Paa denne gamle Vigvollen var no bygt eit Dansarhus. Dette drøymde vist ikke dei gamle Birkibeinar um, daa dei slost her. Og dei, som dansade her no, drøymde vist heller ikki um desse gamle Slaastkjempur. Dei livde i Augneblinken, som det høver seg for Dansaren, for ellers kunde det ganga honom som meg, daa eg gjekk i Danseskule paa mine eldre Dagar, at han fekk Dansen upp i Hovudet men ikki ned i Føterne.
Det var Kvelden etter Krøningi, at denne store Dansen var her paa Ilevollen. Gutar og Gjentur vaaro komne fraa Landet vidan Veg. Krigskip laago paa Havnen, og Matrosarne, som ogsaa hadde fengit seg ein Skjenk for Krøningi, skulde inn og hava Gaman og mange af deim faa seg ein Dans med Kjærasten sin. Byens Gutar og Gjentur skulde ogso faa seg ein Dans og hava sine Stevnemøti etter alt det Gjæve dei hadde set den Dagen.
I Throndheims breide Gotur, som der ellers er audt og daudt i, var so fullt den Dagen som det stundom kan vera i Hovudstaden. Det var eit Hav af Hovud at sjaa ned igjenom fraa Trammen bygd yvir Inngangsporten til Kyrkja. Og um Kvelden var 187Gjeileden lange Gata tvertigjenom Nidaros fraa Sud til Nord heiter enno Gjeile (ein Veg, inngjerd). sud mot Ilevollen ein skridande Skog af Folk. Dansesalen og alle Siderum vordo snart fulle og likeins en stor Ring framfyri Huset. Det galt um at aalboga sig frem og spita og bløygja seg gjenom Inngangi og bitala sine tolv Skilling.
Stakkars fine Folk, som berre ganga paa Stasball og soleides aldr! sjaa slike Dansar, for denne Dansen var ein folkeleg Dans mot deim, som fyrr vaaro at sjaa paa Langvik og enno paa Grønland og slike Stadar i og inn med Hovudstaden. Det gjekk vel fritt til her og; men det var som det paa ein slik Stad skulde vera. Det maa eg segja til Ros for Nidaros, at eg saag ingen Herkemuge (Pøbel) der i dette Ords vanlege Meining, iminsto ikki bland Aalmugen.
Herrarne dansade vel her ogso med Hatten paa Hovudet og Cigaren i Munnen; dei sette seg vel etter Dansen med Gjenta paa Kneet sit, og saato soleides venlegt og drukko Øl og Vin og klinkade; dei gramsade vel i Haarfletturne og ruskade so, at Gjenturne gnisade og smaaskreik med sine søte Pip; men det hadde endaa altsaman eit Lag af Folkesømd, som etter mi Meining den finaste Jomfrua kunde hava set utan at uvita (besvime).
Eg veit ikki um eg torer segja, at der small Kyss: det er so vaalyndt med den Kyssing. Poeterne gjera vel fine tærandeaf Taar. Vers um Kyss, ja dei ganga endaa so djupt i Saki, at dei værdsetja samanliknande dei mange Slags Kyss, sosom Barnets Kyss o. s. v., og 188finna daa, som rimelegt er, at dei Elskandes Kyss ero dei beste, ja so utruleg gode, at alle dei andre ihop ero som inkje derimot. Me sjaa vel, at Parfolk kyssa kverandre mest etter Maten;Dette er i Staden for Turkeplag (Serviet), segjer S. Kirkegaard. ja me hava endaa set – mest nokre Aar sidan i Smaabyar og paa Landet – at Trulovede hava kyst kverandre i Selskab og paa Ball. Det var just fint dette! Men endaa torer – vil – eg ikki skriva um, at Guten kyste Kjærasten sin der paa Ilevollen, liksolitet som eg vilde kyssa min, naar Folk saag paa det. Philosophen Diogenes tok alt meir opit og beint fram, han, um Boki er truande. Men Engelskmannen gjenger paa den andre Kanten so vidt, at han segjer a gentleman never spits (ein Gentlemann spyter aldri). Han maa vel etter dette eigong koma so langt som Katten, at han eter og drikker (lepjar) i Løyndom.
Diktararne hava havt den Vanen at gjere arme Folk meir kjærleiksfulle enn rike. Og Menn, som vel kunna koma paa slik ein Dans, som her ut paa Ilevollen, men ikke paa Stasball, dei segja, at paa slike Dansehus er Naturen meir fri og poetisk enn paa gjæve Dansehus, der alt er kaldt og stivt. Etter mi Røynd (Erfaring) er Naturen den sama paa baade desse Dansesalar, som det ogso maa vera, daa det er Folk med sama Slags Hugkjenning paa den eine Staden som den andre; der er berre ein Skilnad i Maaten at snu og venda seg paa. Matrosen paa St. Olaf kjem inn i Dansesalen med bikutte Nevar – det er ikki so godt 189at tvaa af Bikit i Hast – han kjem med ein Hat paa Snurr, som der med store Bokstavar stender St. Olaf paa; han kjem med ei blaa Matrosskyrte og kvite Brøker med eit Belte kring Livet; det blakar med Baand kring Hatten og af Kragen; han floksar og sveiver Gjenta si, som ogso er gloande med Bordir og Baand paa sin Maate, og han gjever ein stor Svolk fraa Landet eit Slag under Øyra, som kjem og vil taka Gjenta fraa honom. Han slæst no um Gjenta si paa den Visen med snaude Neven han, medan Hesten biter og spenner – det sama gjerer ogso tidt ein slik Gut – Mus og slike Dyr alt upp til Løva bita og klora, so dei Stridande liggja daude ved Sida af den stolte Kjærasten sin; ja Smaasporvarne slaast endaa um det sama, og Hanarne er det no aldri rødande um, for det er reint fine Herrar paa Ball det med Kambar og Sporar og og ridderleg Niging og Skraping. Og slaast dei, so er det Paa sama Riddarvis. Det er Einvig (Duel) af det adelegaste Slag. Det er reint Fransk med Hanen (gallus), som ogso likjest Herføraren mest i Klædebunad og Maaten at standa og ganga paa. Eg saag ogso mangei
Gullhøne
paa dei straalande Krøningsball, ja eg hadde endaa liksom Fullmagt til at fri til den eine for ein stor Odalsmann, som var skuldig det meste paa Herresætet sit og derfor just trengde til ein ovrik Make. Han trudde paa meg, for han viste, at eg ikki hadde slikt eit stort Odalsgods at løysa inn atter. Eg spøkte vel med honom og minte um den Kongen, som sende ut ein Mann til at 190fri for seg, og som tok Brudri for sin eigen Munn. Men dette var Gjentas Skuld; for daa Sendemannen kom med sit Bodord, so spurde ho, um han, som fridde for Andre, aldri hadde gjort det for seg sjølv, og da han svarede Nei, spurde ho, um han ikki vilde prøva paa det. «De kann prøva med meg», sagde ho. «Aa, ja, kvifyr ikki det», meinte Sendemannen. Og so freistade han, og –Ja fekk han med fyrste Ordet. Det er ei likso lang som forvitneleg (interessant) Sogu dette; men daa eg ikki kan taka meir enn eg hever Bruk for, maa jeg fortelja, korleides det gjekk meg som Bedlegut.
Det var ein vand Fugl at fanga dette, for der hadde mangein Mann sett ut Snara si. Straks ho var vaksi, skulde ho som ei so rik Gjente gjera ei Ferd utanlands. Det vardt altid spurt dit ho kom paa Vegen, og dei fine Herrarne gjorde seg daa alle dei Erind, som til var, for at raaka og helsa paa denne gjæve Fuglen, og gjera seg elskelege. Dei flaug etter hena alt til Paris. Og bland desse var ogso ein mykit gild Mann, men som var snaud i Skolten. Daa han hadde leigt Klædi, so han kunde koma i so godt Selskap, sagde Sendemannen (Ministeren) der, at han fyrst og fremst maatte faa seg ein ny Paryk. Han var smaasaar, for det um han sat i eit godt Embætte; men daa her var mange Pengar at vinna, so kaupte han Parykken. Men han fekk inkje for Parykken sin, den Kroken.
Det er underlegt med slike Gullhøner: dei verda aldri for gamle for dei unge spræke Gutarne. Til eldre dei ero, til betre er det mest, for so kann Mannen gifta seg atter med ei ung og rik ei, naar han fyrst hever vorit ute Paa Vikingeferd og gjort det af med 191ei slik aldrande ei. Og daa fyrst verda dei velbyrde Menn og so kjærleiksfulle, at dei kunna ikki dansa med nokor onnor Dame. So segja dei sjølve med den unge Duva.
Da eg var Erendsvein, maatte eg ganga fint til Verks. Eg talade med Folk um denne Gullhøna. Eg slog, som det heiter, paa Skaaki og meinte Merri. Det fyrste var at faa vita, um ho som slike eldre Kvendi tidt ero, var eit Hengehovud, for eg kjenner ein Mann, som gjorde si Lykke med at lesa og beda med Moderi, som var af desse sokallade Heilage. Ja, han las og han las, og kaupte Trudomsbøker og talade um, at Giftarmaal verda afgjorde i Himilen, alt til Moderi trudde, at denne aldrande lauslivde (utsvævende) Mannen var ein sann Gudsfugl, som det maatte vera Guds Vilje vardt Maagen hennar. Han fekk den unge rike Gjenta for dette han.
Daa det no ikki var for meg sjølv, men ein annan eg skulde fri, so kunde eg vel hava sagt, at det var ein Mann med fast Tru, for Mannen trur alt det, som til er og vel so det. Naar Livet som i slike Tilfelli gjeng ut paa Fehandel, so maa iminsto ein Fullmægtig bruka dei aalgjengelege Handelsknip.
Men eg vardt ikki fyrivis paa mi Dames Huglynde, og eg fekk bruka min Revagivnad (diplomatiske Talent).
Daa eg skulde paa det Ball der ho ogsaa vist var, stelte eg meg til paa det beste baadi ute og inne. Det fyrste eg tenkte paa var at laga det so, at ein Mann eg kjende, og som var i hennar Ætt, kunde syna meg frem for hena. No ja, det gjekk godt: me tvo komo i 192Samtal, drukko med kverandre, trengde os fram millom Kongelege og stodo snart fram med Fuglen.
Det maatte hava vorit for Rikdomen, um so var, skulde eg her hava ordat um meg; eg drog meg tilbaka endaa eg berre var Bedlegut, for eg saag Drosi der burt med Spegilen millom Blomar, og daa eg saag hena, vilde eg ikki synda mot dette Mønstret ved at gjera Krus for ein Skapnad, som so mange hundrad Stakkarar slogsade ikring som soltne Ravnar. Eg drog ein Sukk; men fann det viist og godt i Livet, at ikki eit Menneskje hever alle gode Ting.
Ein vardt rik, og væn vardt Ein,
og Ein fekk fagert Mæle,
og Himlens Aand i Andre skein,
og so vardt Alle sæle.
Odalsmannen, daa eg sidan gjorde Greide for mi Fremferd, sagde: «Aa ja, men ho hadde altid vorit god nok, for du veit, at ein Mann so røynd i Livet som eg ikki spurde etter annat enn Pengarne.» Ver tilfreds, meinte eg; ho finner nok Maken sin af sama Slaget som du, for det er Lagnaden aat slike Gullhønur, at Giftarmaalet verdt eit Kræmarhus.
For at mæla eit Ord um Nidaros i Samband med denne Tanken, so var det mi Røynd, at det var stelt mykit godt og vist der, for rike Gjentur vaaro ljote, og Gjentur, som inkje aatte, fagre; ja det tyktest endaa at 193ganga i ein Stige upp- og nedetter, alt som der var meir eller mindre af det eine eller det andre Slaget. Det er ein sann Mønsterby med benne Rett og Rett ferd. Og daa eg spurde unge Lieutenanter, som altid best vita, kvat Natur der er i den store Mengd af desse Damur, svarade dei med fransk Finleike: C’est dames honnêtes mais faibles.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.
Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.
Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.
Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)
Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.
A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.