Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 169 Herre Per og Gjødalin


Innleiing

Herre Per salar ut gangaren sin tidleg ein morgon, og mor hans spør kva han skal. Herre Per svarar at han har sett ei hind på heia, som han vil jakte på. Mora seier at det nok heller er Gjødalin sonen er ute etter, og ho åtvarar han. Det hjelper lite om han dreg av stad i nyvaska skjorte, den vil bli blodig før han kjem heim, spår ho. Herre Per bryr seg ikkje om åtvaringa og rir til Gjødalins gard. Der sprengjer han dørene og prøver å valdta henne, men ho stikk han til døde med kniven sin:

Gjöðalin riste sin hniv otor arm,
og den in i herre Pers hjarta rann
(Landstad [1853] 1968: 566).

Deretter set ho herre Per på hesten og sender han heim til mora.

Det finst meir enn tjue variantar av denne balladen. «Herre Per og Gjødalin» har tydelegvis vore godt kjend i balladesongarmiljøet i Telemark ved midten av 1800-talet. Fleire av dei sentrale songarane med store repertoar kunne balladen, slike som Bendik Ånundsson Sveigdalen (1780–1865) frå Skafså, Gunhild Kjetilsdotter Sundsli (1781–1869) frå Fyresdal og Olav Olsson Glosimot (1786–1858) frå Seljord. Derimot er «Herre Per og Gjødalin» ikkje kjend utanfor Telemark og er heller ikkje registrert i Norden elles. Tematisk er balladen i slekt med viser om sterke kvinner, som vi har fleire av – deriblant «Heiemo og nykken» og «Kvinnemordaren».

Dei tidlegaste oppskriftene av balladen var det truleg Landstad og Olea Crøger som gjorde i 1840-åra, og Landstads oppskrift etter Olav Glosimot er trykt i Norske Folkeviser (Landstad [1853] 1968: 564–566). Men det var Sophus Bugge som feste dei fleste variantane av «Herre Per og Gjødalin» til papiret. I 1857 var han på besøk hos Dagne Ånundsdotter Lid i Fyresdal (f. 1804, emigr. 1861) og skreiv opp heile 35 balladar etter henne, og i tillegg nyare viser, gamlestev, vers og gåter. Bugge brukte tre av Dagnes tekstar i si eiga samling Gamle norske Folkeviser (1858). Søster til Dagne, Anne Ånundsdotter Homme (1806–1871), song balladar for Bugge ho også, og kunne likeeins «Herre Per og Gjødalin», men berre to strofer (Jonsson & Solberg 2011: 371–374). Det finst fleire melodioppskrifter av «Herre Per og Gjødalin». Såleis skreiv Lindeman i 1861 ned melodien til denne og nitten andre balladar etter Bendik Ånundsson Sveigdalen (Jonsson & Solberg 2011: 537–538).

Utsyn 85




Oppskrift A

TSB D 169: Herre Per og Gjødalin

Oppskrift: 1847 av Jørgen Moe etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS J. Moe 9, 83–87

Oppgjeven tittel: Herrepærs Viise

*

1. Høirer du Herrepær Sonen min
– So aarlig –
Kvi salar du so silde ud gangaren din
– Den Jomfru by æ te Naatte –

2. Derfor Salar eg saa silde ud gangaren min
Eg saag ei Hind paa Heio i sen

3. Derfor salar eg so silde ut gangaren graa
Eg saag ei Hind paa Heio i gaar

4. Du saag ingo Hind paa Heio i gaar
men du agtar deg ti Jøales gaar

5. Du saag engo Hind paa heio i sen
men du agter deg ti Jøale ind.

6. Du hæv ei Skiurte æ kvit som Bein
ho blive blodreje for du kjæm heim

7. Di Skiurte æ rudde e kvit som Krit
ho blive blodreje udaf dit liv

8. Herepær kom seg riands i gaar
Jøales Dynnar va slegne i laas

9. Han banka paa Dyne mæ Finger smaa
Stat op Jøale skrei Lokun ifraa

10. Ingjen Stefne so hev eg lagt
ingi lukker eg ind om Nat

11. Herepær spænde mæ karske Fot
han spænte den Dynne o Naglemot

12. Jøale la seg mæ Stokjen ned
Herepær springe at Vegjen te

13. Agtedeg Herepær de sei eg dig
Jøale hev ein Sølvbonden Kniv

14. Eg hev stai for Børse aa brand
aldrig agtar eg qvindehaand

15. Eg hev stai for Børse aa Piil
aldrig agter eg qvinde Kniv

16. Herepær ha kje haltala ord
for Sølvbondne Kniven i Hjarta stod

17. Jøale gjorest i Haando stærk
ho sætte Herrepær paa sin Hest

18. rie du hit hel rie du dit,
ri alli oftar aa truge deg Viv

19. Herepær kom seg riande i gaar
has Moder uti for hannom staaer.

20. Høir du Herepær Sonen min
Kvi rene der blod oto Ermen din

21. min Hestan va raske paa fire Fod
han slog meg imot ei Linderod

22. min Hestan va raske paa fire Bein
han slog meg imod ei Lindegrein

23. Du tar kje Herepær dylje for meg
men Jøales Knivær hev skore deg

24. Kjære mi Moder du bit min Hest
Kjære min Fader du hente meg Prest

25. Daa den Præsten kom seg for Land
daa gav Herepær up si Aand

*

Under tittelen står det: (Landst. nr. 68)

Etter oppskrifta står det: Ende




Oppskrift B

TSB D 169: Herre Per og Gjødalin

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Dagne Ånundsdotter Lid, Veum, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge m, 54–55 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Hilebrand å Gialill. III

*

1. Hilebrand, Hilebrand, sonen min
– så årleg –
kvi salar du Gangaren din?
– Dæn Jomfru by ho te Notte. –

2. Fordi salar eg Gangaren min,
eg såg ei Hind på Heio i sinn.

3. Du såg ingjo Hind på Heio i sinn,
din Hugjen han stend i Gjialills Kinn.

4. Du reiser i Skjurta kvit som Krist
men hó blí blóutt før du kjem hít.

5. [Du reiser i Skjurta kvit som] Bein
[men hó blí blóutt før du kjem] heim

6. Hilebrand ut av Gari skrei
hans Moder sto atte sine Hendar ho vrei.

7. H[ilebrand] kom seg riands i Går,
Gjialills Dynnar va’ slegne i Lås.

8. Han kl[appa] på Dynni mæ F[inganne] små:
Statt upp Gj[ialill] skrei Lokunn ifrå.

9. Ingjen så hev eg i Stevnar lagt
ingjen så lukkar eg inn um Natt.

10. Hilebrand stende på karsken Fot
spende dæn Dynni o Naglemot.

11. H[ilebrand] H[ilebrand] vokte ditt Liv,
vokte deg for min Kvindekniv.

12. [Hilebrand Hilebrand] vokte deg væl
[vokte deg for mitt Kvinde]svær.

13. Eg heve sta’i fot Byrse å KnivPil
eg ræddast slett ingjen Kvindekniv

14. Gjialill tok upp sin syllbudde Kniv
dæn set ho i Hilebrands unge Liv.

15. Så sveiper ho han i Kåpa blå,
så sete hó han på Gangaren grå.

16. Du helsar heim i din Moders går,
du sei du hev vori i Gj[ialill]s går.

17. Dæ såre gjore hass Hjarta’i Mein
han va døe, før han kom heim.

*

Reinskrift: NFS Sophus Bugge II, 114–115

Sophus Bugge viser til Landstads Norske Folkeviser i strofe 9 og 15. Klammeparentesene er sette inn etter Landstads tekst.

Etter siste strofe i reinskrifta har Bugge skrive: Senere erklærte hun dette Vers for urigtigt.

Sophus Bugge har også ei kortare oppskrift etter Dagne Lid.




Oppskrift C

TSB D 169: Herre Per og Gjødalin

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge o, 28 a–29

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Herepær Herepær sonen min
– so årlig –
kví salar dú so gangaren din.
– Den jomfú bý meg ti nåtti. –

2. Di salar eg gangaren grå,
eg såg ei hind på heió igjår.

3. De va væl kje onno heie-hind
hell Gjøali leikar í hugjen din

4. Di skjurta æ bå tvegji å kvít
blóutte blív hó av deg dregji

5. Herepær kom seg ríand i går,
Gjøalis dynner va’ slegne í lås.

6. Han klappa på dynne mæ finganne små
statt upp G[jøali] skrei lokur ífrå.

7. Ingjó stevna so heve eg lagt,
ingjen so lukkar eg inn um natt.

8. H[erepær] springe på karskean fót
han spennte den dynne tiljar ímót.

9. Han rykkte æ G[jøali] uppi sengji ti seg
– – – – – –

10. H[erepær] H[erepær] vare ditt lív
G[jøali] heve so kvass en knív.

11. Eg hev sta’i fyr byrse, eg hev st[a’i] fyr kniv
eg agtar ingjen kvennmannknív.

12. Eg [hev sta’i fyr] bål[, eg hev sta’i fyr] brand,
[eg agtar] ingjo k[vennmann]hånd.

13. H[erepær] ha kje haltala ór,
fyrr G[jøali]s knív í hjarta stó.

14. Hó tók út sin lindi små,
hó batt íkring H[erepær]s døde-sår.

15. G[jøali] gjórest í håndó sterk,
hó lyfte’n H[erepær] på sin hest.

16. Dú ríe dåAlternativ lesemåte: no av, dú ríe dåAlternativ lesemåte: no heim
dú rí alli oftar å trúge di møy

17. H[erepær] kom seg ríand ígår
hass moder úti fy’ en står

18. H[erepær] H[erepær] sønnen min
kví renne de bló’i ette ermó di.

19. Min heste va karske på fíran fót,
han bar meg unde ei linderót.

20. Dú tar inkje H[erepær] dylje fyr meg
G[jøali]s knívar hev skori deg.

21. Kjære min broder hente meg prest
eg tvílar, at døden ær meg nest.

22. Kjære min syster rei meg upp seng
kjære mi moder følg mig til den.

23. Ljósi blei ‘kje í lofte tendt,
fyrr H[erepær] han hav upp sí ånd.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.