Brev til Poul Andræ 1892–1912

av Ebbe Hertzberg

Innleiing

Breva frå den norske rettshistorikaren, statsøkonomen og politikaren Ebbe Hertzberg (1847–1912) til hans danske ven, juristen Poul Andræ (1843–1928), er eit heilt unikt materiale i norsk samanheng, og gir også i europeisk perspektiv eit svært sjeldan innblikk i korleis to personar ved hundreårsskiftet 1900 oppfatta sitt eige likekjønna begjær i lys av nye omgrep som «homoseksuell», «kontrærseksuell» og «urning».

Korrespondansen er ei kjelde til å forstå korleis europeiske intellektuelle med tilgang til ressursar i form av økonomi, stilling og kunnskapar (akademiske, språklege, litterære), kunne orientera seg i eit landskap der heilt nye diskursar om seksualitet var i ferd med å formast. Frå eit normativt synspunkt kan Hertzberg sine refleksjonar kjennast både kjende og framande, ja, til og med provoserande og støytande når det gjeld tiltrekkinga hans til gutar i 15–16-årsalderen og oppover. Skeiv historie og seksualitetshistorie er eit felt som undersøker korleis skiftande normer for kjønn og seksualitet har blitt forma i ein historisk gitt situasjon, det er historie om korleis desse normene har blitt utfordra, og korleis konkrete individ har gjort dette. Det er ikkje først og fremst ei historie om førebilete som skal trekkast fram og hyllast, men ei historie om endring, om korleis normer og identitetar endrar seg og stadig er i endring. Breva mellom Hertzberg og Andræ fortel om ei fortid der mykje var annleis enn i dag, men kanskje like viktig: Dei gir eit unikt innblikk i ei tid då idear om seksualitet som seinare har blitt dominerande – at det finst «legningar» som homo- og heteroseksualitet – først blei konstruert. Dei første breva frå Hertzberg til Andræ er også første gong me kjenner til at omgrepa homo- og heteroseksualitet er brukt på norsk.

Tretten av breva frå Hertzberg til Andræ er bevart, og oppbevart på Nasjonalbiblioteket (Brevs. 222a). Breva som her er transkribert og utstyrt med forklarande fotnotar, var del av ein større korrespondanse. Me veit ingenting om kor mange brev Hertzberg skreiv til Andræ totalt, men formuleringar i breva antydar at den bevarte korrespondansen var del av ei større utveksling som sannsynlegvis byrjar før det første brevet som her blir publisert. Svarbreva frå Andræ er heller ikkje bevart, men det finst mange andre kjelder som fortel oss om Andræ sitt perspektiv på eigen seksualitet. Den danske historikaren Karl Peder Pedersen har parallelt med at eg jobba med denne utgåva, gjort ferdig sin biografi om Andræ: Poul og kærligheden. En kontrærseksuels bekendelser (København: Gads Forlag, 2021). Dei tretten breva som her blir presentert, er skrivne mellom 1892, då Andræ nett hadde publisert ein artikkel om homoseksualitet i det danske legetidsskriftet Bibliothek for Læger, og 1912, rett før Hertzberg døydde. Før eg går nærmare inn på innhaldet i breva, trengst dermed litt bakgrunn.


Ein gløymd skandale

Før desse breva blei «gjenoppdaga» i 2014, hadde eg allereie forska på Ebbe Hertzberg. I 1886 måtte han nemleg forlata stillinga si som professor i statsøkonomi og statistikk ved Det kongelige Frederiks Universitet i Kristiania på grunn av skuldingar om homoseksuelle forhold med unge menn og gutar frå arbeidarklassen. Dette var ein skandale som var godt kjent i samtida – særleg for dei som høyrde til den politiske og akademiske eliten, men då vitskapshistorikaren Geir Hestmark igjen såg på kjeldene og trekte fram denne historia i sin biografi om geologen Waldemar Christopher Brøgger (1851–1940) i 1999, hadde ho for lengst vore gløymd av dei fleste. Seinare har også Øystein Rian og underteikna skrive om skandalen rundt Ebbe Hertzberg i 1886.Hestmark 1999, Rian 2001, Jordåen 2003 og 2010. Kjeldene var då brev frå Hertzberg til norske og svenske vener og kollegaer, særleg Waldemar Christopher Brøgger, frå åra rundt skandalen i 1886.NB Brevs. 298, Ebbe Hertzberg til Waldemar Christofer Brøgger. Breva er transkriberte og søkbare på www.nb.no. Breva til Andræ, som her blir presentert, kom, som me skal sjå, for dagen på eit seinare tidspunkt.


Ein mann av den norske eliten

Ebbe Carsten Horneman Hertzberg var fødd 11. april 1847 i Holmestrand i ein velståande apotekarfamilie. Familien flytta til Sande i Vestfold og seinare til Trondheim, faren slo seg etter kvart opp i bryggeribransjen. Hertzberg vaks opp i det privilegerte høgare sjiktet i det norske 1800-talssamfunnet, og viste tidleg også akademisk talent. I 1865 blei han innskriven ved universitetet, der han studerte juss. Han interesserte seg særleg for rettshistorie, og fordjupa seg i dette under opphald i Uppsala (1870) og München (1872–1873). På midten av 1870-talet var han attaché ved den svensk-norske ambassaden i Paris eit par år, før han i 1877 blei utnemnt til professor i statistikk og statsøkonomi ved Det kongelige Frederiks Universitet i Kristiania.


Ebbe Hertzberg, ca. 1880. Fotograf: Claus Peter Knudsen. Foto: oslobilder.no/Oslo Museum.

Ebbe Hertzberg, ca. 1880. Fotograf: Claus Peter Knudsen. Foto: oslobilder.no/Oslo Museum.

Hertzberg var ein sterk tilhengar av det etablerte systemet – embetsmannsstaten, og i 1884 var han statsråd i den siste «embetsmannsregjeringa», det såkalla aprilministeriet, før Venstre tok makta. Han var mot venstrerørsla sine krav om at regjeringa skulle springa ut av Stortinget, og at lekdommarar skulle få plass i domstolane. I begge desse sakene stod han på den tapande sida: Parlamentarismen blei innført i 1884 og jurylova i 1887.Dei generelle biografiske opplysningane her er i hovudsak henta frå Koht 1934. Den politiske depresjonen blei følgd av ein endå sterkare personleg nedtur då Hertzberg sommaren 1885 blei oppsøkt av ein sjømann som hevda at han fleire år tidlegare hadde hatt eit seksuelt forhold til han. Han truga med å avsløra forholdet om ikkje Hertzberg betalte han ein viss sum pengar. Dette førte til at rykta om Hertzberg sin seksualitet tok av, og han såg heile posisjonen sin truga.


Pengeutpressing og psykiatri

Hertzberg nekta for å ha hatt noko seksuelt forhold til pengeutpressaren, men rykta gjekk utover dette; det let seg ikkje nekta for at han hadde ei seksuell tiltrekking til personar av same kjønn. Men kunne ny kunnskap hjelpa han til å behalda stillinga si som professor? Sommaren 1886 drog Hertzberg til Sverige, der han oppsøkte legen Karl Malmsten og fekk ei erklæring på at han hadde «en af viljan fullkomligt oberoande, pervers kønsdrift», som gjorde at han blei tiltrekt av sitt eige kjønn, og som hadde sin bakgrunn i ein arveleg nervesjukdom.NB Brevs. 298, Ebbe Hertzberg til Waldemar Christopher Brøgger, 23.01.1887.

I tillegg drog Hertzberg vidare til Berlin, der han 12. juli 1886 blei undersøkt og spurd nøye ut av psykiateren Carl Westphal ved sjukehuset Charité. Erklæringa, som det berre er bevart eit utdrag av, slo fast at Hertzberg hadde «ein medfødd, sjukeleg dragnad til sitt eige kjønn som er mogleg å påvise heilt tilbake til gutedagane, og tilsvarande seksuell indifferens eller motvilje mot det andre kjønnet». Denne «conträre Sexualempfindung» – kontrær seksualkjensle – hadde i Hertzberg sitt tilfelle si årsak i arvelege disposisjonar; det var ingen moralsk defekt, men ein medfødd tilstand, skreiv Westphal.Ibid. Mine omsetjingar frå tysk.


Avskjed

Heime i Kristiania blei legeerklæringane lagt på bordet, men universitetskollegiet avviste det heile, og hevda at om det verkeleg var slik, var det desto større grunn til å halda Hertzberg vekke frå undervisning av den mannlege ungdommen. I eit brev til venen Waldemar Chr. Brøgger ironiserte han over dette; burde ikkje konsekvensen av denne tankegangen vera at ein først og fremst forbaud alle mannlege lærarar frå å undervisa unge kvinner?NB Brevs. 298, Ebbe Hertzberg til Waldemar Christopher Brøgger, 23.01.1887, s. 5.

Hertzbergs strategi om å visa at han ikkje mangla moral, men var styrt av ei medfødd drift, må tolkast i lys av ei sterk tru på at universitetet ville høyra på anerkjende vitskapsmenn, ei overtyding som må forståast som ein del av verdsbiletet til den akademiske eliten i embetsmannsstaten. Strategien var mislykka, og hausten 1886 måtte han søka avskjed frå professoratet.

Hertzberg-saka fekk nesten inga pressedekning, men det er mykje som tyder på at ho blei snakka om langt utanfor byens grenser.Mens den norske pressedekninga i 1886 ser ut for å ha avgrensa seg til korte notisar om at Hertzberg hadde søkt avskjed, omtalte Social-Demokraten i Danmark 2. november 1886 saka med tydeleg brodd mot at Hertzberg ikkje var blitt straffeforfølgd (Pedersen 2021, 146–147). Søsteravisa i Noreg ser ikkje ut for å ha omtalt saka før hausten året etter. Då i form av ein artikkel som peikte på det dobbeltmoralske i at studentar kunne visast bort frå universitetet om dei levde eit usømeleg liv, mens Hertzberg lenge slapp unna trass i at kollegiet hadde visst om Hertzbergs «brøde» lenge. Det han hadde gjort kunne, så vidt avisa visste, vera straffbart, men det var først «da hele publikum kjendte saken og fordrede en oprenskning» at det blei gripe inn (Social-Demokraten 17.09.1887). Sidan det handla om ein framståande representant for det regimet som hadde gått under nokre år tidlegare, har Geir Hestmark karakterisert det som «[e]n avsluttende riksrett for lukkede dører».Hestmark 1999, 185.


Tilbaketrekking og tilbakekomst

Hertzberg trekte seg no tilbake for ei tid, men allereie i 1888 fekk han eit stipend for rettshistoriske studiar på tilråding frå Det juridiske fakultet.Hestmark 1999, 189. Han via seg no til arbeidet med eit omfattande oppslagsverk og register (glossarium) til Norges gamle Love og fullførte dette i 1895. Dei første breva til Poul Andræ var frå 1892, og blei altså skrivne mens han heldt på med dette arbeidet. Då budde han i St. Halvardsgate i Gamlebyen i Kristiania, men i åra etter skandalen oppheldt han seg også tidvis i München, Berlin og Stockholm.

Ein ven og kollega av Hertzberg, Bernhard Getz (1850–1901), professor i juss og kjend som arkitekten bak straffelova av 1902, uttrykte kanskje ei haldning fleire hadde i eit brev til Gösta Mittag-Leffler 2. mars 1886: «Her beklage man ham som det synes mer end man laster ham og synes også at man har lidt et betydeligt tab.»Kungliga Biblioteket, L62:18, Bernhard Getz til Gösta Mittag-Leffler, 02.03.1886. Slik det hadde utvikla seg var det likevel vanskeleg å handtera saka på nokon annan måte, meinte Getz. Sidan skuldingane mot Hertzberg ikkje gjekk på heilt konkrete forhold og ikkje munna ut i at han blei meldt til politiet, slapp han unna ei rettssak og potensiell straff. Og når det hadde gått nokre år, gjorde han «comeback» med ulike verv: Han blei preses i Videnskabsselskabet i Kristiania (1896) og direktør i Den norske Hypotekbank (1902). I breva ser me at han sjølv meinte han berre var «tålt» på vilkår, han kunne ikkje gå inn i det han kalla kjempande eller leiande stillingar der han kunne risikera å bli kontroversiell. Dette må vel lesast som at den politiske karrieren som kanskje hadde lege i korta – han hadde jo vore statsråd i 1884 – på grunn av skandalen ikkje lenger var mogleg. Det var likevel ikkje verre enn at han fekk eit såpass høgt embete som riksarkivar i 1906, ei stilling han hadde til han døydde.


Sexologi og sjølvforståing

Då Hertzberg i 1886 la erklæringane om seksualiteten sin på bordet hos universitetskollegiet, tok han med det same i bruk eit nytt tankesett i Noreg: seksualpatologien eller sexologien, eit felt under psykiatrien. Dette var læra om den menneskelege seksualiteten, og særleg dei avvikande variantane, perversjonane. Det var ingen kven som helst Hertzberg hadde oppsøkt i Berlin; Carl Westphal var nemleg den som i 1869 hadde funne opp namnet kontrær seksualkjensle om tiltrekkinga til personar av same kjønn. Mens ein dominerande måte å forstå likekjønna seksualitet på til då hadde vore at det var ei forkasteleg og syndig handling kven som helst i prinsippet kunne utføra, var det hos Westphal tvert imot uttrykk for ei mektig drift som låg djupt planta i ei spesifikk gruppe arveleg belasta individ. Etter kvart kom eit anna nyord, «homoseksualitet», til å bli det dominerande omgrepet, men i starten blei det brukt synonymt med kontrærseksualitet, så også i Hertzberg sine brev.


Carl Westphals artikkel frå 1870 lanserte den nye forståinga av kontrær- eller homoseksualiteten som eit medfødd sjukleg fenomen. I Psychopathia sexualis (1886) vidareutvikla Richard von Krafft-Ebing Westphal sine perspektiv. Boka blei hovudverket innan sexologien eller seksualpatologien: vitskapen om homoseksualiteten og dei andre «seksuelle perversjonane».

Carl Westphals artikkel frå 1870 lanserte den nye forståinga av kontrær- eller homoseksualiteten som eit medfødd sjukleg fenomen. I Psychopathia sexualis (1886) vidareutvikla Richard von Krafft-Ebing Westphal sine perspektiv. Boka blei hovudverket innan sexologien eller seksualpatologien: vitskapen om homoseksualiteten og dei andre «seksuelle perversjonane».

Same år som Hertzberg sin avskjed frå professoratet, i 1886, kom det som skulle bli hovudverket innan sexologien, Richard von Krafft-Ebings Psychopathia sexualis. Også her blei homoseksualiteten sett på som (i mange tilfelle) medfødd og forårsaka av såkalla degenerativ arv. I slike utprega tilfelle meinte Krafft-Ebing det seksuelle avviket sat så djupt at behandling var vanskeleg eller umogleg.

Ideen om homoseksualiteten som ein medfødd eigenskap var likevel ikkje ei reint medisinsk oppfinning. Både Westphal og Krafft-Ebing var inspirert av den tyske juristen Karl Heinrich Ulrichs (1825–1895), som allereie frå 1864 og utover hadde skrive om at tiltrekkinga til same kjønn var medfødd hos ei gruppe menneske han kalla «urningar»,Omgrepet var inspirert frå Platons Symposium der det finst to Afrodite: den eine fødd av ein mann (Uranos) og den andre av av ei kvinne (Dione). Ulrichs utleia av dette to typar kjærleik: Urningane var menn som elska menn, dioningane menn som elska kvinner. og som han sjølv rekna seg til. Tiltrekkinga var naturleg og biologisk – desse mennene «hadde ei kvinneleg sjel i ein mannleg kropp» – og måtte difor anerkjennast av samfunnet. Ulrichs var ein slags tidleg homoaktivist, han prøvde å presentera synet sitt på ein stor juridisk kongress i München i 1867, men blei møtt av protestar. Inspirasjonen frå Ulrichs er tydeleg hos Hertzberg ved at han i breva til Andræ hyppig bruker omgrepet urning, ved sida av homoseksuell og kontrærseksuell.


Karl Heinrich Ulrichs (1825–1895)

Karl Heinrich Ulrichs (1825–1895), tysk jurist som på 1860-talet gav ut fleire pamflettar der han tok til orde for samfunnsmessig aksept og avkriminalisering for dei han kalla «urningar». Dette portrettet av Ulrichs var først publisert i Jahrbuch für sexuelle Zwischenstufens første utgåve (1899). Foto: Wikipedia (public domain).

Westphal og Krafft-Ebing var inspirert av Ulrichs, men i motsetning til han såg dei på den medfødde homoseksualiteten som symptom på ein sjukdom, på degenerativ arv. Like fullt såg mange av urningane sexologien som ein alliert, ja ikkje berre det, dei bidrog også til å forma og justera psykiatrane sine teoriar. Legen Magnus Hirschfeld (1868–1935) i Berlin var ein av desse, og hans engasjement resulterte i bøker om temaet og i skipinga av den første organisasjonen for homoseksuelle i verda, Wissenschaftlich-humanitäres Komitee (WhK) i 1897. Hirschfeld var sterkt inspirert av både Krafft-Ebing og Ulrichs, og han var samd med sistnemnde i at homoseksualiteten ikkje var sjukleg i seg sjølv, snarare var det ein naturleg variasjon som gjorde at nokon var fødd slik, som «seksuelle mellomtrinn» (eller kjønnslege overgangsformer, «sexuelle Zwischenstufen»). Hirschfeld nytta av og til òg omgrepet «det tredje kjønn».Dose 2014.


Hertzberg om homoseksualitet i norrøne kjelder

Magnus Hirschfeld og WhK publiserte frå 1899 Jahrbuch für sexuelle Zwischenstufen, som belyste homoseksualiteten gjennom artiklar med vitskaplege pretensjonar.

Før breva til Andræ kom for dagen var det allereie kjent at Ebbe Hertzberg hadde vore i kontakt med denne nye rørsla: Den tyske forskaren Raimund Wolfert viste i 1999 at Hertzberg var forfattaren av ein artikkel i Jahrbuch für sexuelle Zwischenstufen frå 1902, «Spuren von Konträrsexualität bei den alten Skandinaviern».Wolfert 1999a og 1999b, Hertzberg 1902. Hirschfeld presenterte artikkelen som «weddelingar frå ein lærd nordmann», og at han hadde fått han tilsendt gjennom ein sentral aktivist og medarbeidar for WhK, Numa Praetorius, eit psevdonym for juristen Eugen Wilhelm (1866–1951) i Strasbourg.

Som Wolfert viste, hadde biologen og homoaktivisten Ferdinand Karsch-Haack (1853–1936) i homotidsskriftet Die Freundschaft i 1922 avslørt forfattarskapen. Notisen tyder på at han kjente godt til Hertzberg, han skildra han som: «[…] en pen, sympatisk mann og en urnisk Don Juan».Karsch-Haack sitert og omsett av Raimund Wolfert (Wolfert 1999, 20). Hertzberg nemner også Karsch-Haack i eit av breva som her blir presentert.


Hertzbergs artikkel om «Kontrærseksualitet hos dei gamle skandinavane. Meddelingar frå ein lærd nordmann» frå 1902

Hertzbergs artikkel om «Kontrærseksualitet hos dei gamle skandinavane. Meddelingar frå ein lærd nordmann» frå 1902. Redaktøren Magnus Hirschfeld skreiv i ei fotnote at teksten var skriven av «ein høgt respektert vitskapsmann som diverre vil vera anonym». Det var juristen Eugen Wilhelm i Strasbourg, som brukte psevdonymet Numa Praetorius, som vidareformidla artikkelen frå forfattaren til Hirschfeld.

Hertzberg sitt føremål med artikkelen, der han trekte vekslar på sin uvanleg gode kjennskap til nordisk mellomalderhistorie, var å presentera dei viktigaste norrøne kjeldene som gjaldt kontrærseksualitet. Han viste til at skuldingar om at ein mann var «ragr» eller «argr», som innebar at han hadde vore den passive parten i eit analt samleie, blei oppfatta som grovt fornærmande påstandar. Hertzberg tolka dei mange referansane til dette som at dei gamle skandinavane var godt kjent med at det fanst menn som elska menn.


Ebbe Hertzberg og Eugen Wilhelm

Med basis i Eugen Wilhelm sine omfattande dagbøker kunne Kevin Dubout og Raimund Wolfert i 2013 dokumentera meir om kontakten mellom han og Ebbe Hertzberg. Sommaren 1901 var nemleg juristen frå Strasbourg først i Berlin hos Hirschfeld på WhKs «VII. Sommerkonferenz», deretter drog han nordover til Skandinavia på ei feriereise. I dagboka fortel Wilhelm at han i Kristiania blei tatt venleg imot av Hertzberg, som viste han rundt i byen ein heil kveld og sette han i kontakt med ein soldat på festninga. Openbert var det her snakk om prostitusjon. Wilhelm karakteriserte Hertzberg som ein særs imøtekommande og danna mann. Om dei to hadde brevveksla allereie før dette, veit me ikkje, men året etter var det altså Wilhelm som formidla artikkelen frå Hertzberg til Hirschfeld.Dubout & Wolfert 2013. Eit av breva frå Hertzberg til Andræ (3. januar 1903) tyder på at Hertzberg opprettheldt kontakten med Wilhelm.


Dei forsvunne breva

Ut frå dei nemnde kjeldene som var kjent før 2014, kunne me sjå konturane av ein mann som forheldt seg til den nye sexologiske kunnskapen, og som stod i kontakt med den første organiserte rørsla for skeive i verdshistoria (via Wilhelm og Karsch-Haack), men me visste i liten grad korleis han sjølv reflekterte og tenkte om desse spørsmåla. Eg hadde tilgang til kjelder som antyda at det hadde eksistert eit brevmateriale der Hertzberg gjekk nærmare inn på tematikken, men alt tyda på at dette var gått tapt.

Men då eg hausten 2014 tok kontakt med Nasjonalbiblioteket, for å sjå på nokre av breva han skreiv til Waldemar Brøgger igjen, fekk eg ei stor overrasking. Eg fekk som svar at det saman med dei allereie kjende breva, i Brevsamling 222, også låg ein konvolutt med brev til Poul Andræ klausulerte fram til 2012. Nasjonalbiblioteket opna no denne konvolutten og katalogiserte han som Brevs. 222a. Med det same blei breva digitalisert. Dei omtalte breva var med andre ord dukka opp.

Både i Hertzbergs merknader og Andræs testamente var det gjort klart at breva skulle destruerast. Så skjedde ikkje, i staden hadde antikvarbokhandlaren Otto Lind i København fått tak i breva. Den 27. mars 1939 skreiv han til det norske Riksarkivet og tilbaud seg å selja breva.NB Brevs. 222a, Otto Lind til riksarkivar Asgaut Steinnes, 27.03.1939. Sidan Riksarkivet hadde ein politikk om ikkje å kjøpa inn denne typen private dokument, hamna breva i staden på Universitetsbiblioteket i Oslo. I 1947 var Halvdan Koht ein av tre personar som fekk lesa breva. Ein notis datert 22/11 1971 seier at breva ikkje skal opnast igjen før hundre år etter Hertzbergs død, altså i 2012. Manuskript- og brevsamlingane ved Universitetsbiblioteket gjekk formelt over til Nasjonalbiblioteket i 1999.

Mot alle odds hadde altså breva frå Hertzberg til Andræ overlevd. Det kan innvendast mot denne publikasjonen at dei er av svært privat og til dels intim karakter, og at Hertzberg sin eigen intensjon var at breva skulle brennast. Samtidig er det no 110 år sidan Hertzberg sin død (og 94 år sidan Andræs), og synet på homoseksualitet har endra seg dramatisk sidan den gongen. Breva sin kjeldeverdi er svært høg; dei stammar frå ein periode då me veit veldig lite om den skeive historia. Dei er ei kjelde til mange ting: til Hertzbergs oppfatning av eigen seksualitet og til den verda av likekjønna relasjonar han oppsøkte både i Noreg og utanlands.

Sjølve breva blir i det følgjande presentert med eit omfattande noteverk, men eg vil her først gå inn på nokre tema, hendingar og personar som er nemnt i dei.


Poul Andræ

Først litt om Poul Andræ. Han var son av stats- og finansminister C.G. Andræ, og hadde slik ei privilegert oppvekst i den danske politiske og kulturelle eliten i København. Han var nokre år eldre enn Hertzberg, og utdanna seg som han til jurist. Då dei første bevarte breva frå Hertzberg blei skrivne, var han amtsforvaltar i Skanderborg på Jylland, men to år seinare, i 1894, flytta han til København. Her jobba han med ein biografi om far sin i fleire band, som kom ut i tidsrommet 1897–1912, og gav mellom anna også ut dagbøkene til mora.

Karl Peder Pedersen viser i sin biografi korleis Andræ tidleg kjende seg tiltrekt av andre menn, og korleis han orienterte seg for å gi dette meining. Det var møtet med den nye psykiatriske, sexologiske kunnskapen som fekk det heile til å gå opp. Han såg seg sjølv som ein typisk medfødd «kontrærseksuell», slik det var beskrive mellom anna hos Krafft-Ebing.

Korleis kom så Andræ og Hertzberg i kontakt med kvarandre? Det veit me ikkje nøyaktig, men kanskje hadde Andræ lese om han og skandalen i danske Social-Demokraten i 1886?Pedersen 2021, 147. Sannsynlegvis var kontakten mellom dei etablert innan 1890. Det er også bevart to postkort og to brev frå Poul Andræ til Ebbe Hertzberg, det første av dei er frå 1891 (Pedersen 2021, 147). Tre av desse er også ein del av Brevs. 222a på Nasjonalbiblioteket.Desse tre breva låg opphavleg i Hertzberg sine papir på Riksarkivet, men blei i 1939, i samband med kjøpet av breva frå Hertzberg, oversendt Universitetsbiblioteket. Dette tyder på at korrespondansen mellom Hertzberg og Andræ har vore ein god del meir omfattande enn det som er bevart. Ingen av desse breva frå Andræ er inne på temaet homoseksualitet, noko som vel er grunnen til at Ebbe Hertzberg tok vare på dei, og desse breva frå Andræ er ikkje med i denne kjeldeutgåva.

I tillegg til ein felles sosial og fagleg bakgrunn hadde Andræ og Hertzberg begge oppsøkt dei fremste psykiatrane på feltet: Poul Andræ skreiv i 1891 til Krafft-Ebing, og fekk som svar at då han lei av ein alvorleg og medfødd kontrærseksualitet, kunne han neppe rekna med å bli kurert.Pedersen 2021, 163. For Krafft-Ebing var Andræ først og fremst eit interessant tilfelle av kontrærseksualitet: «Jeg er et højst fuldstændigt og fejlfrit eksemplar af racen, så jeg blev modtaget som en kostbar skat», skreiv han like etter heimkomsten frå å ha konsultert Krafft-Ebing i Wien.Pedersen 2021, 167. Med seg hadde han ei erklæring om at behandling var nyttelaust i hans tilfelle, og at han på bakgrunn av dei seksuelle anomaliane sine burde bu i ein storby, «hvor der står hjælpemidler til rådighed for hans lidelse».Pedersen 2021, 166. Dette var i tråd med Andræ sitt ønske om å komma seg bort frå Skanderborg og tilbake til København.

Både Ebbe Hertzberg og Poul Andræ fann i den nye sexologiske kunnskapen hjelp til å forstå seg sjølv. Andræ bidrog også sjølv til det legevitskaplege ordskiftet då han i 1892 publiserte ein artikkel i tidsskriftet Bibliothek for Læger.


Nettverk og kontaktar: ei urnisk verd

Historikaren Kevin Dubout har vist korleis også Eugen Wilhelm i Strasbourg – omtrent samtidig som Hertzberg skreiv dei første breva til Andræ – blei ein begeistra tilhengar av Krafft-Ebing. Kontakten med psykiateren, kombinert med at Wilhelm også kom inn i ei «urnisk verd» både i heimbyen og internasjonalt, bidrog til å skapa ei gruppekjensle.Dubout 2014, 19. Krafft-Ebing formidla kontakt med andre homoseksuelle, blant anna stiftarane av WhK, ein organisasjon Wilhelm også sjølv ikkje lenge etter grunnlegginga skulle bli engasjert i.Dubout 2014, 26.

Nettverk mellom likekjønna orienterte menn hadde sannsynlegvis også eksistert i Noreg før 1890-talet, men me veit lite om dette. Me veit at Ebbe Hertzberg kjende både den svenske filosofen Pontus Wikner (1837–1888) og den norske språkforskaren og arkivaren Bastian Anastasius Dahl (1851–1895).Dei var alle tre invitert i eit middagsselskap saman 2. februar 1885, ifølgje ein invitasjon til dette som er bevart (NB Brevs. 304). Wikner hadde i 1879, i eit manus som først blei publisert posthumt i 1971, skrive om si tiltrekking til menn. Frå 1884 til sin død var han professor ved Kristiania Universitet. Dahl blei tilsett som stipendiat same stad i 1885, men året etter mista han denne stillinga «ved indgripen underhaanden av moralens vogtere, paa grund av sit forhold til en last som ikke var ukjendt i antikken», som det heiter i Norsk biografisk leksikon.Smith 1926, 186. Det var altså to liknande saker på universitetet i 1886: Hertzberg og Dahl. Kjeldene seier ikkje noko meir om kva som var bakgrunnen i Bastian Dahl sitt tilfelle, og det kan berre spekulerast i om Wikner, Dahl og Hertzberg diskuterte desse spørsmåla seg imellom.

Det er dermed først og fremst dei breva som her blir presentert, som kan seia oss noko om det urniske nettverket til Ebbe Hertzberg. I tillegg til dei internasjonale impulsane og kontaktane, som WhK-aktivistane Eugen Wilhelm og Ferdinand Karsch-Haack, vitnar også Hertzberg sine brev om eit miljø og eit nettverk i Kristiania. Når han omtalte konkrete personar, brukte han diverre som oftast berre forbokstav, slik at det er umogleg å vita for eksempel kven det var han hadde diskutert den siste utgåva av det tyske homotidsskriftet Der Eigene med i 1903. Ein nordmann som derimot var nemnt med fullt namn, var Emanuel Meyer Leth (1871–1940), ein amtmannsson frå Molde som budde i København og var ein av dei dømde i den såkalla store sedelighetssak i København i 1906–1907.

Intellektuelt var dei tyske impulsane viktigast, men i breva er Hertzberg også inne på Italia som ein slags fristad for urningane.Om Italia og velståande homoseksuelle menn sjå t.d. Arcara 2012 og Aldrich 1993. I den samanhengen nemner han også nokre nordmenn som tidlegare hadde vore i Italia, mellom anna forretningsmannen Jørgen von Cappelen Knudtzon (1784–1854) frå Trondheim. Breva er dermed også ei god kjelde til den rolla Italia spelte for velståande nordeuropeiske urningar. Gjennom fotografia til Wilhelm von Gloeden (1856–1931) – som også Hertzberg skriv om i eit av breva – og andre kunstnariske representasjonar blei særleg Sicilia framstilt som ei uskyldsrein verd av vakre unge menn der restar av den greske antikke kulturen levde. Samtidig må denne fascinasjonen oppfattast som ein slags orientalisme der også utnytting og misbruk kunne finna stad.


Med sexologien mot straff

Synet på homoseksualitet som ein medfødd skavank fekk også konsekvensar for synet på straff. I boka Der Conträrsexuale vor dem Strafrichter (1894) gjekk Richard von Krafft-Ebing sterkt ut mot forbodet som framleis eksisterte i mange europeiske land. Eugen Wilhelm donerte betydelege summar for å finansiera distribusjonen av dette skriftet til dei førande tyske juristane.Dubout 2014, 22–24. Dette var ei tidleg form for aktivisme der dei urniske nettverka og sexologien kunne spela på lag. Metodikken var at ein ønskte å påverka personar med sentrale posisjonar til å sjå homoseksualiteten i eit nytt vitskapleg lys. Dette seier noko vesentleg om perioden, og kanskje særleg om personar av Hertzberg, Andræ og Wilhelm sin bakgrunn og stand – dei var alle høgt utdanna menn frå den akademiske eliten (og alle var juristar). Dei var sosialiserte inn i ei tid og eit system der politikk blei utforma frå toppen og ned, og der meiningane til framståande fagfolk var avgjerande. Også Magnus Hirschfeld sin strategi, summert opp i valspråket hans «gjennom vitskap til rettferd», blir forståeleg på denne bakgrunnen.

Det at Poul Andræ, under psevdonymet Tandem, i 1892 publiserte artikkelen sin nettopp i det førande danske legetidsskriftet, må også forståast i denne samanhengen. Artikkelen hadde tittelen «Den kontrære Sexualfornemmelse. Fragmenter til Oplysning». Føremålet var å presentera den nye sexologiske forståinga av fenomenet og å imøtegå det han meinte var feilaktige opplysningar i ein artikkel psykiateren Knud Pontoppidan hadde skrive.

Hertzberg bad i det første brevet Andræ om å senda fleire særtrykk av artikkelen. Han ønskte den skulle bli lesen av fleire i Noreg, inkludert den nemnde venen og tidlegare kollegaen Bernhard Getz. Fem år tidlegare hadde sistnemnde, i sitt forslag til ny straffelov, foreslått å fjerna forbodet mot seksualitet mellom personar av same kjønn. Getz grunngav dette mellom anna med at det var snakk om ei tilbøyelegheit som syntest å ha sin bakgrunn «dels i enslags seksuel psykisk Misdannelse, dels i en sygelig Tilstand, der fremkalder Abnormiteter i Drifter og Tilbøieligheder, i Kraft af hvile det som for normale Individer er modbydeligt som i høieste Grad naturstridigt, for Pæderasten er naturligt».Sitert frå Jordåen 2010, 127. Han hadde inga tru på at straffetrugselen ville verka preventivt mot ei last som var så sterk og rotfesta. Getz brukte her eit tradisjonelt omgrep, «pederast», som betydde ein mann som hadde sex med andre menn (og som ofte blei brukt om seksualitet mellom vaksne menn og unge gutar), men sjølve innhaldet var tydeleg inspirert av dei nye tankane innan sexologien. Det er vanskeleg å tru at kjennskapen han hadde til saka i 1886, og den kollegiale og venskapelege relasjonen til Hertzberg, ikkje har spelt inn for dette standpunktet.

Getz fekk ikkje gjennomslag for det radikale forslaget sitt, men den nye § 213 i straffelova av 1902, som forbaud sex mellom menn, hadde strenge krav for at det skulle reisast påtale, og kom berre sjeldan til å bli brukt. Slik blei noko av intensjonen til Getz realisert. Hertzberg omtalte ingenting av dette direkte i breva til Andræ, så me veit ikkje korleis han reagerte verken på forslaget frå 1887 eller på den endelege § 213 i 1902.

I tillegg til å prøva å påverka Getz viser det første brevet at Hertzberg også på ein annan måte søkte å opplysa opinionen. Her skreiv han at han ønskte å omsetja Krafft-Ebings Psychopathia sexualis om det var mogleg å finna ein forleggar i København. Etter nokre kritiske merknader frå Andræ om den siste utgåva av boka gjekk Hertzberg bort frå dette.


Ingen sjukdom

Trass i at både Andræ og Hertzberg var inspirert av Krafft-Ebing, var det inga ukritisk omfamning. Breva viser oss korleis dei kritisk «forhandla» med den sexologiske litteraturen. Hertzberg drøfta til dømes Krafft-Ebing sine teoriar sjølvstendig. Han var ikkje ueinig i at homoseksualitet var arveleg, men lanserte ein annan teori om korleis dette konkret gjekk for seg enn Krafft-Ebing. Han brukte eigne observasjonar og erfaringar for å underbygga argumenta sine. Sjølv om Hertzberg var samd med Krafft-Ebing i at homoseksualiteten kunne vera eit resultat av degenerativ arv, hevda han dessutan i eit av breva at homoseksualiteten i seg sjølv ikkje var ein sjukdom.


Faksimile frå det første bevarte brevet frå Hertzberg til Andræ, 15. mai 1892, der han argumenterer for at homoseksualiteten ikkje er ein sjukdom. Eier: Nasjonalbiblioteket, Brevs. 222a.

Faksimile frå det første bevarte brevet frå Hertzberg til Andræ, 15. mai 1892,
der han argumenterer for at homoseksualiteten ikkje er ein sjukdom.
Eier: Nasjonalbiblioteket, Brevs. 222a.

I tillegg til Krafft-Ebing viser breva at Hertzberg også kjende til Karl Heinrich Ulrichs sine skrift direkte – han refererte bl.a. til konkrete passasjar i dei.

Denne omfamninga av sexologien parallellt med ei forsiktig utfordring av han, var ein tendens ein fann i dei urniske nettverka,Dubout 2014, 36. og som kulminerte med organisasjonsdanninga i Tyskland i 1897. I Magnus Hirschfelds forfattarskap blei ideen om ein arveleg, men ikkje-sjukeleg homoseksualitet tatt vidare gjennom teorien hans om dei seksuelle mellomtrinna.


Magnetisme og tiltrekking til unge

Breva viser at Hertzberg stilte seg i stor grad positiv til Andræs artikkel i Bibliothek for Læger; han såg det som ei viktig hending og skraut av Andræ i ein passasje der han på elegant vis, og med «arktiske» metaforar hylla Andræ for å ha «brudt isen her i Norden» og opna for ein meir opplyst debatt.

Men på eitt punkt var Hertzberg særleg kritisk: at urningane ifølgje Andræ berre var interessert i fullt vaksne menn. Her meinte Hertzberg å finna støtte hos Ulrichs, som hevda ei gruppe homoseksuelle – dei han kalla «Männlinge» – var tiltrekt av gutar frå pubertetsalderen og oppover, slik også heteroseksuelle menn kunne foretrekka jenter i same alder.

Det går også klart fram av breva at Hertzberg sin eigen preferanse samsvarer med den gruppa han her beskreiv. Mellom anna skreiv han ein stad om ein elskar som var i ferd med å få «dun under næsen», utan at alderen blir spesifisert. I eit brev frå 1906 skriv han at han hadde «møtt gjensidig kjærleik» i ein 16 år gammal gut frå ein distingvert familie.

Når Andræ så tydeleg hadde prøvd å skilja homoseksualitet frå misbruk av mindreårige gutar, var han inne på eit sentralt punkt i den sexologiske/seksualpolitiske konstruksjonen av homoseksualitet.Resonnementet i dette avsnittet bygger på Fisher og Funke 2019. Likekjønna begjær hadde tidlegare i stor grad vore forstått i ein «hellenistisk» tradisjon med røter tilbake til antikken, der erotiske relasjonar mellom vaksne menn og gutar frå tidleg pubertet og oppover var idealisert. Om slike relasjonar brukte ein uttrykk som «pederasti» og «Knabenschänderei» (skjending av gutar). Homoseksualitetsomgrepet, slik det var definert i sexologien og den tidlege homorørsla, som ein medfødd og varig tiltrekking til personar av same kjønn, oppstod i direkte opposisjon til dette; det var eit sentralt poeng hos både psykiatrar og «aktivistar», som Ulrichs, Hirschfeld – og altså Andræ – at dette ikkje omfatta relasjonar til mindreårige eller prepubertale gutar. Hertzberg sin respons til Andræ kan oppfattast som eit forsvar for den hellenistiske ynglingekjærleiken, men usemja gjekk likevel mest på kor grensa skulle trekkast: Hertzberg meinte at ei gruppe av urningane var tiltrekt av gutar frå pubertetsalderen (13–14 år) og oppover. Han meinte at «elskov til unge mennesker paa 15–16 aar» verken hos hetero- eller homoseksuelle måtte reknast som ein «særlig komplikation». Lova, som i samtida straffa seksualitet med jenter under 14 eller 15 år, burde vera lik for både homo- og heteroseksuelle (lågalderen var på dette tidspunktet ulik i ulike europeiske land, men tendensen var at han blei heva, Storbritannia hadde til dømes heva han frå 13 til 16 år i 1885).Fisher og Funke 2019, 267.

Trass i at Ulrichs, som både Andræ og Hertzberg var sterkt inspirert av, søkte å utdefinera tiltrekkinga til mindreårige gutar frå sin definisjon av homoseksualiteten, stod like fullt det me kan kalla eit «hierarkisk» prinsipp (evt. eit forskjellsprinsipp) sentralt hos han. Urningane, av ulik sort, blei tiltrekt av personar som var annleis enn dei: «Männlingen» av vakre ynglingar, «Weiblingen» av røffe, maskuline menn. Det låg i dette ein modell der ulikskap stod sentralt, og der femininitet og maskulinitet blei sett på som motsetningar. Homoseksualiteten kunne altså ifølgje denne modellen nærmast sjåast som ein spegel av samtidas syn på forholdet mellom menn og kvinner som hierarkiske forhold der ein oppfatta det slik at dei to kjønna var vesensulike både i eigenskapar og makt. Hertzberg samanlikna dette i breva med elektrisitet eller magnetisme: Medan gjenstandar med lik elektrisitet blei støtt frå einannan, blei dei som var lada med motsett elektrisitet tiltrekt av kvarandre. Denne «magnetiske modellen» overførte han på seksuelle forhold: ikkje berre heteroseksualiteten føresette tiltrekking mellom motsetningar, men også homoseksualiteten.

At det likekjønna begjæret hos Hertzberg og hans samtidige blei forstått innanfor slike rammer av magnetisme og ulikskap, viser at også dei som opponerte mot tradisjonelle forestillingar om seksualitet var djupt prega av dei diskursane som rådde i samfunnet. Trass i at Hertzberg ønskte seg eit nytt og meir liberalt syn på den likekjønna seksualiteten, gav han uttrykk for eit svært tradisjonelt syn på kvinneleg seksualitet. Han meinte kvinna sin «hellighed og renhed» blei krenka gjennom heteroseksuelle forhold, og særleg blei han støtt ved tanken på kvinneleg prostitusjon. Interessant nok meinte han desse oppfatningane var hans «umiddelbare naturs udslag»: mens han på eit instinktivt nivå følte avsky ved tanken på heteroseksuelle forhold, og kvinna si deltaking i dette, kunne han på eit intellektuelt nivå sjå det på ein annan og meir fornuftig måte. Det verkar likevel som det tradisjonelle synet på kvinna som «rein» stakk djupt; i eit av breva nemner han korleis han ved eit høve hadde gått fysisk til angrep på «et usædeligt fruentimmer» på gata i Paris. Når det gjeld kvinneleg homoseksualitet seier breva ingenting spesifikt, bortsett frå at det implisitt ligg i korta at fenomenet gjeld både menn og kvinner (og i ei drøfting om arv som årsak til homoseksualitet nemner han både «homoseksuelle døttre» og søner).


Avslutning

Historikaren Harry Oosterhuis sin studie frå 2000 av dynamikken mellom Richard von Krafft-Ebing og pasientane hans, som han til dels hadde omfattande korrespondanse med, viste at sexologien og psykiatrien langt frå berre var eit repressivt regime overfor homoseksuelle.Oosterhuis 2000. Tvert om var det slik at mange såg sexologien som ein alliert, samtidig som dei bidrog med refleksjonar som i mange tilfelle førte til at Krafft-Ebing justerte teoriane sine. Studiar som dei nemnde av Kevin Dubout (om Eugen Wilhelm) og Karl Peder Pedersen (om Poul Andræ) har utvida forståinga vår for dette forholdet mellom dei homoseksuelle – eller urningane, som mange av dei føretrekte å kalla seg – og fagfeltet sexologi. Tilgjengeleggjeringa av breva frå Hertzberg til Andræ er tenkt som eit bidrag til ei vidare utforsking av dette.

Utover på 1900-talet fekk den biologiske, essensialistiske modellen som sexologien og høgt utdanna urningar som Andræ og Hertzberg hadde promotert, gradvis større gjennomslag. I Tyskland skjedde det ei popularisering av denne ideen på 1920-talet gjennom ei talmessig langt større homorørsle enn før. I Noreg var det til samanlikning berre nokre få spreidde røyster som stod for denne tankegangen. I 1932 hevda for eksempel legane Karl Evang og Torgeir Kasa at homoseksualitet i mange tilfelle var medfødd. På bakgrunn av dette gjekk dei inn for at emosjonelt og seksuelt forpliktande forhold mellom to likeverdige partnarar kunne vera «verdige og verdifulle» også mellom personar av same kjønn. Karl Evangs ideal for både homo- og heteroseksuelle forhold var ein egalitær modell; han hadde brodd mot dei gamle «hierarkiske» relasjonane som ein fann i den tradisjonelle ekteskapsinstitusjonen med mannen som overordna, og i prostitusjonen.Jordåen 2020. Evang meinte altså som Hertzberg at homoseksualiten kunne vera medfødd, men skilde seg frå han (og Andræ) gjennom å framheva dei likeverdige forholda; eit brot med den «magnetiske modellen» frå tida rundt hundreårsskiftet, om ein vil.

I 1951 gav den nyss grunnlagde norske homorørsla ut ein brosjyre der dei forklarte krava sine om anerkjenning frå samfunnet. Her skreiv dei mellom anna: «Fordi naturen har skapt oss slik at vi definitivt utgjør et tredje menneskekjønn (‘det tredje kjønn’), må vi forlange å få leve vårt liv slik det er naturlig for oss, så lenge vi ikke dermed direkte skader andre.»Forbundet av 1948 ([1951]), 2. Medan ideen om homoseksuelle som eit tredje kjønn ikkje står sentralt i dag, har tanken om det som noko naturbestemt og medfødd etter kvart slått rot i samfunnet. Ei dominerande oppfatning i dag er at homo- og heteroseksualitet er «legningar» ein er fødd med. («Legning» blei sannsynlegvis ikkje brukt på denne måten før eit stykke ut i etterkrigstida, men interessant nok brukte Hertzberg i eit av breva ordet «støbning».) For å forstå framveksten av denne historisk spesifikke måten å tenka om seksualitet på, kategorisera og klassifisera, må me tilbake til slutten av 1800-talet, der spiren til vår tids seksualitetsforståingar ligg. Breva frå Ebbe Hertzberg til Poul Andræ gir oss eit unikt innblikk i korleis desse tankane først blei formulert og diskutert av to personar som sjølv definerte seg med dei nye omgrepa.

I seinare år har både den biologiske argumentasjonsmåten og ideen om homo- og heteroseksualitet som stabile legningar blitt kritisert av aktivistar og skeiv teori. Med eit større mangfald av identitetar og fleire unge som definerer som skeive utan å knytta det til ei spesifikk legning, ser me kanskje spiren til at seksualitetsdiskursane frå slutten av 1800-talet går i oppløysing.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Brev til Poul Andræ 1892–1912

Breva frå den norske rettshistorikaren, statsøkonomen og politikaren Ebbe Hertzberg (1847–1912) til hans danske ven, juristen Poul Andræ (1843–1928), er eit heilt unikt materiale i norsk samanheng, og gir også i europeisk perspektiv eit svært sjeldan innblikk i korleis to personar ved hundreårsskiftet 1900 oppfatta sitt eige likekjønna begjær i lys av nye omgrep som «homoseksuell», «kontrærseksuell» og «urning».

Tretten av breva frå Hertzberg til Andræ er bevart, og oppbevart på Nasjonalbiblioteket (Brevs. 222a). Breva er her transkribert og utstyrt med forklarande fotnotar av Runar Jordåen ved Skeivt arkiv, Universitetsbiblioteket i Bergen.

Breva sin kjeldeverdi er svært høg; dei stammar frå ein periode då me veit veldig lite om den skeive historia. Dei er ei kjelde til mange ting: til Hertzbergs oppfatning av eigen seksualitet og til den verda av likekjønna relasjonar han oppsøkte både i Noreg og utanlands.

Les mer..

Om Ebbe Hertzberg

Ebbe Hertzberg (1847–1912) var rettshistoriker, statsøkonom, diplomat og politiker.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.