde verda fagert daa ned paa den flate Botnen af denne djupe Kjetilen med Rundarne som det øystre Øyrat. Eg tenkte meir paa dette enn paa Skottestriden, daa eg foor der framikring Kringen og saag Stytta med desse Vers paa smale Bein og haage 306Hælar fraa hundrad Aar sidan. Eg kann ikki finna nokot so stort i denne gudbrandsdalske Daad. Folk maa møta Bjørnen naar han kjem heim til Gards, og den Mann, som ikki gjerer dette er daarlegare enn Bjørnen sjølv. Det maa vekkja større Undran, at Sinclair kunde koma so langt. Det visar kvat det maatte vera for ein Saudehop af Folket vest i Raumsdalen. Dei Poetar, som koma i Eldhug for slik ein Strid, maa ganga ut fraa det, at Mannen er som Jasen (Haren), at han rømer baadi fraa Ungar og altsaman, berre det ruslar burt i Busken. Men det visar, at Gudbrandsdølerne vaaro Karar, og det skal dei hava Takk for, endaa det ikki var meir enn me bør venta af kver Mann alt ned til den armaste Stakkaren.

Høyr det min Son, hosihosi = hvorledes, det Gamle hverfu. du skal fara:
«Gakk burt med eit Reip og heng
den Mannen, som endaa vil Livet spara,
naar det paa Livet gjeng.
Du Livet stundom maa liksom hata,
og rida i Draugeferd.
Naar ikki Livet du glad kann lata,
er du ‘ki Livet værd».
– – –– – –– – –
– – –– – –– – –

Det skal vera vandt du i nokon Dal seer slike druste Gardar som imillom her i Gudbrandsdalen, og der er i Hus og Jord nokot underlegt gamalt, som minner um Sagastilen. Desse nyare tvihaage Byg307ningarne ere enno ikki somange her. Det er ei kongeleg Bygd Fron, og der vest i Bakken seer du og Kongslid. Eg kjende liksom Andarpustar fraa den gamle Tid at susa ikring meg, og det var Livsens Pust, for eg kjende atter det gamle Maalet, saag Jordi like ung og Gjenturne like fagre og Gutarne like sterke.

Det var og eit Paafund af vaar gode Maurits Hansen at gjera Anne Kongslid til slik ei «sentimental» Dame og lata hena elska Husmannssonen. Nei ho elskar nok ingen Husmannsson, den Megga. Og um ho skulde faa eit slik Hugskot, so dreiv ho det snart burt, for ho vil ikki ganga som ein Daare i Bygdi si. – Finst her Husmannssønir som P. Botten Hansen, so maa dei ut, ut for at faa Luft. Dei maatte kovna her uppe. Det er berre Rikdomen, som kann stanga gjenom denne Muren. Kunskap, Kunst og Mannavit slaa seg flate som Blykulur, og dersom Nokon verdt «daarad af Vænleiken» so gjenger han for ein Galning, og sjeldan er det og, at det gjenger honom vel. Det er slikt jamvel i mi Fødebygd, der Livet langt fraa er so stort.

Eg veit ikki um eg torde ynskja dette Livet anderleides, for so som det er lagat, kunde det vist ikki berga seg paa nokon annan Maate. Det maa liksom Katten faa Ryggen sin mot denne Muren for at verja seg mot Undergang.

Her i Fron hava some af dei beste Menn talat um at faa seg ein Samlingsstad, der dei møttest kver Fjortandagsdagen eller so, og hadde Tidender og imillom Lag og Dans. Det vilde vera som ein Klubb i Byen, og det maatte vera gagnlegt paa mange Vis 308dette, sosom ved at aftala og lesa um Val til Storthings og slikt nokot. Faakunna og Revakrokar kunde aldri faa den Magt i slik ei Bygd, og det vilde likeins gjeva Livet Folkeskikk paa mange Maatar ved Samtal og Lesnad.

Paa Prestegarden i Fron saag eg Tufti etter den Bygningen, som Holberg var i, daa han ein liten Gut var her hjaa Presten Munthe. Han laag der i eit kaldt Rum og fraus den vesle Krypen, sagde Folk. Det eine vekser til det andre med slike Menn, so dei verda eit Dikt (Mythe) ja endaa Gudar. Eg tok af meg Hatten, som naar eg kjem inn i Kyrkja, daa eg saag Tufti etter Huset han hadde livt i.

So var du her, so kom du hit,
du Mannen med det norske Vit!

Han var tidt ned paa Gjestgjevergarden og rødde med Folk, vardt det sagt. Den vesle Guten fekk vist her ifraa mange af sine Mønster. Han rødde med dei Vegfarande og slog paa Hesten og sat bak paa langt nord og sudetter, og «bondskade» som det daa vardt sagdt, for det var i den Tid eit Lyte paa «Fremminde karen» at tala etter Bonden. «Det er ein myket til Gut dette». «Han er ikki som andre fine Kartar denne Guten». «Aa alting vil han vita!»

Her inn med er Hundthorp og Steig med alle sine gamle Minni.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.