Bladsjå. Dølen om pressa 1858–1870

av Aasmund Olavsson Vinje

Innleiing

«Men eg som maa sjaa paa Bladi, lyt taka […] store Ting i Augnesyn». Slik formulerer Aasmund Olavsson Vinje seg i Dølen nummer 15/II (29.01.1860) under vignetten og tittelen «Bladsjaa», og han peikar på to sentrale sider ved levebrødet han har lagt seg til: Som journalist må ein halde seg à jour og oppdatert på avisene, og ein må gi seg i kast med dei store og krevjande spørsmåla. I dette konkrete tilfellet er det snakk om å løfte blikket i ein pågåande debatt om korleis ein skal stille seg til Ole Gabriel Uelands livsgjerning, men ein kan også skimte eit ideal som er gjennomgåande i mykje av det Vinje skreiv om pressa, nemleg at journalisten kontinuerleg skal utfordre offentlegheita og dei andre avisene. Grunntanken er langt på veg som følgjer: Den opplyste journalisten kan føre samfunnet vidare gjennom ei sjølvstendig stillingstaken til viktige emne i samtida.

Ein av arenaene der Vinje både såg «paa Bladi» og tok «store Ting i Augnesyn», var i artiklane som fekk overskrifta «Bladsjaa». Det var ei spalte som dukka opp for første gong i det tredje nummeret av Dølen (07.11.1858), og for siste gong i nummer seks av den åttande og siste årgangen (06.02.1869). Spalta gjekk som eit attkjenneleg innslag gjennom dei åtte årgangane av Dølen (1858–1870) – i nokre periodar kvar veke, men for det meste med større opphald mellom kvar gong. Desse tekstane var kommentarartiklar som dreidde seg om aviser og avisdebattar, og innanfor dette formatet vart dei andre avisene (både historiske og samtidige) vegne og vurderte etter Vinjes målestokk. Dermed kjem Vinjes perspektiv på journalistikken i samtida fram, og bladsjå-artiklane gir innsikt i pressehistoria slik ho utfalda seg midt på 1800-talet og i Vinjes rolleforståing som journalist.

Som både redaktør og journalist for vekeavisa Dølen følgde Vinje med på den nasjonale så vel som den internasjonale pressa i samtida. Hovudtilgangen på aviser fekk han gjennom kafear og leseselskap, som leseselskapet Athenæum (gjerne kalla Athenæet), skildra av mellom anna Vinje-biografen Vetle Vislie:

Um Fyremiddagen var han anten heime eller på Athenæet, der han trottugt fylgde med i den utanlandske Blad- og Bokavl. Mest las han engelske Revuer, som handsamad halvt populære, halvt vitenskapelege spursmål. (1890, 332)

Sjølv kallar Vinje dette leseselskapet for «Byens lesande Børs» (1/VII, 04.04.1869), og i Dølen finn ein omsette stykke frå aviser som The Times («dette Verdensblad»), Le Monde og Aftonbladet. Ottar Grepstad har peika på at ein finn stykke frå meir enn eit dusin utanlandske aviser omsett i Dølen (2017, 41). Blant dei norske avisene er det særleg Morgenbladet, Aftenbladet og Christiania-Posten han refererer til, og som blir sett på som meiningsdannande. Desse avisene kom alle ut i hovudstaden, og dei sørgde for tilgangen på politiske og kulturelle nyhende på nasjonalt nivå.

Når Vinje så ved gjentekne høve skriv om pressa under overskrifta «Bladsjaa» i Dølen, er siktemåla mange, og ein kan oppdage fleire problemstillingar han stadig vender attende til: Har avisa ein grunntanke eller idé som gjer at ho fyller ei eiga rolle blant alle dei andre avisene? Er avisene lærde eller folkelege nok? Er den politiske kursen stø eller vinglete? Feller dei andre journalistane rettvise dommar om «store» menn? Driv avisene for mykje med injurier og «Personligheder», altså karakteristikkar og uthenging i full offentlegheit? Nokre av synspunkta kan ein kjenne att frå opningsartiklane som han innleia karrieren som hovudstadskorrespondent i Drammens Tidende med i 1851. Den gongen skreiv han, under overskrifta «Journalistiken», først om pressa historisk og ålment, for så å diskutere journalistikken i England, Frankrike, Tyskland, Danmark og Sverige i tur og orden. Deretter blir pressehistoria i Noreg etter 1814 framstilt som ei utvikling frå barnlege «Smaalapper af Blade» til «mere solid Kost», mellom anna (5/1851), og i den siste av dei seks artiklane kjem han til journalisten si rolle, innleia med følgjande velkjende sitat:

Hvad skulde en Journalist være? Han skulde være en Lærer for Folk og Stat. Han skulde staa paa Videnskabens og Civilisationens Høider, hvorfra han kunde overskue det Hele i sin organiske Sammenhæng. Han skulde, saa at sige, føle paa Nationens Puls og som en kjærlig Læge forordne de bedste Mediciner. (6/1851)

Desse vyane for kva ein journalist skal vera og gjera, er også gyldige gjennom bladsjå-artiklane. Avisene må ha kontakt med «Folkets heile Livstanke» og dei må skjøna seg «paa si Tid og dens Krav» for å forsvara plassen sin på avismarknaden. Det er med andre ord framleis «Nationens Puls» ein skal lytte seg fram til for å vera journalist i både namn og gjerning.


Tittel, sjanger og modellar

Sjølve namnet på artiklane, «Bladsjaa», følgjer same ordlagingsmønster som «Fesjaa», som Vinje tok til å kalle landbruksmøta der ein stilte ut husdyr. Tidlegare, i Drammens Tidende (182/1858), hadde han omtala desse som «Nautemøterne». Ei slik utstilling skriv Vinje om i det tredje nummeret av Dølen (07.11.1858) under overskrifta «Fesjaaer, Fruktutstellingar og Landbruksmøter», og dette er det same nummeret som den første spalta med «Bladsjaa» dukkar opp i. Den første bladsjå-artikkelen står altså side om side med (til og med på same side som) staden der Vinje for første gong nyttar ordet «Fesjaa».

Om ordet «Bladsjaa» er meint skjemtefullt frå Vinjes side, ved at han ville stille ut avisene på same måten som ein stiller ut kyr eller hestar, er han ikkje eksplisitt om, men inspirasjon frå fesjået finst i bladsjået. Til dømes blir Morgenbladet framstilt som ei ku som har vore redaktøren Adolf Bredo Stabell «so mjolkegod», og som kjem «dinglande med Bjølla» etter han, men som helst vil attende til det ho er på veg vekk ifrå («drønjande etter den Høysaata, hun gjekk ifraa») – altså tida som opposisjonsavis (5/I, 21.11.1858). Noka direkte oppstilling på fesjåvis er det ikkje snakk om i bladsjåa, men Vinje samanliknar fleire stader avisene med dyr, og han tek gjerne på seg oppgåva med å vurdere kva for avis som er det største nautet. Det var ein tendens til å degradere motstandarar til dyr i offentleg debatt på den tida: Corsaren gjorde det i Danmark, Krydseren gjorde med geitebukken av ein Drammens-korrespondent (altså Vinje), og Vinje svara med same mynt (Haarberg 1985, 156, 159). Degradering til dyr var eit av mange karnevalistiske grep Vinje meir enn gjerne treiv til.

Vidare i Dølen festar tittelen seg, og ein kan forstå det som ein sjangertittel, altså eit fast formular «på ett eller et par ord som anga hvilken type tekst det dreide seg om» (Eide, 2010, 294). Vanlege sjangertitlar i avisene på denne tida var slike som «Utenlandske Efterretninger» (altså utanriksnyhende), «Stortinget», «Bekjendtgjørelser» m.fl. (Eide, 2010, 295). I tillegg kan ein forstå bladsjåa ut frå det Vinje skriv om skilnaden mellom «show» og «exhibition» i Dølen nummer 15/III (24.06.1863). Då rapporterer han heim frå verdsutstillinga i London, og han innleiar med at engelskmennene nyttar ordet show når dei syner fram «Buskap og Reiskap og Avdraatt fraa Jord osv.» (til dømes har dei «cattle-show» og «dog-show») medan ordet exhibition blir nytta når det er «nokot større og gildare» ein stiller ut – «eit Sundagsplagg» i språket. Vinje landar i den samanhengen korkje på «Sjaa» eller «Exhibition», men på det «aalmenne ordet Utstilling» – ein mellomstil. Basert på den utlegginga er sjået nedst blant tre stilnivå, som lågstil knytt til dyra og dyrkinga av jord. I tilfellet med bladsjåa er det fleire stader at det matnyttige blir premiert, som i dommen over Budstikken: «Prisen 3 Ort for heile Aargangen er vel faren, om det so vøre for ein Husmann, som berre siter med ei Ku, 4 Saudir og 1 Gjeit, og om det so vore berre Stykkit «om Husdyrenes Behandling og Forædling,» han fekk, for han vilde hava det atter paa eit Lamb eller tvo, en segja paa ein heil Kalv» (19/I, 27.02.1859).

Sjangeren kan ein på si side finne ein modell for i avisgrunnleggjaren og prentaren Niels Wulfsbergs artikkelserie «Revue af norske Tidender» som gjekk i perioden i 1839–40 i avisa Tiden (som i 1845 skifte namn til Drammens Tidende, og som vart Vinjes boltreplass som hovudstadskorrespondent seks år etter dette namnebytet). På slutten av 30-talet var Wulfsberg i 60-åra, og i artikkelserien la han positive og negative vurderingar av dei norske avisene fram for offentlegheita, med ein generell kritikk av bokprentarredaktørane i samtida, og med kritikk mot den opposisjonelle leia som Morgenbladet (som han sjølv hadde grunnlagt) hadde teke (Eide, 2010, 295). Til liks med i Wulfsbergs «Revue» la Vinje sine positive og negative vurderingar for dagen, men når det gjeld Morgenbladet, er Vinje av ei anna oppfatning enn Wulfsberg. Han saknar tida då Morgenbladet var ei opposisjonsavis, men konstaterer at Morgenbladet blir lese same kva slags line det legg seg på: «Det maa koma som ei Laavedør til mange Hus, anten der no er Vit eller Uvit i det» (9/VI, 19.03.1868).


Hovudopponentar og rolleforståing

Vinjes hovudopponentar – eller dei avisene han særleg diskuterer og kommenterer, men også legg seg ut med – er dei tre dagsavisene Morgenbladet, Aftenbladet og Christiania-Posten. Då Vinje starta opp Dølen i 1858, var Morgenbladet den ærverdige i dette trekløveret, med ei historie som gjekk attende til 1819. Morgenbladet hadde ein lengre periode hatt Adolf Bredo Stabell som redaktør (1831–57) og vore eit opposisjonsblad, men gjekk over til å bli eit høgreorgan med Christian Friele som ny redaktør. Dei to andre avisene, Aftenbladet og Christiania-Posten, var av nyare dato. Aftenbladet (1855–81) var eit direkte framhald av avisa Krydseren (1849–54) og redaktøren heitte Ditmar Meidell, både i Krydser-tida og Aftenbladet-tida. Grunntonen var liberalistisk, og det var ei satirisk-polemisk avis. Christiania-Posten (1848–63) hadde ei stund hatt Ludvig Kristensen Daa som redaktør (frå 1853 til 56) og hatt ein liberal tendens, men avisa skifte redaktør og politisk haldning fleire gonger etter redaktørtida hans. Politisk stod dei andre avisene ein stad mellom konservatisme og liberalisme, men skilja gjekk like mykje mellom om dei var regjeringsvenlege (og såleis eit «Regjeringsblad») eller opposisjonelle (eller «antrande» som Vinje nyttar som avløysarord).

I 1860 starta boktrykkar Christian Schibsted opp avisa Christiania Adresseblad som året etter fekk namnet Aftenposten. Førespelet var at Aftenbladet gjekk over frå Schibsteds trykkeri til Fabritius, noko Vinje kommenterer på følgjande vis: «Naar Hesten verd sprengd elder fær eit Knipp i Foten, kjem han paa Handel; han kann endaa sjaa godt ut, naar det ikki leitar paa, og Seljaren kyter honom upp, so han seer ut som ny» (18/II, 19.02.1860). Årsaka til salet var usemje om eigedomsrettar over avisa, og ettersom Schibsted hadde sett at både Aftenbladet og Morgenbladet gjorde det godt, kasta han sjølv seg inn i aviskampen med ei ny avis som fann rolla si som middelklassen sitt organ (Eide, 2010, 406). Dermed kom Aftenposten ut som endå ei dagsavis i hovudstaden (i tillegg til dei tre andre), og Christiania-Posten måtte etter kvart gi tapt (i 1863). Lagnaden som Christiania-Posten møtte, samsvarar med Vinjes kommentar om tilstanden i avismarknaden (eller for «Blad paa vaart aandelige Tre», som han skriv) nokre år seinare: «det kann ikki vera so mange; her er for arm Grunn til dess. Det er godt, det kann bera eit Par store og so mange mindre» (24/IV, 11.03.1866).

Nok ein runde med nyetablering kom mot slutten av 1860-talet, og Vinje følgjer skipingsplanane til avisene Tiden og Dagbladet frå sidelina årsskiftet 1868/69. Vinje melder ifrå om at Tiden «er tenkt som ei patriotisk og vitenskapeleg Gjerning», medan rykta seier at Dagbladet skal bli «eit Landsblad med ein skarpare uttalad national og folkeleg, og om du vil, oppositionel Tanke en ‘Tiden’» (40/VI, 03.01.1869). Grunnideane til dei to påtenkte avisene kan såleis utfylle kvarandre og betre dynamikken avisene imellom, og Vinje skisserer kva slags nyvinningar det er rom for på avismarknaden:

Eit slikt nytt Blad maa no i desse Tider, om det skal koma fram, vera ein af desse tvo Ting, nemlig anten eit forstandigt Partiblad, eller og finna si Meining i det at vera liksom meiningslaus og lata kver Side fritt koma til Orde og leita etter Sanning igjenom alle Motsetningar som ein fordomsfri Granskare og Vitenskapsmann. Tribunen skal etter det gamle Romerord vera fri, og Magt eller Rikdom eller Frendskap eller Kjenskap maa ikke trenga Sanningsordet fraa den. Daa eg her gjeng ut ifraa, at desse tvo nye Bladredactioner ero fornuftige Folk, som skyna paa si Tid og dens Krav, so tek eg som givet, og dette gjeng fram af alt, at «Dagbladet» vil vera dette eine og «Tiden» det andre. Det høver og til Storleiken deires, at so er, og baade trengst her like myket til.

Han ser føre seg at Dagbladet kan bli «eit rimelegt Oppositionsblad» og stå imot Morgenbladet som «eit likso rimelegt ministerielt og eit Hoforgan», medan Tiden kan fungere som ein overdommar – og ta dei i skole «baade tvo». Men han avsluttar med at det er vanskeleg å spå utfallet, når alt kjem til alt: «Faa no sjaa». Det viser også fasiten etter at planane frå årsskiftet 1868/1869 skulle setjast ut i livet: Tiden vart med tanken og ideen, medan Dagbladet har gått heilt fram til våre dagar.

Vinjes rolleforståing i bladsjå-artiklane er ofte å vera ein pådrivar for meiningsmangfald og mediemangfald – langt på veg i tråd med sentensen om at der alle tenkjer likt, tenkjer ingen. Vinje ordlegg seg slik: «Sams Blad er ein urimeleg Ting. Eit Blad er netup til, for at det kan vera nokot annat en dei andre Blad; for er det ikke det, so er der ingen Grunn for det til at vera til» (52/VI, 28.03.1869). Ja, dersom avisa ikkje har ein grunntanke, klarer ein seg like greitt utan ho: Utan «ein Livstanke, ei Upgaava i Livet, ei Ide» har avisa «ingen moralsk Rett til at liva» (4/VIII, 23.01.1870). Vinje ønskjer seg altså aviser med kvar sin berande idé som er sjølvstendige og sjølvgåande: «Der skal vera ein Grunntanke liksovel i eit Blad som i eit Menneske […]» (6/VIII, 06.02.1870).

Men dette er langt ifrå det same som å meine at alle meiningar bør bli tekne på alvor. Mykje av målsetjinga når Vinje står overfor eit meiningsmangfald, er å nå fram til ei oppklåring. Difor hadde det nok vore lettast å halde seg til éi avis:

Det Heile tykkjest meg no at vera ein so ugreid Hespil, at eg imindsto kvaarki veit att’ elder fram, og eg trur, at det maa vera likeins med dei fleste Lesarar af alle vaare Tidender. Lykkeleg er den Lesaren, som berre leser ei Tidende, so kann han endaa vita nokot vist, endaa han ogso maa koma i Ugreide, dersom det er Morgonbladet, han leser, for dette store Blad, som so mange lesa, maa afspegla det ugreide ogso ved at lata ein Mann skriva so og ein annan so. (51/I, 16.10.1859)

Når Vinje står overfor ein «ugreid Hespil», er målet å løyse opp i hespa, altså i denne bunten av garn som har floka seg, i løpet av bladsjået. Av og til er flokane for store, andre gonger er det lett å melde kven som tek i mist. Det kan vera «denne Aftensbladmannen» eller «Postmannen» (altså Christiania-Posten) eller ein annan, stort sett anonymisert skribent eller journalist. I dei tilfella var nok samtidslesarane med på kven det var snakk om, eller dei hadde ein mistanke, medan Vinje mest legg vekt på å framheve bladet, ikkje mannen bak signaturen.

Avslutningsvis, og sidan bladsjået handlar om å «sjaa paa Bladi», kan ein spørja seg om i kva grad Vinje mest var ein observatør av dei andre, eller om ein også bør sjå på han som ein likestilt aktør i avismarknaden. Eller sagt på ein annan måte: Var han outsideren som såg på «det gode selskap», eller stod han i fektekamp med jambyrdige? Svaret er nok mest det første: Han fekk ikkje dei same salstala som dei andre avisene, og sjølv om ein kan trekkje fram at også Dølen fekk ein slags redaksjon av hjelparar og tok inn tekstar frå mange bidragsytarar (Grepstad, 2017, 39–41), vart vekeavisa Dølen aldri ei etablert avis på line med dagsaviser som Morgenbladet og Aftenbladet. I staden observerte og kommenterte han frå sidelina (og tidvis sette han dagsorden), til glede for dei lesarane som valde å følgje han. Vinjes bidrag i den samanhengen var å vera fyndig og frimodig – ved å halde eit «show» eller sjå over kva dei andre avisene bidrog med av nytt og matnyttig for offentlegheita.


Publiseringshistorie

Vinjes bladsjå-artiklar kom med i utvalet då nynorskfolket sette seg føre å samle Vinjes tekstar mellom stive permar. Ein finn dei allereie i A. O. Vinjes Skrifter i Utval (1883–90) med Vetle Vislie og Halfdan Halvorsen som redaktørar. Dette var eit tideleg krafttak frå Det norske Samlags Forlag si side for å gjera Vinjes omfangsrike verksemd som diktar og journalist tilgjengeleg som lesestoff for ei nynorskrørsle som skulle byggje ein litterær tradisjon og ein skrifttradisjon, og i det fjerde bandet (frå 1887) er det med ein eigen seksjon som heiter «Bladsjaa». I denne seksjonen finn ein ei stor samling av Vinjes tekstar om journalistikk frå Dølen (henta frå til saman 38 nummer av avisa),Tekstane frå dei 38 nummera er i Skrifter i Utval sorterte under til saman 24 overskrifter (i samsvar med Vinjes markeringar av framhald i neste nummer (til dømes gjennom «(meir)» eller «(Framhald)»), eller når han følgjer opp ein tidlegare artikkel). Overskriftene er tilførte av Halvorsen og Vislie som meir informative tilgangar til innhaldet, til dømes: «Vaare Blad og Svenskestriden», «Utanbysblad mot Hovudstadsbladi» og «Morgenbladet i ‘dydig’ Harm paa Norsk Folkeblad». Som oftast er overskriftene ei opplysing om kva for avis(er) det handlar om, i si lengste form på følgjande vis: «Hovudstadsbladi, Morgenbladet, Dagbladet, Aftenbladet, Aftenposten og Intelligentssedlerne». og brorparten av desse tekstane er bladsjå-artiklar. Dermed har Skrifter i Utval fungert som eit referansepunkt og ein eigna startstad i samband med utarbeidinga av denne utgivinga.Seinare samleutgåver er mindre aktuelle som referansepunkt. Sjølv om ein del bladsjå-artiklar også er med i Olav Midttuns samleutgåver Skrifter i Samling (førsteutgåve 1916–21 og språkleg modernisert folkeutgåve 1942–48), står dei ikkje der som ein eigen seksjon, men kronologisk blant andre bladstykke frå Dølen.

Praksisen i Skrifter i Utval har gått ut på å samle Vinjes tekstar om journalistikk under same tak, og dei har nytta den overskrifta Vinje som oftast nytta då han skreiv om journalistikk – «Bladsjaa» – som tittel på den seksjonen.I merknaden til utvalet skriv redaktørane at ein også i andre band finn tekstar om journalistikk: «I 1ste Bandet finst av Stykke, som handlar om Bladlitteraturen: Ved Nyaar 1859 (S. 46), Morgenbladet og Dølen (S. 90), Lørdags-Aftenblad (S. 371) og fl.» (bd. 4, 1887, 582). Men det er altså ikkje alle tekstane i Skrifter i Utval som har tittelen «Bladsjaa» frå Vinjes hand (fordelinga på det punktet er 27 av 38), og det er heller ikkje slik at utvalet er uttømande. Ved ein gjennomgang av heile Dølen, dukka det opp fem tekstar til med «Bladsjaa» som tittel som ikkje var inkluderte av Halvorsen og Vislie. Dermed er det faktiske talet på bladsjå-artiklar 32 (altså 27 + 5) – mot dei 38 som står i A. O. Vinjes Skrifter i Utval.

Målet med denne utgivinga har vore – til glede for alle med ei interesse for pressehistorie – å samle og publisere den spalta som hadde «Bladsjaa» som sjangertittel. Dette er første gong dei 32 blir gitt ut samla, og det er eit stort skritt frå Skrifter i Utval (som vart trykt med frakturskrift, til liks med Dølen) til antikvatypar og eit søkjevenleg digitalt format – som denne utgåva kan by på. Ønsket har vore å dokumentere og tilgjengeleggjera denne eigne sjangeren med kommentarartiklar som Vinje utvikla i Dølen. Dette skjer i tillegg i form av ei tekstkritisk utgåve.


Tekstkritiske prinsipp og avisoversikt

Dei tekstkritiske prinsippa som har lege til grunn for denne utgivinga, liknar på løysingane i utgivinga av Korrespondentbrev til Drammens Tidende 1851–1859, utført av Nina Evensen og Jon Haarberg. På tilsvarande vis som ved utgivinga av korrespondentbreva til Vinje frå Drammens Tidende er det også berre snakk om éi tekstkjelde, og utgivinga har gått ut på å gjennomføre eit konjekturalfilologisk arbeid. Sjølve tekstetableringa kom i stand som følgje av ei løyving til Det norske språk- og litteraturselskap (NSL) frå Norsk kulturråd. NSL engasjerte studentar til å transkribere tekstane, sidan OCR-lesing ikkje gav noko særleg til utgangspunkt. Arbeidet mitt har dreidd seg om å ferdigstille tekstetableringa gjennom korrekturlesing, og parallelt med dette arbeidet har eg gjort nokre rettingar. Alle dei vesentlege rettingane er med i eit tekstkritisk apparat. Jon Haarberg har vore tilsynsmann frå NSL, og som stødig læremeister og samtalepartnar har han bidrege til at det tekstkritiske apparatet, men også utgåva elles, kunne bli av rett kaliber. I hovudsak dreier rettingane seg om feilstavingar av importord, men det er også snakk om feiltrykk.

Stillteiande rettingar er utførte når det ikkje herskar tvil, til dømes ved omsnudde eller forveksla bokstavar, manglande eller forveksla teikn (hermeteikn, bindestrekar, punktum, komma, diakritiske teikn). Det same gjeld ved blekkflekkar og dårleg trykk. I dei tilfella er det gjort stillteiande rettingar etter det ein med overvegande sannsyn kan fastslå var satsen.

Det som ikkje er retta på – og som er med på å vise fram det faktiske avisproduktet frå den gongen – er alt som illustrerer at Vinje kasta seg over eit nytt skriftspråk, noko som omfatta utprøving og moglege glipptak. Her finn ein slikt som kan sorterast under språklege inkonsekvensar (disse eller desse, end eller en, betste eller beste, ikki eller ikke m.m.); uvande, men frå Vinjes side gjennomførte skriveformer (som Bilthoggar, namnjetne); fornorskingar av skrivemåtar (som Reaktionen, Koncurrent og Føljetonen). Også opplagde feiltrykk som nok botnar i overgangen til eit nytt skriftspråk, både for skribenten og dei på trykkeriet (som et, en, være, væra, Fremferd, gjør), står som dei gjorde den gongen.

Typografiske val som er gjorde, er at framandord og sitatteikn som står i antikva i originalen, står med kursiv. Det same gjeld ved sperringar og feit skrift. Andre val er å gjennomgåande vise Vinjes fotnotar som vanlege notar, og det blir ikkje gjort skilnad på sitatteikn for sitat kontra sitat i sitat (sidan dette ikkje er gjort i stykka).

Det andre settet med kommentarar, som kjem i tillegg til det tekstkritiske apparatet, er kommentarar på personnamn. Sidan Vinje ikkje alltid var treffsikker på stavemåten av namn, og sidan stavemåten også i nokre tilfelle ikkje låg like fast som i dag (jf. innleiinga til Korrespondentbrev til Drammens Tidende 1851–1859), er dette meint som ei hjelp undervegs i lesinga. Då kan ein få opp fullt namn saman med utdanningsveg og/eller yrkesbane. Dermed treng ein ikkje lure på om «L. Daa» er «Medalje-Daae» eller ein annan Daa(e), men ein finn raskt ut at det er snakk om historikaren Ludvig Ludvigsen Daae (som fekk tilnamnet «Medalje-Daae» på grunn av dei mange akademiske prisane han mottok). Med personregisteret i faksimileutgåva av Dølen (i fjerde bandet) og personregisteret i Korrespondentbrev til Drammens Tidende 1851–1859 fanst det på dette punktet gode kjelder som gjorde det lett å finne ut av rette vedkomande i tvilstilfelle. I jakta på galne vinbyggar har Arkivverket vore gledeleg imøtekomande, og for å finne svenske riksdagsrepresentantar har det digitaliserte arkivet til Kungliga biblioteket over svenske dagsaviser vore vegen til innsikt.

Det er ikkje lagt til eit register over kvar dei ulike avisene eller tidsskrifta opptrer ettersom det er mogleg å søkje dei opp i denne utgåva (og ettersom stavemåten av desse ikkje er like usikker som for nokre av personnamna). Dei avisene Vinje refererer til i desse bladsjå-spaltene, er dei følgjande (i alfabetisk rekkjefølgje):

Historiske: Andhrimner, Den Constitutionelle (også kalla Nella), Den norske Tilskuer, Folkets Røst, Granskeren, Krydseren, Statsborgeren.

Norske: Aftenbladet (også kalla Krydser-Aftenbladet), Aftenposten, Almuevennen, Budstikken (også kalla Budstikka), Christiania-Posten (også kalla berre Posten), Christiania Intelligentssedler (kalla Telligensen eller Intelligensen), Dagbladet, Daglige Nyheder, Drammens Tidende, Folkevennen, Friskytten, Illustreret Nyhedsblad (også kalla Nyhedsbladet), Katholsk Intelligentsblad, Norden, Norge, Norsk Folkeblad (også kalla Folkebladet), Rigstidenden (også kalla Rikstidenden, Rigsen eller Riksen), Skilling-Magazin (kalla Skillingmagazinet).

Påtenkte: Noregr, Tiden.

Utanlandske: Aftonbladet (svensk), Fædrelandet (dansk), Göteborgs Handels- och Sjöfartstidning (kalla Götheborgs Handels- og Sjöfartstidning; svensk), Göteborgsposten (kalla Götheborgs-Tidenden; svensk), Illustreret Tidende (dansk), Le Siècle (fransk), Nya Dagligt Allehanda (svensk), The Times (britisk).


Litteratur

Eide, Martin (red. og forf.) 2010. En samfunnsmakt blir til 1660–1880, bd. 1 av Norsk presses historie 1–4 (1660–2010), hovudred. Hans Fredrik Dahl. Oslo: Universitetsforlaget.

Grepstad, Ottar 2017. Vinje-bibliografien. Skrifter av og om Aasmund Olavsson Vinje 1843–2016. Hovdebygda: Nynorsk kultursentrum.

Haarberg, Jon 1985. Vinje på vrangen. Momenter til revurdering av en nasjonal klassiker. Oslo: Universitetsforlaget.

Vinje, Aasmund Olavsson 2018. Korrespondentbrev til Drammens Tidende 1851–1859, utg. Nina Evensen og Jon Haarberg. Oslo: Det norske språk- og litteraturselskap.

Vinje, Aasmund Olavsson 1993. Skrifter i Samling [1916–1921], 6 bd., utg. Olav Midttun (1–5) og Jon Haarberg (6). Oslo: Det Norske Samlaget.

Vinje, Aasmund Olavsson 1882–1890. Skrifter i Utval, 6 bd, utg. Halfdan Halvorsen (1–4) og Vetle Vislie (5–6). Kristiania: Det norske Samlags Forlag.

Vislie, Vetle 1890. A. O. Vinje. Bergen: Bokforlaget.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bladsjå. Dølen om pressa 1858–1870

Spalten «Bladsjaa» dukket opp for første gang i det tredje nummeret av Vinjes avis Dølen (07.11.1858), og for siste gang i nummer seks av den siste årgangen (06.02.1869). Disse tekstene var kommentarartikler som tok for seg aviser og avisdebatter. Som både redaktør og journalist for ukeavisen Dølen (1858-1870) fulgte Vinje med på både den nasjonale og den internasjonale pressen i samtiden.

I denne tekstkritiske utgaven blir alle bladsjå-artiklene for første gang utgitt samlet, redigert av Kristian Lødemel Sandberg, og utstyrt med innledning, tekstredegjørelse, tekstkritisk apparat og navnekommentarer.

Utgaven gis ut av Det norske språk- og litteraturselskap, med støtte fra Norsk kulturråd.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.